Kickstarter-suksess for indie-JRPG

Soul Saga hentar inspirasjon frå dei store klassikarane.

Soul Saga er noko så ambisiøst som eit rollespel inspirert av japanske klassikarar laga av berre ein person. Mannen bak roret heiter Mike Gale og hoppa av Microsoft-skuta for å prøve seg på nye farvatn. Etter å ha samla inn over tre gongar så mykje som han bad om, ser det ut til at draumen hans kan bli ein realitet.

Gale hentar inspirasjon frå spel som Final Fantasy X, Chrono Trigger og Breath of Fire-serien. Soul Saga blir eit tradisjonelt turbasert rollespel der du følgjer ein gjeng heltar ut på eit større eventyr for å nøste opp i alle problema verda byr på. Spelet vil by på diverse kryder i form av eit luftskip du kan oppgradere, samt eit laug der du kan sende medlemma dine inn i store slag.

Fargerikt blir det.

Verda i Soul Saga har blitt ramma av ei katastrofe som har øydelagt overflata på planeten Oterra. I staden bur folk og fe på ein serie øyer som svevar over planeten. Desse øyene blir beskytta av eit tjukt og farleg skylag som hindrar monstra på Oterra frå å angripe.

Mike Gale ville i utgangspunktet ha 60 000 dollar gjennom Kickstarter-kampanjen sin for å gjere ferdig spelet. Til slutt enda han opp med å samle inn 195 000 dollar, noko som ikkje berre betyr at han vil ha spelet ferdig ein gong til neste år, men òg at han kan lage eit større spel, samt få det ut til fleire plattformer. Totalt vil Soul Saga når det er ferdig dukke opp på Windows, Mac, Linux, PlayStation 4, PS Vita og Wii U.

Les også: Podkast: Er dette tidenes japanske rollespill? Les også: Bravel Default kjem til Europa

Siste fra forsiden