Sniktitt

Kingdom Under Fire: The Crusaders

Har du drøymt om å ha hundrevis av krigarar under din kommando, sveittande i den steikande ørkensola? Ikkje det? Vel, Phantagram prøvar å forandre på det, og i ein spanande vri er ikkje dette eit spel for PC. Strategi på ein konsoll? Kan det fungere?

Side 1
Side 2

God atmosfære Imponerande nok greier spelet å halde ei stødig framerate heile vegen gjennom. Ikkje ein einaste gong i løpet av preview-versjonen vi fikk, har det vore teikn til slapp framerate eller hakking. Dei einaste gongane noko har skjedd har vore i filmsekvensar som er rendrerte ingame. Ikkje noko som påverkar spelet altså. Designen i Kingdom Under Fire er ganske standard fantasy, med menn i ringbrynjer og slanke pene damer i minimal påkledning. Den store forskjellen frå andre spel kjem i form av utføringa. I filmsekvensar arbeider spelet hardt for å overbevise deg om at du faktisk er der. Kameraet er ustødig, sola blendar deg og kastar refleksjonar frå den glinsande huda til mørkalvane, og regnet renn ned over TV-skjermen. Det heile er svært profesjonellt utført med ein openbar fokus på innlemming i Kingdom Under Fire si verd.

Historia blir fortalt både mellom og under slag. Større hendelsesforløp kjem i form av eigne filmsekvensar, men medan du vandrar mot fienden vil dei forskjellige heltane diskutere ting mellom kvarandre. Dei har ikkje nødvendigvis noko interessant å seie, men du får ein større følelse av at krig ikkje nødvendigvis kun inneheld storslagne kampar. Kingdom Under Fire: The Crusaders er enda ikkje oversatt til engelsk, noko som gjer det vanskeleg å sei noko på kor bra denne delen av spelet blir utført. Det nyleg annonserte samarbeidet mellom Phantagram og Voice of the Arts, som til dømes har stått for lyd i filmar som Shrek og Star Wars: Episode I, lovar uansett at det burde bli bra saker. Vi veit ikkje om lydane i preview-koden er permanente, men akkurat no blir det litt repetisjon. Det høyrest litt merkeleg når hundrevis av soldatar har same stemme.

Noko som kunne ha behov for litt ekstra omtanke før lansering er musikken. Den er forsåvidt tøff, men følest litt malplassert av og til. Eller kva seier du til agressive gitarriff medan du rir i kamp? Det er ikkje katastrofe, men nokre pompøse og heroiske verk signert Inon Zur hadde kanskje vore å foretrekke. Likevel er det nokre lyspunkt. Spesielt musikken til dei mørke alvane lovar bra. Seige og behagelege basslinjer som praktisk talt glir ned fjella. Med litt terping kan dette bli riktig bra.

Konklusjon Kingdom Under Fire: The Crusaders kjem til oss i løpet av høsten, og vi forventar eit seriøst pang når det skjer. Det er ikkje ein vanleg tittel, men eit nyskapande og vågalt spel. Dei forskjelliga spelestilane har vi kanskje sett før, men utføringa er spesiell. Først og fremst er det nok Xbox Live-delen som vil skape blest om Kingdom Under Fire: The Crusaders. Som vi alle veit er sanntidsstrategi-spel nokre av dei spela som skapar dei største samfunna på PC-marknaden, og dette ser ut som det perfekte alternativet for Xbox-eigarar. Du har taktikk og strategi, og mykje herleg action. Det kan høyrest ut som det perfekte fleirspelar-spelet. Den eine store mørke skya vi ser i horisonten er denne: Vil det fulle spelet tilby den variasjonen og dei valmoglegheitene som trengs?

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden