Jurassic Park: Operation Genesis

Eit under er det kanskje at ingen har tenkt på dette før. Jurassic Park er ein park, ein park som nokon må bygge, og ein park som nokon må vedlikehalde drifta av. Nokon måtte til slutt ende opp med å ta hintet, og her er det: Theme Jurassic Park. For den ivrige simulasjons- og strategi-entusiast vil det kanskje ikkje verke som om Jurassic Park: Operation Genesis (heretter JP:OP) fører så mykje nytt til sjangeren. Du har ein park, du har dine attraksjonar, dine besøkande, og du må sørge for at alt går på skinner. Om ein skal bruke Ian Malcolm sine ord, så er det kanskje ein forskjell på dette spelet og andre liknande spel; attraksjonane dine i andre parkar et ikkje turistane. For å unngå at slike ting skjer må du bygge gjerde og diverse andre sikkerheitsinnretningar som til dømes kamera og strategisk plasserte kanonar.

Om ting skulle gå riktig ille kan du ta til vingene i eit helekopter og skyte ned sinte dinosaurar sjølv. No er ikkje alle dinosaurar kjende for å vere like agressive som ein Tyrannosaurus Rex, derfor har du tre forskjellige typar gjerder. Kvart av desse er tilpassa kor farlege dei forskjellige dinosaurane er. Dei fleste planteetarar treng ikkje kraftige gjerde, så dei svakaste gjerda vil fungere fint. For dei fleste små kjøtetarar fungerar gjerde av medium kvalitet, men for dei riktig store drapsmaskinene bør du punge ut for den kostbare affera det er å kjøpe gjerde av høg kvalitet. Alle gjerda med unntak av den svakaste typen må utviklast i forsknings-avdelinga. Dette er ein av dei viktigaste postane i spelet, sidan du her kan utvikle vaksiner for dinosaurane, og nyttige pengesluk for turistar. Etter kvart som du får fleire dinosaurar, og får opp boder med fristande innhald, vil berømmelsen til parken din stige, før du når det endelege målet; ein fem-stjerners park. For å hjelpe deg med å nå dette målet har du åtte spesialistar på kvar sine felt. Desse er alle kjende ansikt frå filmane, med unntak av ei irriterande dame som berre byr på deprimerande nyheiter og sinte folk som ikkje likar parken din.

Begrensa levetid
Du har fire forskjellige modusar å velje mellom i JP:OP. For å lære dei forskjellige funksjonane i parken din har du ein enkel og grei treningsmodus, der du får ei innføring i kontrollsystemet og alle dei forskjellige elementa ved å bygge ein park. Den viktigaste modusen er nok park-bygging. Her får du bygge din eigen park slik du sjølv skulle ønske det. Alt ned til formasjonen på øya di kan du styre sjølv. Om du skulle trenge eit avbrekk frå park-bygging har du ein oppdragsbasert modus, der du får i oppdrag i alt frå å ta bilder av parken din, til å redde John Hammond frå svoltne kjøttetarar. Problemet med denne modusen er at alle oppdrag foregår på forskjellige pre-genererte øyer.

Hadde denne modusen vore integrert i øya di, hadde det fungert mykje betre, sidan du då ville fått eit betre forhold til parken din, i tillegg til at levetida for parken din hadde blitt lengre. Så snart du har oppnådd ein fem-stjerners park, er spelet så og seie over, og det er eigentleg ikkje meir å ta seg til enn å sørge for at dei dinosaurane du har, er i god form og helse. Det faktum at du ikkje kan ha meir enn 60 dinosaurar, og 100 turistar til ei kvar tid, er heller ikkje positivt. Om du vil ha store flokkar med dinosaurar går det fort utover antalet forskjellige rasar i parken din. Den siste modusen blir tilgjengeleg når du har gjort ferdig alle oppdraga. Dette er ei såkalla ”sandkasse”, der ingen turistar er tilgjengelege, og du kan populere øya med alle dei dinosaurane du vil. Dessverre gjeld grensa ved 60 dinosaurar også her. Å sjå dinosaurar bevege seg fritt vil nok glede mange av dei som har ein liten paleontolog i magen, men etter å ha sett på desse dinosaurane i nokre minutt, blir det fort ganske kjedeleg.

Mange, men like dinosaurar
I JP:OP har du 25 forskjelige rasar å velje mellom. Dessverre er det dårleg variasjon blandt desse. Fleire av rasane tilhøyrer same familie, og på avstand ser dei derfor svært like ut. Du har til dømes fire forskjellige Hadrosaurar, tre forskjellige Ceratopsar, og Stegosaurus har sin gode ven Kentrosaurus med på laget. Dei er veldig like i storleik og form, og ni rasar blir praktisk talt ikkje meir enn tre. Hadde spelet hatt 40 rasar slik Blue Tounge originalt ville, hadde ikkje dette vore noko problem, men nokre av desse artane kunne med fordel ha vore ofra for andre dinosaurar med meir særpreg. Dei dinosaurane som er med, er uansett veldig flotte å sjå på. Ingen kan med handa på hjartet sei at dinosaurar har sett betre ut i eit spel.

Det er ikkje berre kvaliteten på teksturar og modellar som er bra, kreativ animasjon yter mykje i å bringe desse fantastiske dyra til live. Ved å trykke på ein dinosaur vil kameraet låse seg fast til denne, og du kan observere den i nærmare detalj. Ved å låse seg fast til ein stor kjøtetar av typen Achrocantosaurus, kunne underteikna med glede sjå ein dinosaur som gjer det alle normale dyr gjer. Ved ei anledning lente det store dyret seg opp til eit tre for å klø seg litt på ryggen. Treet såg ut som om det skulle kollapse av belastninga når som helst. For ein person som ikkje er spesielt interessert i dinosaurar høyrest dette kanskje litt tamt ut, men auget for detaljar som Blue Tounge har lagt inn arbeidet fortener ståande applaus. Det er greit nok med flotte modellar som går rundt utan mål og meining, men det blir noko heilt anna å sjå dei reagere på miljøet, bevege seg i flokkar, og kjempe om territoriet. Sjølv om teksturane og animasjonane på dinosaurane er veldig bra, så er ikkje resten av spelet av same kvalitet. Bakken har veldig enkle teksturar utan detaljar, og det er ingen skyggar i spelet. Spesielt turistane har svært enkle modellar, utan detaljar. Vatnet ser veldig bra ut, men du må ha eit veldig bra skjermkort for å få denne effekta på PC-versjonen. Om du ikkje har eit monster av ei maskin, kan nokre av dei små dinosaurane bli vanskelege å sjå på avstand, og ting har ein tendens til å bli litt grumsete.

Det største problemet til JP:OP er kanskje den såkalla realismen some er lagt inn i spelet. No er det vanskeleg å seie kva som får eit selskap til å invistere millionar i å lage ein park på ei aude øy langt ute i havet, utsett for naturkatastrofer. Det som skapar problem er at det er du som må lide av dette. La oss sei du nettopp har utvida din park for å oppnå eit realistisk formål. Du vil la alle dinosaurane leve i harmoni. Dette krev ganske store område, og du brukar ein del pengar på å utvide gjerda dine. Du har din Tyrannosaur for å ha ein attraksjon for spennings-søkarar, og du har dine flokkar med forskjellige planteetarar. Etter å ha utvida har du litt lite pengar, men sånt stabiliserar seg etter kvart. Det er då det skjer, før du veit ordet av det får du advarsel om ein virvelvind på veg rett mot parken din. Denne kan sjølvsagt ikkje gå stille forbi i utkanten, neida, den skal rett gjennom dei mest befolka områda av parken og snappar med seg nokre turistar og dinosaurar i slengen.

Etter å ha rasert mesteparten av parken din, sit du der. Du har minus på kontoen, og parken er ingenting anna enn ei slagmark. I tillegg har Tyrannosauren og alle andre dinosaurar fri tilgang på smågodt i form av turistar. InGen er sinte på deg fordi du ikkje avverga katastrofa, og turistane tenker seg ikkje om to gongar for å forlate parken. Å reparere parken tar tid, og pengar, og når du endeleg har fått orden på parken skjer det ein gang til. To virvelvindar på mindre ein ein halv time faktisk speletid er nok meir enn dei fleste kan akseptere. Det er enkelt og greit ikkje moro i det heile tatt. Det er frustrerande, og det er lett å bli forbanna. Ved å gå inn på kartet kan du få fram prognoser for været tre månadar framover, så du kan orientere deg om at slike situasjonar skulle oppstå, men du kan ikkje gjere stort anna enn å spare pengar, for ein virvelvind vil øydeleggje store delar av parken din uansett.

Å bygge ein dinosaur
Når vi først er inne på problem, så er ikkje naturkatastrofer det einaste som plagar dette spelet. Dinosaurar kan døy når som helst, og trass i at du blir opplyst om dødsårsak, er det ikkje alltid like lett å vite kva som fører til at nettopp denne dinosauren måtte bøte med livet. Du får ingen god forklaring i verken manualen eller vegvisaren på korleis du skal ta deg av eit slikt problem, så det er ikkje alltid like lett å vite kva du skal gjere for å unngå at andre dinosaurar lid same skjebne. Om du har gitt dinosaurane dine store område med vatn, planta nok paleo-tre, for å gi dei spesielt tilpassa mat, og plassert ein del fòr-maskiner rundt omkring, blir det litt surt å få beskjed om at dinosaurane dine døyr på grunn av feilernæring.

Ei anna dødsårsak som kan bli eit stort problem er at ikkje ein gong dinosaurar lev evig. Som ein generell regel er det ikkje lurt å ale fram dinosaurar før DNA-rekka deira er på 100%. Når kvaliteten på DNA for ein dinosaur har nådd 50% kan du byrje å ale opp denne rasen, men ved 50% lev ein dinosaur sjeldan lengre enn i eit halvt år. Ved 100% lev dei gjerne opp til fem år. Det er med andre ord lurt å vente med å bygge ein dinosaur til DNA-rekka er god nok til at den vil halde seg i live ei stund. Det er heller ikkje særleg lurt å bygge mange dinosaurar samtidige, om du gjer det har dei ein lei tendens til å døy når økonomien din er på den svake sida. Å miste åtte Triceratopsar er ikkje alltid like hyggeleg.

For å få nye rasar må du finne DNA, dette kan gjerast på to vis, enten ved å sende ut arkeologar, eller ved å kjøpe på dino-marknaden. Alan Grant, som av uforståelege grunnar brått har ein av dei viktigaste posisjonane i heile parken, tar seg av gravinga etter DNA-rike fossil rundt omkring på kloden. For kvar park du bygger får du tilgang fem utgravingar. Når du byrjar med ein ny park, har du kun tilgang på eit utgravingsfelt. Etter kvart som du går opp i gradene for å nå det siste målet, å få ein fem-stjerners park, får du tilgang til nye område, og kan utvide dinosaur-samlinga di. På sine reiser rundt omkring i verda finn Alan Grant fossile dinosaurar, eller rav. Rav har den høgste kvaliteten, men du kan aldri vite kva dinosaur du får. Knoklar er av litt dårlegare kvalitet, men du får til gjengjeld vite kva dinosaur du endar opp med. Som ein tommelfingerregel bør du kun bruke rav når ingen av dinosaurane har nådd 100%, eller står du i fare for å kaste vekk noko som du kunne fått pengar for på dinosaur-marknaden.

Variabel kontroll
Kontrollsystemet har sine positive og negative sider, både i PC-versjonen og Xbox-versjonen. Generelt sett følest det lettare å navigere seg rundt i parken på Xbox, medan menyane er litt vanskelegare å få tak på. Når du går inn på menyen får du opp ein sirkel med åtte ikon. Ikona som ligga vannrett og loddrett er enkle å gå inn på, men når du skal trykke på eit ikon som ligg diagonalt blir det litt vanskelegare. Du må gjerne prøve 2-3 gongar før du kjem inn på det du vil, og sjølv om du blir vandt med dette, er det noko som lett kan bli irriterande. I PC-versjonen er det heile omvendt. Sidan du her har ein muspeikar blir menyane lettare å navigere, medan å bevege seg rundt i parken kan bli eit ork. Kontrollen i PC-versjonen følest vinglete og ustabilt.

Når du skal flytte deg litt rundt i parken har kameraet ein lei tendens til å skli vidare. Dette er forferdeleg, du endar som regel opp i villmarka i staden for ein bestemt stad i parken. Dette blir raskt irriterande sidan du brukar gjerne dobbelt så lang tid som nødvendig på å kome dit du vil. På same måte som med menyane kan du bli vandt med dette og på grei kontroll over parken, men det tek tid og krefter vekk frå spelets positive sider. Sidan du har eit tastatur tilgjengeleg på PC-versjonen, får du dra nytte av snarvegar for alle menyar, dette trekk sjølvsagt opp kva navigering i menyar angår, men for dei fleste vil det viktigaste vere å bevege seg rundt i parken. Sjølv om du på PC-versjonen har alle menyar tilgjengelege ved eit tastetrykk, følest oppsettet på Xbox betre. Her kan du sykle gjennom dei fleste operasjonar ved hjelp av ein knapp eller to.

Når ein har tilgang på musikk skriven av John Whillams, kan ein ikkje tråkke feil på musikksida. Det har heller ikkje Blue Tounge gjort. I spelet har du heile ti originale lydspor frå filmane, i tillegg får du to nye spor laga spesielt for spelet. Desse er ikkje signert John Whilliams, men dei glir fint inn i spelet likevel. Kvar du enn er i parken så er det ein vegg av lydar som møter deg, om det skulle vere dinosaurar, insekt, eller turistar som høyrest ut som sure oppstøyt frå The Sims. Dei dinosaurane som har vore med i filmane har same lydane som før, noko som burde glede tilhengjarar av serien. For alle dinosaurar som ikkje såg dagens lys på den store skjermen, har Blue Tounge designa sine eigne lydar. Desse har like høg kvalitet som dei andre, og bidrar til å skape ei god Jurassic Park stemning. Like god stemning skapar ikkje dei heller middelmådige talenta som set stemmer på personalet i parken. Spesielt Ray Arnold er til å bli gal av når ei katastrofe rammar parken, og han ropar: ”Oh my God, what are we going to do?”. Høyrest kanskje ikkje så ille ut, men sjå for deg eit par variasjonar av denne setninga, uttalt av ein overivrig mann i panikk eit par dusin gongar, og du tar poenget.

Konklusjon
Xbox- og PC-versjonen av Jurassic Park: Operation Genesis er praktisk talt identiske, med små forskjellar. Først og fremst er det kontrollsystemet som er forskjellig. Det har sine positive og negative sider i begge versjonane. Kva versjon du bør velje kjem i første rekke an på kva du foretrekker, mus eller handkontroll, men Xbox-versjonen følest meir solid i utførelsen, først og fremst fordi navigering i sjølve parken er mykje lettare. Om du likte filmane, og dinosaurar generelt har du mykje å hente her. Det er kanskje det ultimate spel for dinosaur-entusiastar. Dinosaurar har aldri sett betre ut i eit spel, solid dinosaur-AI og flotte animasjonar er med på å gjere dette til ein storslagen opplevelse. På den andre sida fører det eigentleg ingenting nytt til ein allereie godt utprøvd sjanger, noko som sannsynlegvis vil få erfarne spelarar til å styre unna. Spelet har sine manglar, det er det ingen tvil om, det er få fasilitetar for turistane, og mange dinosaurar ser like ut. Med litt meir variasjon, både kva fasilitetar og dinosaurar angår, kunne spelet blitt enda betre. Når det er sagt, så er det berre å anbefale dette spelet for alle som likar dinosaurar. Nydelege dinosaurar og eit fantastisk soundtrack gjer dette til eit spel som er vel verdt pengane. Synest du dinosaurar er toppen, har du enkelt og greit ikkje råd til å gå glipp av denne tittelen.

Forsiden akkurat nå

Til toppen