– Ikkje installer GTA V-speledisken

Grafikktrøbbel om du installerer begge DVD-platene til Grand Theft Auto V.

I morgon kjem eit av årets aller største spel i sal. Det femte spelet i Rockstars enormt populære Grand Theft Auto-serie fekk full pott hos vår anmelder, som meiner Grand Theft Auto V er heilt i toppsjiktet over tumleplassar i spelmediet.

Spelet kjem på to DVD-plater der den eine er ein installasjonsdisk, medan den andre er ein speledisk. Før du i lykkerus vel å installere begge DVD-platene som kjem med Xbox 360-versjonen av spelet kan det likevel vere lurt å ta det litt med ro. Via Eurogamer får vi i kveld vite at Rockstar åtvarar mot akkurat dette på Twitter.

Grunnen ser ut til å vere at spelet er optimalisert for å hente data både frå DVD-spelaren og harddisken. Om maskina endar opp med å lese alt frå harddisken ser det i følgje Eurogamers Digital Foundry-avdeling ut til å by på grafiske problem sidan alt må hentast får ein plass. Dette kan resultere i at teksturar og objekt dukkar opp seinare enn dei skal.

Fart og spaning i GTA V.

Det er altså ikkje eit stort problem, men noko som kan vere verdt å merke seg før du går i gong. At du sparar tida det tek å leggje inn DVD-plata skadar heller ikkje når ein har hastverk med å kome i gong.

Tidenes dyraste spel

Førre veke slapp nyhenda om at Grand Theft Auto V er tidenes dyraste spel med eit budsjett på heile 170 millionar britiske pund. Dette tilsvarar over 1,6 milliardar norske kroner. Dette gjer spelet så dyrt at det er den nest dyraste underhaldningsproduksjonen gjennom tidene. Rekorden for dyraste produksjon går til filmen Pirates of the Carribean: At World's End som kosta 1,77 milliardar norske kroner.

Grand Theft Auto V kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 i morgon 17. september. Rockstar har enno til gode å seie noko om ein versjon for PC eller neste generasjons konsollar.

Les også: Slik er Grand Theft Auto V-kartet Les også: Grand Theft Auto V-lydsporet blir gigantisk

Siste fra forsiden