Lanserte nye skjermkort

AMD og Nvidia viste fram produkt i dei mest populære prissegmenta.

EVGA

I desember snudde Nvidia ting litt på hovudet med å lansere RTX 3060 Ti før RTX 3060 kom ut. No stadfestar selskapet at veslebroren er på veg, og me har fått innsyn i spesifikasjonane til det nye kortet.

RTX 3060 er venta å kome på den norske marknaden i slutten av februar, med ein pris på 3600 kroner. Dette blir den mest rimelege inngangsbilletten til strålesporing i Ampere-serien.

Mykje videominne

RTX 3060 er ein direkte etterfølgjar av RTX 2060.

– Nvidia sine skjermkort i 60-klassen har tradisjonelt vore dei mest populære korta for spelarar på Steam, der GTX 1060 har vore på toppen av skjermkortstatistikkane sidan det blei introdusert i 2016, skriv Nvidia i ei pressemelding.

Skjermkortet får 12 GB med GDDR6-videominne, som er to GB meir enn storebror RTX 3080. Det er venta at det skal kome ein Ti-versjon av 3080 etter kvart.

KRAFTIG: RTX 3060 kostar 3600 kroner, og vil sannsynlegvis takle det aller meste i 1080p og 1440p.
Nvidia

Nvidia melder at RTX 3060 får 13 Shader-TFLOPS, 25 RT-TFLOPS og 101 tensor-TFLOPS. Der RTX 3060 Ti har 4864 cuda-kjernar får dette ifølgje rykte 3584, medan det drar 170 watt frå veggen.

Produsenten har lagt fram eit bilete som gir ein viss peikepinn på korleis kortet vil yte med DLSS og strålesporing, men dette bør ein ta med ei klype salt fram til det kjem benchmark-testar frå andre. Det får me nok ikkje før uti andre halvdel av februar.

AMD med konkurrent

AMD-direktør Lisa Su tok òg til scenen på CES for å vise fram deira nye mellomklassekort. Det er lenge sidan Nvidia har hatt så mykje konkurranse i det høgaste prissjiktet som i denne generasjonen, så det blir spanande å sjå om AMD klarar å nå opp i mellomklassen òg.

Su hadde ikkje så mykje konkret å kome med når det gjaldt skjermkorta, men dei viste fram eit bilete av to ulike produkt. Det eine har ei vifte, det andre to. Skal me tru flaumen av lekkasjar og rykte, er sannsynlegvis det siste AMD Radeon RX 6700.

AMD sa ikkje noko anna enn at me kunne vente nye RDNA 2-skjermkort i løpet av første halvdel av 2021, men rykta seier at RX 6700 sannsynlegvis kjem i mars.

Nye gamingberbare

Les også
Test: Fourze GM800

Både Nvidia og AMD drog sløret av sine ferske produkt til gamingberbare. Heile 70 ulike berbare datamaskinar skal visstnok få Ampere-skjermkort frå Nvidia, og dei har lansert heile produktrekkja på ein gong.

Mobilvariantane av RTX 3060, RTX 3070 og RTX 3080 blir tilgjengelege så fort som mogleg, og det er allereie fleire laptop-produsentar som har annonsert nye utgåver av produkta sine.

Nvidia meiner at sjølv RTX 3060 Max-Q skal kunne hamle opp med RTX 2080 Super Max Q, men dei har ikkje gitt oss nokre konkrete tal her. Dei skriv til dømes at RTX 3060 Max-Q «leverer 90 bilete i sekundet med ultra-innstillingar i 1080p», men det er vanskeleg å tolke noko frå utan å vite kva spel dei faktisk har målt i.

Samstundes presenterte AMD ein ny serie av prosessorar til berbare datamaskinar, blant anna ein åttekjerna prosessor i 5000-serien mynta på dei tynnaste gamingmaskinane.

Her er dei nye prosessorane:

NYE PROSESSORAR: Dei mobile prosessorane til AMD har imponert med ein veldig energieffektivitet, og no kjem produsenten med nokre nye variantar.
AMD

Siste fra forsiden