Grønt lys for Ultima-skaparens neste spel

Shroud of the Avatar kom gjennom Steam-nålauget på berre to dagar.

I fjor vår proklamerte Ultima-skaparen Richard "Lord British" Garriott at han ville finne opp rollespelsjangeren på ny med Shroud of the Avatar. Det var alt 22 322 rollespelentusiastar trengde å høyre før dei sende spelet sigrande gjennom ein Kickstarter-kampanje der Garriott samla inn nesten to millionar dollar.

Sidan den tid har budsjettet auka til 4,8 millionar gjennom vidare folkefinansiering, og sidan juletidene i fjor har dei som har støtta utviklinga fått vere med på å teste spelet gjennom den pågåande utviklinga.

For å få spelet ut til enda fleire rollespelarar dukka spelet for to dagar sidan opp på Steam Greenlight, og allereie no har det fått nok stemmer til å få sin plass på Steam.

Fri til å spele som du vil

Garriott lovar eit kampsystem som krev sin mann.

Shroud of the Avatar kan ved første augekast sjå ut som eit MMO, men det er ei klassifisering som ikkje heilt passar spelet. Om du ikkje likar å spele med andre står du heilt fri til å halde deg langt unna Internett medan du spelar gjennom historia aleine.

Totalt får du tre modusar å velje mellom. Den første er der du spelar aleine, medan du i dei to andre kan velje å spele saman med alle andre i ein open modus, eller du kan velje å utelukkande spele saman med vener. For dei som må ha litt PVP byr spelet på det òg.

Shroud of the Avatar vil bli lansert i fem episodar. I staden for mikrotransaksjonar eller månadlege avgifter betaler du i staden individuelt for kvar episode. Universet er skapt av Richard Garriott og Dragonlace-forfattar Tracy Hickman. Hickman har i tillegg skrive nokre digitale bøker som fortel historia før spelet startar.

Vidare lovar spelet å by på ein spelarstyrt økonomi, samt samt eit klasselaust karaktersystem der du fritt vel korleis du vil byggje opp heltane dine.

Shroud of the Avatar skal etter planen lanserast i løpet av det første halvåret i 2015.

Garriott er ikkje den einaste av gamle rollespelheltar som har gått den uavhengige vegen for å lage spel i nyare tid. inXile viste nyleg dei første glimta av korleis Planescape: Torment-oppfølgjaren Torment: Tides of Numenera vil sjå ut.

Siste fra forsiden