Heilomvending for dinosaurspel

PlayStation 4-eksklusive Primal Carnage får fleirspelarfokus.

I fjor vår fekk vi vite at gjengen hos Lukewarm Media hadde store planar om å lage eit Primal Carnage-spel eksklusivt for PlayStation 4. Spelet var basert på deira fleirspelarfokuserte dinosaurspel Primal Carnage, men på PlayStation 4 ville fokuset vere på å spele aleine mot dinosaurar i ei opa verd.

Dette konseptet er no historie, får vi vite via ei oppdatering på den offisielle PlayStation-bloggen i dag. Spelet som skulle heite Primal Carnage: Genesis har no fått det nye namnet Primal Carnage: Extinction, har fått nye utviklarar, blir utelukkande eit fleirspelarspel, og blir lansert i løpet av første kvartal neste år på PlayStation 4.

Menneske mot dinosaurar

Er dette eigentleg ein real kamp?

I Primal Carnage: Extinction vil to lag gå til kamp mot kvarandre. Det eine vil bestå av menneske med eit variert utval skytevåpen og klassar, medan det andre vil vere samansett av dinosaurar i ei rekke ulike storleikar og fasongar. Med det ser det ut til at PlayStation 4-utgåva av serien blir ganske lik spelet som har vore ute på PC ei stund.

Grunnen til endringa er at det originale konseptet for Primal Carnage: Genesis blei for ambisiøst for Lukewarm Media. Difor blei det heile lagt på is mot slutten av sommaren i fjor. Utviklinga av spelet blei seinare tatt over av Circle 5 Studios, og dei bestemde seg i staden for å lage ein oppfølgjar til Primal Carnage slik vi kjenner det frå PC.

Om du hadde venta lenge på eit spel som ville la deg spele mot dinosaurar utan å måtte hoppe ut i ei fleirspelarverd er ikkje alt håp ute. Primal Carnage: Genesis er offisielt berre lagt på is, og om lanseringa av Primal Carnage: Extinction går bra, fortel utviklarane at det ikkje er heilt utenkjeleg at Genesis vaknar til live igjen.

Ingen kan påstå det er mange spel på marknaden med dinosaurar. Ved sidan av Primal Carnage har indistudioet SuperCrit jobba ei stund med det opne spelet The Stomping Land. Utviklingsprosessen deira var derimot så langsom at spelet til slutt blei fjerna frå Steam.

Siste fra forsiden