Sniktitt

Golden Axe: Beast Rider

Blodig tidsfordriv

Grip ditt sverd og la det vandre, frå den eine til den andre.

Golden Axe: Beast Rider ser umiddelbart ganske tamt ut. Det er ikkje spesielt pent, dama ser ikkje spesielt bra ut der ho spring, og stemma hennar er ikkje noko å skryte av heller. Det heile framstår med andre ord som ein litt billig produksjon ein godt kan oversjå.

Trailer for Golden Axe: Beast Rider

Vis større

Trailer: Golden Axe: Beast Rider

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • playstation 3
  • golden axe
  • beast rider


Akkurat det blir likevel litt urettferdig. Om ein set seg ned med spelet og ser på kva det eigentleg har å by på, ser ein tydelege kvalitetar. Dette er ikkje meint som noko anna enn eit hakk-og-slå-spel som er enkelt å plukke opp. For det er enkelt, men det har likevel nok tyngde i kampsystemet til at spelet ikkje går i fella, der kvart angrep er ein repetisjon av det førre.

Blokk, parer og slå tilbake

Grunnen til dette er først og fremst at Golden Axe: Beast Rider nyttar eit svært enkelt system for å blokkere angrep. I eit lite nikk til Heavenly Sword, vil forskjellege fiendar angripe med ein aura. Det går i tre forskjellege fargar. Dei mellomsterke angrepa er blå, dei sterke er gule, og i tillegg har vi grøne angrep der du kan reagere akkurat slik du vil. Ved å trykkje på den av bumper-knappane på Xbox 360-kontrollaren (sannsynlegvis L1 og R1 på Playstation 3, men vi har ikkje sett den versjonen) som høver ti kvart av dei to angrepa, vil du blokkere det.

Dette er litt interessant, for dei forskjellege fargane er synleg i god nok tid til at du rekk å blokkere utan problem, med mindre du er i ein svært hektisk kamp sjølvsagt. Om du brukar eit angrep rett etter ei vellukka blokkering, vil du utføre eit motangrep.

Det er ikkje veldig avansert, men det lar deg få lov til å ha det moro umiddelbart, og du treng ikkje trene og trene på vanskelege presisjonskommandoar. Samtidig gjer det deg umiddelbart tilfreds med dine eigne prestasjonar. Du får det til veldig kjapt, og det er klart det er ein unekteleg underhaldningsverdi i å hemningslaust lemleste forskjellege beist.

Blod og innvollar

Har du spelt Conan-spelet til Xbox 360 og Playstation 3 veit du kva du har i vente når det kjem til detaljert lemlesting av patetiske fiendar. Dei er kanskje store og muskuløse, men det betyr ikkje at den lettkledde dama har store problem med å slakte dei ned som ein gal mann på eit slakteri.

Kroppar delar seg i to, blod sprutar, og innvolar flyg i alle retningar. Det høyrest kanskje litt rart ut, men det heile blir litt sjarmerande etter ei stund. Her har vi ei lita og snerten dame med raudt hår, og ho sende det eine macho-beistet etter det andre mot den visse død.

Etter kvart får ho seg eit eldsprutande ridedyr òg, noko som endrar ting på mange måtar. Dyret er litt tregt, men det har ei merkbar tynge til seg som får det heile til å framstå som ganske naturleg. Om det skulle gå for tregt kan du halde inne ein knapp for å ri fortare. Har du først kome deg på ryggen til beistet, kan du svinge med halen og fyre av ein glovarm stråle av eld. Det er jo ganske koseleg.

Du brune vene

Litt mindre koseleg er den vanvittig brune fargepaletten. Alt i dette spelet er brunt. Bakken, fjella, fiendane, dyra, til og med dama er brun. Det einaste som gir litt farge til spelet er det raude håret på heltinna. Raudt hår skal visst nok vere ganske sexy, så vi har i det minste eitt positivt blikkfang.

Les også
Anmeldelse: Golden Axe: Beast Rider

Kor vidt det vil halde seg brunt gjennom heile spelet er ikkje råd å seie heilt enno, men om vi skal døme etter skjermbileta Sega har gjeve ut, er det ikkje usannsynleg. Spelet har likevel nok av spenstige animasjonar for den valdelege heltinna til at du kanskje greier å oversjå ein noko tafatt fargepalett.

Konklusjon

Golden Axe: Beast Rider kan raskt tippe begge vegar. Tjue minutt er ikkje nok til å seie mykje, men det byr på ganske umiddelbar moro. Kampane er artige, og den smarte og intuitive måten motangrepa blir utførte på, gjer spelet lett å få tak på. Spørsmålet er om det held seg oppegåande lenge nok til at du gidd investere mykje av di dyrebare tid i det.

Om spelet utvidar fargepaletten litt utover i spelet, og om kampsystemet utviklar seg i riktig retning etter kvart som du spelar, kan dette lett bli eit underhaldande spel, men noko underverk blir det neppe.

Siste fra forsiden