Horizon: Zero Dawn får ei stor utviding

The Frozen Wilds kjem i løpet av året – sjå trailer.

Guerrilla Games sitt storslåtte post-post-apokalyptiske eventyr Horizon: Zero Dawn får ei utvidingspakke i løpet av 2017. Dette blei avslørt på Sony sin E3-konferanse natt til tysdag. Du kan sjå ein trailer for utvidinga over.

Utvidinga heiter The Frozen Wilds, og den ser ut til å by på eit heilt nytt eventyr for vår heltinne Aloy.The Frozen Wilds skal ifølgje Guerrilla Games sjølv tilby oss meir enn ti timar med nytt innhald, der me får utforska eit rike nord for dei områda me fekk oppleva i det opprinnelege spelet.

Nokon nøyaktig dato for utvidinga er førebels ikkje annonsert.

Alt fra årets E3-messe finner du her »

Siste fra forsiden