Hotline Miami 2 må kanskje vente til neste år

Svenskane bak drapsorgien treng meir tid for å finskru blodspruten.

Det ser ut til at vi kankje må vente ekstra lenge på oppfølgjaren til ultravaldelege Hotline Miami. På Twitter skriv dei svenske utviklarane hos Dennaton Games at dei treng hakket meir tid for å finpusse spelet. Etter planen skulle Hotlina Miami 2: Wrong Number ut til forbrukarane i løpet av årets tredje kvartal. No ser det ut til at vi i beste fall får spelet heilt på tampen av året, men det kan lett gli over til 2015.

Dennaton Games lovar at tolmod vil bli løna med eit spel som vil innfri forventningane:

«Vi set stor pris på toldmodet dykkar, og vi lovar å gi dykk alt de har håpa på, og noko heilt anna enn det de har forventa.»

Kontroversar på rekke og rad

Nye blodpølar i Hotline Miami 2: Wrong Number.

Hotline Miami skapte ei rekke reaksjonar då det dukka opp i 2012. I spelet tek du på deg rolla som ein jypling som tek til seg diverse krefter ved å ta på seg forskjellige dyremasker. Deretter spring du rundt og plaffar ned det meste som krype og gå kan i eit blodig inferno.

Oppfølgjaren har allereie før lansering rukke å vekkje sterke reaksjonar grunna ei valdteksscene so utviklarane i ettertid har lova å sjå nærare på.

Då vi tok ein kikk på PlayStation Vita-versjonen av Hotline Miami var vi ikkje akurat imponerte. Espen meinte det heile ikkje var stort meir enn eit monotont og mannevondt maskeradeball:

«Det er ikkje sjeldan at Hotline Miami endrar på sine eigne spelereglar femti forsøk ut i eit nivå, og etter femti dødsfall brukt til å finne ei løysning som kanskje fungerer blir det fort frustrerande og monotont. Då freistar det i staden å ta med seg ei pumpehagle og håpe at du er raskare på avtrekkjaren enn førti tilbakeståande russarar.»

Sjølv om Hotline Miami er tilgjengeleg på PlayStation 3 og PlayStation Vita, er oppfølgjaren berre kunngjort for Windows, Mac og Linux.

Siste fra forsiden