Anmeldelse

Kingdom Under Fire: The Crusaders

Ein dråpe iskaldt vatn slår mot panna di, før skyene bryt saman og alt kjem fossande ned samtidig. Du kan sjå noko bevege seg i horisonten, og gir signalet for å opne ild.

Side 1
Side 2
Side 3

La det regne Den største fella Phantagram kunne ha godt i med grafikken til Kingdom Under Fire: The Crusaders har dei galant unngått. Områda er på ingen måte flate. Du finn kanskje ingen store fjell her, men alt er gjort på ein måte som får det til å følest naturleg. Du vil finne høgdeforskjellar i terrenget, skogar og elver, og alt dette vil påvirke kampane. Står du på ei høgde, vil bogeskytarane få bonusar. Står du i ein skog, vil du bli vanskeleg å finne, og om du svømmer i ei elv er du lett bytte. Ein liten detalj som faktisk er ganske positiv er at det kjem dråpar på skjermen om du har vore under vann, eller om det regnar. Det er ikkje mykje, men det gjer underverk for stemniga.

Dette høyrest kanskje litt rart ut, men eg vil absolutt anbefale deg å spele Kingdom Under Fire: The Crusaders på orginalspråket. Du kan velje om du vil ha lyd og tekst på engelsk eller koreansk, noko som er veldig hyggeleg. Grunnen til at du bør velje koreansk er enkel; det høyrest mykje betre ut. I eit spel av denne sorten er det klart at lyd er eit viktig element. Du høyrer noko heile tida, om det er rustningar som klirrar, eller fleire dusin par sko som tråkkar gjennom ein skog. Det er her du vil legge merke til kor mykje betre spelet er på koreansk. På engelsk ropar folk ordre hit og dit, men aldri med kraft. På koreansk derimot, føler du at du er der. Du kan høyre at generalen gir sine ordre, før du nokre sekund seinare høyrer ei stemme i bakgrunnen brøle ut ordra for troppene lengst bak.

Skru opp lyden høgt når du spelar dette spelet, blandinga av krigarar som bryt saman, skrik av smerte, og all den støyen ein forventar frå eit slag av dei dimensjonar vi får oppleve her, er overveldande. Du kan føle rommet gynge når ein katapult sender ei steinblokk i din retning, og det er så mykje lyd overalt at ein nesten blir forvirra. Dette er ein god ting, for samansett med den svært uvanlege musikken er det som å ta adrenalin intravenøst. I staden for tradisjonell symfonisk musikk er det metal som pumpar ut av høgtalarane. Ikkje metal av beste sort, men absolutt i stand til å gjere jobben så snart du har blitt vand med den.

Konklusjon
Der er absolutt ingen tvil. Kingdom Under Fire: The Crusaders er eit av årets aller tøffaste spel. Det er få ting som kan måle seg med den følelsen du får når du brått står der omgitt av fiendar, med dragar flygande over deg. Om du lurer på korleis det hadde vore å vere ein deltakar i ein ekte fantasy-krig, kjem du ikkje nærmare enn dette. Det byrjar sakte og forsiktig, men gir deg meir og meir, og hintar forsiktig om kva som snart kjem om du berre heng med litt til. Når alt brått skjer på ein gong, og du står der heilt aleine i eit hav av stål og blod, blir ein nesten tatt på senga. Krig kan vere gøy, men så sinnssjukt? Gløym Dynasty Warriors, gløym alt anna akkurat no, og kast deg i ilden, med klinga først.

Merk: Vi har ikkje fått testa Kingdom Under Fire: The Crusaders sin fleirspelar-modus sidan det er vanskeleg å finne nokon å spele med.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden