Intervju

Nostalgiens plass i spelmediet

Kvifor er vi så glade i dei gamle spela?

I overflodas tidsalder har dei gamle titlane aldri stått sterkare.

Stefano Tinti, Shutterstock 160521416

Nyleg dukka det opp ein tråd på diskusjonsforumet NeoGAF, der forumbrukarane blei oppfordra til å lage og poste skjermbilete frå nye spel slik dei hadde sett ut dersom dei hadde kome ut på ein eldre konsoll. Tråden er svært underhaldande og interessant lesing. Mange av trådens deltakarar er svært dyktige både når det gjeld å konstruere skjermbilete og å fange den grafiske tidsanden frå ti, femten, tjue år tilbake.

Super Smash Bros SNES slik NeoGAF-brukaren FantasticMrFoxdie ser det for seg.

Men det er meir ved tråden enn brukaranes tekniske talent: Dei beundrande kommentarane frå andre brukarar er nemleg ein svært god illustrasjon av kor viktig nostalgi er for oss gamerar. I fleire innlegg blir det uttrykt eit sterkt ønskje om å kunne spele det aktuelle spelet i den sterkt nedgraderte versjonen som biletet representerer.

Me sjekka inn med RadCrews main man, Jostein Hakestad, leiar av Spillmuseet, Jan Olav Hegvik, samt norske speljournalistars guru, Jon Cato Lorentzen, for å ta ein liten prat om kva nostalgi faktisk betyr for oss som brenn for spelmediet, og kva fenomenet har å seie for bransjen.

Kva er nostalgi?

Men aller først er det kanskje på sin plass å få definert kva sjølve ordet betyr, og kva slags assosiasjonar det gir.

– Nostalgi er luktar, smakar, synsinntrykk, lydar, musikk eller opplevingar som får deg til å tenkje tilbake på opplevingar frå di eiga fortid og rammene rundt dei opplevingane, seier Lorentzen.

– Og så blir dette gjerne filtrert og farga gjennom eit romantisk filter som gjer desse opplevingane meir idylliske og perfekte enn dei eigentleg var.

Hakestad er inne på noko av det same, når han definerer nostalgi som først og fremst ein kjenslerespons:

– Eg tenkjer på det som ein irrasjonell respons til eit minne om noko ein pleidde å like. Eg seier irrasjonell fordi det nostalgiske i mindre grad er knytt til produktets kvalitet enn til nettopp det at ein likte produktet før. Ein liker det no fordi ein har likt det før, fordi det skaper eit godt minne.

Spillmuseets styreleiar Jan Olav Hegvik.

Men nostalgi er òg ein industri, seier Hakestad, med eit tydeleg nikk til spelbransjens stadig sterkare tendens til å gi ut nye utgåver av gamle spelopplevingar.

Jon Cato Lorentzen har arbeida med speljournalistikk lenge.

– For meg som retrogamer er jo nostalgi først og fremst ei positiv greie. Men eg ser jo at det kan ha eit negativt aspekt, der lengselen tilbake til det ein likte før kanskje kan overskygge kreativiteten og viljen til å skape noko nytt.

Les også
Anmeldelse: The Legend of Zelda: The Wind Waker HD

Der Hakestad og Lorentzen kjapt kjem inn på korleis nostalgien tar seg ut inni hovuda våre, kan ein kanskje kalle Hegvik ein slags representant for at nostalgi kan ha eit ganske konkret uttrykk. Ein del av Spillmuseet sin misjon er nemleg å få tak i gamle spelmaskiner og fysiske kopiar av meir og mindre sjeldne spelutgjevingar.

Jostein Hakestad fra Rad Crew.

– Du kan nok godt kalle meg ein purist, seier Hegvik, der han sit føre hyllemeter på hyllemeter med spel, konsollar og andre perler frå spelmediets spede barndom.

– Eg vil spele spel på den maskina det var laga for i utgangspunktet, med tilhøyrande handkontroll. Det er det som gir meg ei komplett oppleving.

Drifta av Spillmuseet, kan Hegvik fortelje oss, går i stor grad ut på å finne fram til det som finst av andre spelnostalgiske eldsjeler her til lands, for så å nytte desse menneskelege ressursane til å dele den gleda som dei sjølv opplever ved retrospel.

– For oss er den ultimate draumen å ha ei faktisk, fysisk utstilling av samlinga vår der folk kan få spele på maskinene.

Trend i tida

Det verkar nærliggjande å påstå at nostalgi, og det å spele på forbrukarane sine nostalgiske drifter, er ein trend som står spesielt sterkt akkurat no. I ei tid der strømming og digitalisering gjer at alt er tilgjengeleg til alle tider, er det rett og slett viktig for folk å kunne gripe til noko kjent og kjært.

Ocarina of Time på 3DS fekk god kritikk, men for Jan Olav Hegvik blei det ei malplassert oppleving. (Bilde: Nintendo)

Innan musikkmediet representerer vinylen sin tilbakekomst kanskje ein slags nostalgisk motreaksjon på den digitale bølgja – sjølv om dette òg har mykje med lydkvalitet å gjere. Men er nostalgi først og fremst ein trend i tida, eller kan ein argumentere for at det å sende salige blikk i retning fortida er ein vedvarande raud tråd i populærkulturen?

– Eg trur nok nostalgi er ein vedvarande faktor i populærkultur, byrjar Hegvik.

– Samtidig ser ein jo for tida fleire nyutgjevingar av gamle spel enn nokosinne før, så det er nok òg eit trendaspekt inne i biletet her.

Sjølv om han som retrogamer har eit hovudsakleg positivt forhold til nostalgi, så kan Hegvik spare seg for ein del av desse nyversjonane:

– Det å spele Ocarina of Time på 3DS eller Wind Waker på Wii U blei litt rart for meg, det var noko som ikkje stemte. Skal ein gi ut eit gammalt spel på nytt, så tykkjer eg ein skal gjere noko meir med det enn berre å gi det eit strøk med HD-penselen. Men nostalgi er jo i stadig større grad ein handelsvare, og spelutviklarane veit å bruke det for alt det er verdt.

Lorentzen peiker på den same tendensen når han påstår at den mest kommersielle delen av nostalgien nok handlar meir om kjøpesterke fokusgrupper enn alskens trendar og raude trådar:

– Dei som var 12 år gamle då Another World kom ut på 90-talet er no over 30, dei har jobb og inntekt, og dei vil dermed kunne bruke pengar på ein ny HD-versjon av spelet. Den same tankegangen går igjen i film- og TV-bransjen. Det blir laga nye versjonar av filmar, TV-seriar og barneseriar frå 80- og 90-talet, fordi fedrane og mødrene som vaks opp med desse gjerne vil oppleve dei på nytt saman med sine eigne barn.

Jostein Hakestad seier seg einig i at det er enkelt å utnytte nostalgi til å tene kjappe pengar, men han trur samtidig at det til ein viss grad handlar om spelutviklarane sine eigne barndomsminne.

Another World kom ut i nyoppussa utgåve for eit par år sidan. (Bilde:

– Dei som er unge spelutviklarar i dag, er jo dei same som sjølv spelte spel då dei var barn på 80- og 90-talet. For mange av dei handlar det nok mindre om kynisme og kjappe pengar enn om eit ønskje om å gjenskape noko som dei sjølv har satt pris på som gamerar.

– For å trekke ein parallell til film: Steven Spielberg og George Lucas gjorde mykje det same på 80-talet. Dei lagde på sett og vis nye versjonar av filmar som dei hadde sett på og likt då dei var unge. No ser ein jo mengder av det ein kanskje kan kalle retrospel som ikkje er retro, som til dømes Shovel Knight, altså spel som baserer seg på gamle spel, men som likevel står for noko nytt, og som dermed ikkje glir inn i rekka av nyutgjevingar og HD-versjonar.

Subjektivt eller kollektivt?

Det sentrale kjenslemessige aspektet her skulle tilseie at me er inne på eit personleg, subjektivt plan, iallfall når det gjeld den utløysande faktoren for ein nostalgisk reaksjon. Men den kollektive og overstraumande responsen i tråden på NeoGAF tyder like fullt på at det finst noko her som går utover det reint subjektive; nostalgi er ikkje nødvendigvis noko me opplever ein og ein og kvar for oss, det er noko me kan dele med andre. Hakestad meiner at det er viktig å understreke internettet si rolle i den kollektive opplevinga av nostalgi.

Shovel Knight er eit retrospel som ikkje er retro, ifølgje Jostein Hakestad.

– Internett har gjort det mogeleg å tekkast nostalgien i større grad enn før, spesielt gjennom YouTube, der du kan finne nesten alt du kan tenkje deg av nostalgi-kicks. Men på den andre sida gjer internett det vanskelegare å skape kollektive referanserammer, nettopp fordi alt er tilgjengeleg til alle tider. Me samlar oss ikkje om det same TV-programmet til same tid lenger, fordi ein kan sjå det programmet kor og kva tid ein vil.

– Men eg meiner heilt klart at det finst ein kollektiv nostalgi. Tenk til dømes på det å blåse inn i ein Nintendo-kassett. Dette er eit minne som er felles for alle som har eigd ein NES eller SNES. Det heng mykje kollektiv nostalgi ved dei første Nintendo-konsollane.

Hegvik, på si side, meiner at sjølv om det finst ting som gir ein felles nostalgisk reaksjon hos mange folk, så er det ikkje til å kome unna at nostalgi først og fremst er ein subjektiv og personleg ting.

– Kva som triggar nostalgien hos folk er etter mi meining fullstendig subjektivt, sjølv om det same inntrykket sjølvsagt kan trigge nokolunde den same reaksjonen hos mange ulike menneske. Me reagerer så forskjellig på ting: Der éin person instinktivt tenkjer på Teenage Mutant Ninja Turtles når han et pizza, kan ein annan person få den same koplinga av å sjå ei rotte, seier Hegvik.

Tredjemann i panelet, Lorentzen, peiker på at notidas spelopplevingar blir stadig meir kollektive – både gjennom at spela føregår online, og at folk i stadig større grad samlar seg på nett for å diskutere og dele spelopplevingar. Han meiner at så lenge det finst grupperingar som har felles referanserammer, så vil det alltid eksistere ein slags kollektiv nostalgi.

– Tenk til dømes på Leeroy Jenkins i World of Warcraft. I utgangspunktet er jo dette ei oppleving som berre dei rundt tjue raiderane som var samla i spelet der og då fekk ta del i. Men seinare, fordi det er delt eit utal gongar på internett, er det blitt eit namn som gir nostalgiske assosiasjonar for hundretusenar av World of Warcraft-spelarar.

– Spel handlar om kjensler

Avslutningsvis spør me dei tre nostalgikarane våre kva slags spelrelaterte opplevingar som utløyser denne irrasjonelle kjensleresponsen i dei sjølv. Lorentzen kan berette at tjue års erfaring som speljournalist har gjort han meir analytisk enn nostalgisk til sinns:

– For meg handlar det mindre om å trigge minne frå eigen barndom, enn det handlar om å sjå mønster og referansar i spelmekanikk og visuelle uttrykk som er henta frå fortida. Eg prøver å forstå korfor noko fungerer, heller enn å mimre om dei mange timane med Ultima på guterommet.

Broken Age fekk Jostein til å hugse på korfor han likte eventyrspel i utgangspunktet.

– Eg har nok likevel eit til dels nostalgisk forhold til spel som bruker element og spelmekanikkar som ein gjerne tenkjer på som «døde»: Todimensjonale plattformspel, top down-strategispel og den slags. Men dette handlar òg om at spelbransjen raser vidare frå trend til trend i altfor høgt tempo, og at det difor er veldig mykje uforløyst potensial i den slags «døde» mekanikkar og perspektiv, seier Lorentzen.

Som general for retrosatsinga til RadCrew meiner Hakestad at det er essensielt at han har eit bevisst forhold til eigen nostalgi, men han meiner likevel ikkje å vere objektiv i spørsmålet.

– For meg handlar spel om kjensler, så det at nostalgi speler ei viktig rolle for meg som gamer er heilt greitt. Nostalgi gjer kvardagen min rikare; når nokon klarer å lage noko som gjer at eg får gode minne frå barndomen, så er jo det fantastisk i seg sjølv. Det som gjer meg mest nostalgisk er nok plattformspel, og til ein viss grad eventyrsjangeren. Broken Age, til dømes, fekk meg til å hugse på korfor eg likte eventyrspel i utgangspunktet.

– Eg opplever faktisk spelrelatert nostalgi av å leike med dottera mi, seier Jan Olav Hegvik med eit smil.

– Ho heiter nemleg Zelda.

Siste fra forsiden