Intervju

– Mykje stoltheit står på spel

Når gigantar møtast

Street Fighter X Tekken er resulatet av eit meistermøte. Vi har intervjua skaparane.

1: Side 1
2: Side 2

KÖLN (Gamer.no): Sjå føre deg følgjande scenario: Du er journalist. Du er på ei messe, og du har mange avtaler som ofte ligg rygg til rygg. Kvelden før siste dag innser du at to av avtalene dine krasjar fullstendig, og begge er i dine auge like viktige. Den eine byrjar klokka fem, den andre byrjar halv seks. Det verste av alt er at den første av avtalene ligg utanfor messehallane, i eit hotell på andre sida av gata.

To ganske spesielle typar.

All fri tid siste dag blir brukt på å gjere eit forsøk på å stokke om den eine av desse avtalene slik at du kan rekke begge. Det næraste du kjem er å kunne ta den siste av avtalene halv fem i staden for halv seks. Sidan desse halvtimelange avtalene som regel er over litt før tida, høyrest dette ut som det beste alternativet.

Nedanom og heim

Ting går derimot ikkje som planlagt. Avtale du håpa skulle vere litt kortare enn ein halvtime viser seg å strekke ut heile tida. Du har ekstremt dårleg tid! Etter å ha gått frå rommet byrjar du å gå. Du ser på klokka, og aukar farten. Du ser på klokka igjen, tenkjer «faen ta», og byrjar å springe. Du spring gjennom hallane, du spring ned rulletrappa, du spring gjennom ID-kontrollen og ut på gata. Der stoggar du i to sekund for å hugse kvar hotellet ligg før du spring vidare. Du når vegen, trykkjer inn knappen ved overgangsfeltet og får umiddelbart grøn mann. Du spring over vegen, og møter eit nytt overgangsfelt.

Medan du ventar på grøn mann trommar du med føta medan du seier «kom an, kom an, kom an» til deg sjølv. Etter nokre alt for lange sekund blir mannen grøn. Du spring. Over gata, dultar bort i nokre folk, og når endeleg fram til den vanvittig trege svingdøra på hotellet. Du kjem deg inn, tar firsprang opp trappa til andreetasje der du håpar for Guds skuld at pressekontakta di er.

Gull! Han er der, ryddar i maskiner og kablar. Han ser deg, du ser han. Alt er stille. Av ein absurd grunn beklagar han seg fordi du er for sein. Du forklarar situasjon. De hastar begge mot heisen medan han fortel at dei trudde du ikkje kom, og han håpar intervjuobjektet ditt framleis er der. Vel framme ved destinasjonen bankar han på døra, som etter kort tid blir opna.

Yoshinori Ono i sitt rette element.

Du går inn. Anpusten og sveitt etter ein brutal tur gjennom solfylte gater. I ein sofa har to av slåssespel-sjangerens største legender nett opna ein øl kvar. To? Du skulle jo berre møte ein av dei. To?! Dei ser på deg. Du hiv etter pusten, hostar litt, kremtar litt, og ser heilt fullstendig fortapt ut.

I løvehula

Dei ler. Gapskrattar er vel heller ordet, men trass den audmjukande situasjonen presterer dei å ta imot deg med eit varmt smil, og intervjuet med Katsuhiro Harada (Tekken) og Yoshinori Ono (Street Fighter) kan endeleg starte.

– Eg høyrer du kledde deg ut som Chun-Li i går, Yoshinori Ono?

– Hahaha, såg du det?, ler han på en hysterisk, god måte.

– Nei, gikk diverre glipp av det på grunn av andre avtaler.

– Du gjekk sannsynlegvis glipp av ein av dei fem mest interessante hendingane som nokon gong har skjedd i Tyskland, fortel Ono.

– Sannsynlegvis heile verda.

– Hahaha.

– Så, la meg spørje deg: Kor høgt elskar du jobben din (latter), Ono?

Du ser ikkje Harada i denne munduren med det første.

– Dette er berre så naturleg, det er den einaste jobben du nokon gong kjem til å ha. Du kan ikkje oppleve meir, slike ting kan aldri skje igjen. Gårsdagen var sannsynlegvis noko av det mest ydmykande eg har opplevd i heile mitt liv!

– Opprinneleg skulle eg gå med Chun-Li kostymet, men no er eg sjølvsagt glad for at Ono gjorde det i staden. Eg er flau for å i heile tatt å samarbeide med Ono, fortel Harada.

– Hahaha, skrattler Ono.

– Du kan jo gå med Nina Williams-kostymer neste gong.

Begge ler.

– Kostymet hennar er ganske kult, litt sadistisk og sånt, men nei, det har eg absolutt ikkje lyst til å gjere, seier Harada.

Felles lidenskap

– Korleis skjedde dette? Street Fighter X Tekken altså, det ser ut til at de er gode vener, for å seie det mildt.

– Ja, vi har vore vener ganske lenge. Eg har sett han ofte på forskjellige tilstellingar, og vi har hatt mange samtaler opp gjennom åra om korleis vi elskar å lage slåssespel, sjangeren generelt, og å få opp populariteten for den, fortel Harada.

Tekken invaderer Street Fighter.

– Når vi snakka om sjangeren og korleis vi skulle gjere den meir populær hadde vi idear som å låne karakterar til kvarandre, men vi syntest ikkje det ville ha like stor slagkraft som å la seriane stå ansikt til ansikt mot kvarandre, legg Ono til.

Harada fortset:

– Då vi snakka om dette hadde eg laga slåssespel i femten år medan Ono-san hadde vore borte frå sjangeren i ti år før han kom tilbake med Street Fighter IV, så timinga var veldig riktig. Men så snart vi vel å gjennomføre prosjektet kler sjølvsagt Ono-san seg opp som Chun-Li, noko som er så flaut at eg finn ikkje ord.

– Hahaha, ler Ono.

– På den andre sida har fansen ein tendens til å sjå på meg som Heihachi Mishima – den slemme sida – så i nyare tid har forholdet vårt gått nedover, ler Harada.

– Han seier det går nedover, men kom an, i går kveld tilbrakte vi heile natta saman, gapskrattar Ono.

Begge ler igjen.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden