Anmeldelse

Jedi Knight II: Jedi Outcast

Kyle Katarn er den tøffaste cowboyen i galaxen, Texas Ranger i verdensrommet, og ein av dei få blant oss som ikkje synest det er nokon stas med slike Jedi-ting. Han hadde nok følt seg meir på plass overskrevs på ein støvete hingst, med ein fire dagar gammal sigarsneip i munnvika. Kyle er tidlegare Jedi, og er ikkje vidare stolt over det.

Side 1
Side 2

Vaklande grafikkmotor
Som i dei gamle Star Wars-filmane kan det til tider sjå ut som om dei same kulissane har blitt brukt om igjen fleire gangar her. På visse område kan du tydeleg sjå kvar teksturane er spleisa saman. Det ser ikkje pent ut. Ei stor grov stripe på tvers av ein fjellvegg vitnar ikkje akkurat om realisme. I tillegg ser mange av teksturane veldig flate ut. Du kan enkelt sjå at det er ein heilt flat vegg med eit motiv på, og det gir på ingen måte illusjonen av rom. Når du bevegar deg ute i naturen, er til dømes fjellveggar noko av det som viser svakheitene til Jedi Knight 2s grafikkmotor best. Kantar er store og grove, og overgangen frå stein til bakke er sjeldan vellukka. I tillegg slit spelet med ein dårleg framerate som gjer det vanskeleg å spele på store og omfattande brett.

På mindre område går det som regel fint, med små tendensar til hakking, men når du kjem inn på svære byområde, og mange ting skjer samtidig, blir det heilt grusomt. Hakking blir det og ein del av når du spelar mulitplayer. Om du manglar ein venn å spele saman med, kan du alltids krige mot datastyrte fiendar, eller bots. Underteikna eksperimenterte litt med forskjellige antal bots. Det første du merkar om du har eksempelvis ti bots, er at det tar katastrofalt lang tid å laste eit brett. Til tider kan ein begynne å lure på om maskina har låst seg. Etter at denne horrible seansen er over, viser det seg raskt at bretta kanskje er litt store. Mykje av tida di vil på visse brett gå med til å springe rundt, leitande etter noko å drepe. Når du først hamnar i ei klynge, og ser ditt snitt til å vise kven som er sjefen, då startar hakkinga. Dette er ikkje Xbox sin feil. Xbox er meir enn i stand til å handtere denne type grafikk. Ansvaret ligg fullt og heilt på hos utviklarane.

Du skal ikkje leite lenge for å finne spel med mykje betre grafikk, der det i tillegg skjer meir på skjermen, som ikkje har hatt problem med hakking. Noko av det som skuffar mest med grafikken i Jedi Knight 2, er filmsekvensane. Dei er rendrerte i spelets grafikk, men i staden for å dra deg inn i universet, skubbar dei deg bort, og fortel deg at du like godt kan sitje ved PC-en din. Som mange sikkert har opplevd med filmsekvensar på PC, så er ofte bildekvaliteten litt lav, med uskarpt bilete og støy. Slik er det i Xbox-versjonen. Ein skulle tru Xbox var ein maskin i stand til å unngå støy, men tydelegvis ikkje i det tilfellet her. Inni mellom får du og filmsekvensar av ein høgre kvalitet. Desse er som regel rendrerte skip som flyr mellom planetar, men det gjer eigentleg alt verre. Her hoppar vi frå støy og tåke, til krystallklar himmel, for så å hoppe tilbake til støy og tåke igjen. Det endar berre opp med å bryte ned samanhengen og får deg til å ønske at der ikkje var filmsekvensar i det heile tatt.

Jedi Knight 2 har heller ikkje lyden heilt på si side. Riktig nok er det flust av kjende og kjære lydar og musikalske perler, men dei fleste lydane høyrest forvrengde ut. Ikkje ein gong lyssabelen har lyden på si side. Det er eit eller anna som manglar, for den skarpe lyden av to sablar som slår mot kvarandre, er der i alle fall ikkje. Eit par festlege augneblink er der riktig nok, eit døme er då eg trakka på ein liten robot, og høyrde eit klagande og lettare irritert pip. Stort sett er det for lite lyd, heile spelet gjennom. Brått kan det verte heilt stille, og ein blir sitjande igjen, undrande på kva som skjedde med musikken.

Konklusjon
Det som øydelegg det som kunne blitt eit veldig bra spel, er byrjinga. Ei lang, kjedeleg og uoriginal innleiing som ikkje akkurat får adrenalinet til å flyte. Det heile er som eit langt, tungt steg tilbake til fortida. Kven vil spele Quake 1 når vi kan spele Halo? Joda, nokre er det som plasserar Quake 1 på trona over alle førstepersons-skytespel, men når ein skal lage eit nytt spel i denne sjangeren, er det vel betre å prøve å overgå dei nyare spela. Jedi-kreftene forandrar på ein del av dette, dei forskjellige eigenskapane du får tilgang til, opnar for nye måtar å spele på. Spørsmålet er berre om det kjem for seint. Når første del av spelet er så utan framdrift og inspirasjon, byrjar ein å krevje mykje, og for min del var ikkje Jedi-kreftene nok til å vekke interessa mi igjen. Når du i tillegg ikkje har moglegheita for å spele over Xbox Live eller system link, er det liten grunn for andre enn Jedi-wannabes å kjøpe dette spelet. Den fullstendige mangelen på fleirpspelar-modus trekker ikkje akkurat opp. I eit spel som dette vil vi ikkje spele ein mot ein, det blir for simpelt. Om du vil vere Jedi for ein dag, og har PC til det, så bør du prøve den versjonen i staden.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden