Anmeldelse

Halo 2

"Det er stille før stormen." Det har kanskje ikkje verka slik, Halo 2 har så skyhøge forventningar at det knapt kan samanliknast med noko anna. Likevel, det har vore stille før stormen, du har inga aning om kva som ventar.

Side 1
Side 2
Side 3

To våpen samtidig Ei anna justering som er gjort er at mange våpen no har rekyl. Dette er faktisk ein veldig positiv ting som gjer at ein unngår at våpen blir for kraftige. I Halo 2 kan du bruke to våpen samtidig. Sjå for deg at du har to automatvåpen som begge fyrer av skot i eit intenst tempo. Hadde det ikkje vore for rekylen ville du blitt uovervinneleg mot andre spelarar som kanskje går for eit anna våpen. Sidan du no har rekyl vil du treffe godt med ein gong, men vil gradvis miste fokus på målet ditt. Eit nytt våpen som er ein avart av den klassiske Assult Rifle, er den nye Battle Rifle. Dette våpenet er ikkje like raskt som assult rifla, men du kan fokusere på fiendane, noko som gjer den til ein slags mellomting mellom Assault Rifle og pistolen frå Halo.

Det burde vel ikkje kome som noko sjokk at Halo 2 har fått ei seriøs grafisk oppjustering. Halo såg på ingen måte stygt ut, men dei store detaljane uteblei. Det er kanskje akkurat her den store forskjellen ligg. Det er enormt med detaljar. Frå Master Chief sin nye rustning, til områda du beveger deg i. Det er mykje meir gjennomført, og veldig pent. I tillegg er spelet fullt av ting du kan øydelegge. Kassar som står rundt omkring kan bli sprengt vekk, og det er eit ganske skrekkingytande syn når ein enorm Covenant stormar mot deg og slår vekk alt som er i vegen hans. Det mest imponerande er likevel at sjølv om det er mange på skjermen samtidig, og du har eksplosjonar rundt deg på alle kantar, er det svært sjeldan du merkar at frameraten går ned. Om ikkje det var nok er spelet omtrent fullstendig blotta for lastesekvensar.

Likevel er det grafikken som er Halo 2 si svakaste side, sjølv om det blir eit sterkt ord å bruke. Det er nokre merkelege animasjonar og grafiske feil ute og går, spesielt i dei filmatiske sekvensane. I tillegg ser ikkje auga alltid heilt overbevisande ut. Ein anna ting som oppstår av og til er at visse figurar ser litt merkelege ut i forhold til bakgrunnane. Dette gjeld då spesielt figurar med normal mapping, i forhold til bakgrunnar som ikkje har det. Det blir eit lite kultursjokk. Likevel er dette noko som ikkje påvirkar spelet, og dei ferraste vil i det heile tatt legge merke til det.

Fantastisk lyd Lyden er også i ein klasse for seg sjølv. Halo 2 har den beste lyden i noko spel nokon sinne. Absolutt alt sit som støpt. Har du eit surroundanlegg vil du høyre noko frå alle kantar, og lydane er så overbevisande at du rett og slett trur du er inne i spelet. Alt er betre enn i Halo. Lyden frå våpena høyrest mykje betre ut, og generelle lydeffekter som bevegelsar og eksplosjonar er av ypperste klasse. Ein anna ting som skiljer seg ut er ekstremt overbevisande stemmer til alle involvert i spelet. I likheit med alle andre lydar du vil høyre i spelet, er det ein ting som binder dei saman: realisme. Om hendelsane i Halo 2 nokon gong skulle bli ein realitet, kan du verre sikker på at det er slik det vil høyrest ut.

Musikken i Halo var både mektig og atmosfærisk, og Halo 2 byr på mykje av det same. Bungie har skapt musikk som får deg til å tenke ”Halo” med ein gong du høyrer den. Den er spesiell, og høyrest ikkje ut som musikken i nokon andre spel. Låtutvalet i Halo 2 byr både på nye kreasjonar, og nye versjonar av eldre materiale. Den varierar frå det pompøse som driv adrenalinet til vannvidd, ned til det absurde og nesten forstyrrande. Felles for alle låtene er at dei gir akkurat den same følelsen du får når du spelar. Spring du rundt med rakettkastar og sprenger alt du ser, kan du vere sikker på du har musikk som illustrerar akkurat dette. Er du på ein forlatt base med vind hylande rundt øyra, vil du finne musikk som gir assosiasjonar til noko frykteleg og urovekkande.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden