Ingen historie i Super Smash Bros.

Smash Bros.-sjefen er lei av YouTube-videoar.

Eit av dei mest etterlengta spela til Wii U og 3DS er det neste spelet i Super Smash Bros.-serien. I desse spela får vi leike oss i spenstige kampar der forskjellige Nintendo-figurar og ein og annan figur frå andre spel bankar laus på kvarandre i eit infernalsk kaos.

Det viktigaste i Smash Bros.-spela er utan tvil kampane, men Super Smash Bros. Brawl kom likevel med historier og lekre filmar som fortalde historia om korleis alle desse figurane enda opp i same univers. Dette blir det derimot slutt på i neste Super Smash Bros.

Link har aldri sett betre ut.

Likar ikkje YouTube

I eit intervju med Famitsu som Kotaku har oversett, fortel Smash Bros.-skapar Masahiro Sakurai at YouTube er den store grunnen til at dei sløyfar historiene:

«Diverre blei filmane vi arbeida hardt med lasta opp på Internett. Du kan berre imponere ein spelar skikkeleg den første gongen han ser ein film. Om spelarane ser desse filmane utanfor spelet vil dei ikkje lenger fungere som løn for å spele, så eg bestemte meg for å droppe dei.»

Sakurai satsar i staden på å dytte nok innhald inn i spelet til at folk ikkje vil bry seg. Spelet kjem til både Wii U og 3DS. Ein av dei store forskjellane mellom spela er at 3DS-versjonen vil by på kamparenaer inspirerte av 3DS-spel, medan Wii U-versjonen vil få arenaer henta ut frå spel til Nintendos stasjonære konsollar.

Super Smash Bros. kjem i sal for Wii U og 3DS neste år.

Les også: Anmeldelse: Game & Wario Les også: Anmeldelse: Super Luigi U

Siste fra forsiden