Anmeldelse

Jak 3

Det tredje og siste kapittelet i sagaen om Jak og Daxter sender deg med hovudet først ut i tørre og ugjestmilde ørkenlandskap.

Side 1
Side 2

Mad Max, har du sett den filmen? Det har Naughty Dog, forferdeleg mange gongar. Jak 3 utartar seg som ein hyllest til Mad Max. Etter at Haven City blir smadra av eit angrep frå svært usympatiske Metal Heads, får sjølvsagt Jak og Daxter skulda. Dei blir sendt ut i ørkenen i eksil, men blir plukka opp av ein gjeng ørkenfolk med ein bitter smak for prøver og testar som tilsynelatande pågår i det uendelege. Nei, Jak 3 er ikkje det definitive spelet, men er absolutt eit godt eksempel på korleis eit strålande spel kan fullstendig øydeleggast.

Om du er ny til serien, eller ny til spel generelt, er Jak 3 det siste du bør sjå etter. Du må konstant bevise at du er god nok, at du er verdig, og sjølv om oppgåvene du får i seg sjølv ikkje er spesielt vanskelege, blir dei frustrerande av dårleg planlegging og irriterande delar av spelet som kun kan sjåast på som fatale feil. Noko av det første du må gjere når du finn deg sjølv i ørkenbyen, er å bevise at du kan kjempe i ein arena. Null problem, du har eit våpen, nok ammunisjon, og fiendane dør raskt. Legg til ei plattform som med regelmessige intervallar synk under lava, og mørke krefter som ikkje lar deg bruke våpenet ditt, og du har eit problem.

Unnskyld meg, kven er du? Jak II introduserte oss for Dark Eco, ein substans som har påvirka Jak til det negative. Får han nok av dette stoffet i seg, klikkar han og blir ein berserker utan sidestykke. Han blir sterk i denne tilstanden, men som sagt kan han ikkje bruke våpen. I denne arenan er ikkje det så smart, kvart slag med knyttneven sender ikkje berre fienden ut for kanten på plattforma, men deg også. Resultat? Prøv igjen, igjen og igjen. Det er noko som ikkje er lett å unngå sidan Jak automatisk endar opp i mørk form på denne vesle plattforma.

I Jak 3 er ikkje Jak kun den forbanna personen med ei stygg og mørk side, no får han lyse krefter også, og det blir litt vanskeleg å forstå kva Naughty Dog eigentleg vil med karakteren Jak. Er han ein engel, eller ein halvdemon med ein tendens til å redde verda? Eit interessant tema kanskje, men også eit tema som blir totalt urørt, og endar opp som eit enormt spørsmålsteikn. Dette gjeld ikkje berre Jak, men også andre personar du møter, du ventar på å få vite meir om karakterane utan å få svar, og det endar opp med å følest ganske underutvikla.

Det fortset med testar, men ikkje berre for å bevise kor sterk du er. Det blir ein god del køyring i Jak 3, både med øgler og mekaniska farkostar. Felles for alt er at kontrollen er latterleg. Når du rir på ei øgle er det forståeleg, det er jo eit dyr, og slike har gjerne eigne meiningar om kva dei vil, men i bilen som brått svingar utan ditt samtykke, rullar rundt, og nektar å la seg kontrollere, blir det provoserande. Det er eit ganske tøft utval av køyretøy, frå små og lette bilar, til enorme kjerrer med kanonar. Dei forskjellige bilane har våpen, og desse varierar i takt med størrelsen på bilen. Ein skulle tru det var merkbare forskjellar i fysikken på desse køyretøya, men det einaste som er merkbart er eigentleg farten. Fysikken er omtrent alltid den same.

>

Eit tonn er faktisk ganske tungt Til og med enorme kjerrer med hjul på størrelse med ein elefant trillar rundt som ein ball ved den minste tendens til ustabilitet, og dette blir for dumt. Spesielt gjer det vanskeleg å hamle opp med fiendane som patruljerar ørkenviddene. Fiendane lid av eit ekstremt tilfelle av dårleg intelligens. I staden for å sirkle rundt deg og skyte på deg, køyrer dei i rett linje mot deg, før dei køyrer inn i deg, og blir ståande der. Fysikken på køyretøya sørger for at du rullar rundt og ikkje får det så lett når du prøvar å skyte ned dei som angrip deg. Om du skulle vere så frekk at du prøvar å køyre rundt fiendane kan du vere sikker på at du av ein eller anna grunn mistar grepet på bakken, og byrjar å trille rundt av deg sjølv.

Trass i dette er det dei nye bilane som gjer Jak 3 til ei oppleving som er tidvis underhaldande. Det er ikkje overbevisande i det heile tatt, men av og til er det faktisk ganske moro. Litt av grunnen er at så lenge du ikkje må gjennom kjedelege testar for å bevise at ja, du er rett person til rett tid (som om vi ikkje visste det), byr Jak 3 på oppdrag og ein spelestil som abslutt er i stand til å underhalde. Helst stiller du ikkje store krav til ei god historie og gjennomført handtering. Du føler på ein måte at du aldri gjer noko fornuftig i Jak 3. Du reiser ut på oppdrag (som heldigvis er ganske varierte), og får små bitar av historia no og då, men mesteparten av spelet følest som ein evigvarande kamp for å bevise styrka di gjennom diverse testar. Store spørsmål dukkar opp: Har spelet eigentleg begynt? Skjer det noko vesentleg snart?

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden