I dette spelet er heltane vanlege folk

I Citizens of Earth tek du på deg rolla som verdas visepresident.

Med Citizens of Earth vil kanadiske Eden Industries ta klassiske japanske rollespel som Earthbound og Suikoden inn i ein ny tidsalder. Her er det ikkje snakk om eit typisk scenario der du skal redde verda med hjelp av eit knippe utvalde heltar. I staden er det heilt ordinære folk som tek på seg den jobben.

Spelet blir i følgje utviklarane ein ny vri på den japanske rollespelformelen der vi får turbaserte kampar, ei stor verd du kan utforske fritt, samt mykje humor. I staden for å presentere spelet med retrografikk i pixel- eller animestil har utviklarane i Eden Industries valt å bruke ein vestleg stil der fokuset er humor.

Fiendane i dette spelet er noko for seg sjølv.

Sjefen over verda

I Citizens of Earth tek du på deg rolla som verdas visepresident, og det blir din jobb å vandre rundt for å finne folk som kan gjere grovarbeidet for deg. I Citizens of Earth kan du rekruttere absolutt alle personane du møter. Dei som ikkje kan rekrutterast er sannsynlegvis fiendar.

Der andre spel byr på krigarar, trollmenn og tjuvar, vil Citizens of Earth i staden by på bakarar, yoga-instruktørar og politimenn, for å nemne noko. I likskap med Suikoden-serien og Pokemon vil du sjølv kunne velje kven du vil skal kjempe i kampane for deg, og dei vil gradvis bli sterkare.

I motsetning til mange av dei eldre japanske rollespela Citizens of Earth hentar inspirasjon frå, vil du ikkje hamne i kamp på tilfeldige tidspunkt. Du kan sjå alle fiendar på kartet, og kan såleis prøve å få til bakholdsangrep. Går du inn i ei gruppe med fleire fiendar vil dei slå seg saman mot deg, og om du skulle møte svake fiendar vil du automatisk slå dei utan kamp.

Eit interessant element i Citizens of Earth er korleis kvardagsheltane dine ikkje berre blir sterkare i kamp etter kvart som du samlar inn erfaringspoeng. I tillegg blir dei betre i jobbane sine. Utviklarane går ikkje i detalj på korleis dette fungerer, men dei fortel at du på denne måten både vil fjerne fiendar frå verda, og gjere verda meir robust.

Citizens of Earth-utviklarane har som mange andre i desse tider valt å ty til Kickstarter for å få finansiert draumen sin. Dei ber om 100 000 kanadiske dollar for å få til det, og har i skrivande stund samla inn omlag 5000.

Citizens of Earth er i utgangspunktet planlagt for Windows, Mac og Linux, men om dei samlar inn nok pengar vil dei lage versjonar for Wii U, 3DS, PS Vita og Playstation 4.

Les også: Amerikansk monsterfotball på Kickstarter Les også: Solid suksess for japansk rollespel på Kickstarter

Siste fra forsiden