Grand Theft Auto: San Andreas relanserast på Xbox 360

Det ti år gamle spelet får betre grafikk og støtte for prestasjonspoeng.

I år er det ti år sidan Grand Theft Auto: San Andreas blei lansert på PlayStation 2. Det er ein god grunn til å pusse litt på spelet, og det er nettopp det Rockstar har gjort. Etter å ha lansert ein oppussa versjon av spelet på diverse mobile plattformer i fjor, har dei no stadfesta ovanfor IGN at spelet er på veg til Xbox 360 i ein ny og penare versjon 26. oktober.

Vi har verken skjermbilete eller mange konkrete detaljar om den nye Xbox 360-versjonen, men den vil erstatte Xbox-versjonen som har vore tilgjengeleg via Games on Demand. Sidan dette no er ein full Xbox 360-versjon betyr det at spelet får nokre endringar. Først og fremst vil spelet få hakket betre grafikk, og bli vist i 720p, samt at du vil kunne sjå lengre inn i horisonten. Som med alle andre Xbox 360-spel får San Andreas ein bunke prestasjonar du kan låse opp.

Slik ser Grand Theft Auto: San Andreas ut på mobil.

At vi får ein penare versjon av San Andreas blir sikkert mange glade for, men det store spørsmålet er kvifor Rockstar ikkje har sagt noko om ein PlayStation 3-versjon, eller PlayStation 4, Xbox One, Wii U, for den saks skuld. Tida vil vise om San Andreas blir tilgjengeleg på desse plattformene òg.

Gjenglivet i 1992

I Grand Theft Auto: San Andreas får du ta på deg rolla som gjengmedlemmet Carl Johnson, og får rimeleg frie tøyler til å gjere akkurat det du vil. San Andreas imponerte stort då det kom, og Joachim klinka til med full pot i si omtale:

«Dette er eit av årets mest omfattande spel, og eit spel som vil fengsle deg lenger enn dei fleste. Det er ikkje helt perfekt, men det er det beste GTA-spelet så langt, og per definisjon blir det difor eit av dei beste spela nokonsinne. Løp og kjøp (med mindre du allereie har gjort det).»

Det nyaste spelet i Grand Theft Auto-serien er Grand Theft Auto V. Det spelet fekk òg særs god mottaking her oss hos, sjølv om ikkje alle var like einige i det. I november kjem Grand Theft Auto V til Xbox One og PlayStation 4.

Siste fra forsiden