Killer 7-skaper avslørte nytt spel

Satser digitalt

Suda 51 går nye vegar med eit vaksent «shoot 'em up».

KÖLN (Gamer.no): Seint onsdag kveld kunne ein av spelbransjens mest fascinerande personar avsløre nye planar for framtida. Etter at Grasshopper Manufacture (No More Heroes og Killer 7) ikkje slapp eit einaste spel i 2009, innsåg den gjennomført hyggelege sjefen Suda 51 at dette ikkje kunne halde fram. Resultatet blei å satse på å lage spel for digital nedlasting ved sidan av ordinære spel.

Plakat for spelet på Gamescom. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Samarbeid

Saman med det europeiske selskapet Digital Reality vil Grasshopper kome med fleire spel for den digitale marknaden i tida framover. Først ut er Sine Mora, eit sideskrollande «shoot'em up»-spel som både vil vere likt og ulikt R-type og japanske «bullet hell»-spel. Suda 51 la i tillegg vekt på at prosjektet ville ha stor fokus på ei vaksen og moden historie.

Utviklingsprosessen er delt i to, hvor Digital Reality står for gamplay og alle mekanikkar, medan Grasshopper har ansvar for det visuelle, musikken og den overhengande designfilosofien.

Dette er faktisk alt vi veit, sidan ingen ville seie noko meir om kva vi har i vente. Skal vi tru Suda 51 er det ein god grunn til at alle lepper så langt er låste:

– Om eg seier noko meir vil eg garantert bli drept, hehe.

Om du skulle synest det er rart at eit lite europeisk selskap samarbeider med desse høgt respekterte japanarane, vil du ikkje bli klokare om du høyrer grunnen til denne konstellasjonen. Slik fikk Suda 51 kontakt med Digital Reality-sjef Andràs Peller:

– Vi møttest gjennom ei jente på Cupid, og så enda vi opp med å sende kjærleiksbrev til kvarandre i fleire månader, forteller Suda 51 mens han ler.

Sine Mora skal etter planen lande på nettet tredje kvartal 2011, til PlayStation Network og Xbox Live Arcade. Vi kjem tilbake med meir info om samarbeidet så snart vi vet meir.

Siste fra forsiden