Kommentar

Skråblikk: Det store comebacket

Dette er eg rett og slett fullstendig ubrukeleg i

Men kanskje det ikkje gjer så mykje likevel.

Blink. Kulene i magasinet tordnar ut av pistolane til Tracer. Helsebaren til fiendens Ana forsvinn ned til det minst moglege nivået, før ho vender om og sender ei sovepil i trynet mitt.

For fjerde gong. På rad.

Seks fiendar sendar alt dei har mot meg, og eg døyr momentant.

Freistinga til å sende ein hard knyttneve i tastaturet er overveldande. Kommentarane på chatten frå fleire lagkameratar om korleis eg tar sjølvmord inn i motstandarlaget toppar kransekaka, men eg klarar så vidt å halde meg.

Tracer i Overwatch.
Blizzard

Det er trass alt årevis sidan eg spelte Overwatch sist – og eg veit at det er hundre prosent min eigen feil at eg døyr.

Eit kjapt trykk på Tab-knappen viser at eg sannsynlegvis har vore meir til hjelp for motstandarane enn for mitt eige lag. Det er difor ikkje vanskeleg å forstå kvifor kjeftinga held fram. Stikka med «DPS diff», «Tracer, what are you doing?» og «stop fucking feeding» er meir enn rettkome.

Eg har alltid slite med kome meg inn i skytespel eg har spelt før. Kjensla av å plutseleg vere fullstendig ubrukeleg i noko du ein gong følte du meistra, er både frustrerande og deprimerande. Det liksom tappar deg for energi.

Du kjenner gjerne korleis det er. Nokre vener av deg har hoppa på eit spel de pleidde å kose dykk med både natt og dag, og det kitlar litt i fingrane.

Kanskje har du sett ein YouTube-video av nokon som briljerer på favoritthelten din i League of Legends, eller du ser ein montage-video frå gode, gamle dagar der OpTiC Predator meier ned fiendar med Intervention-rifla i Call of Duty: Modern Warfare 2.

Du finn datamaskinen ved første høve, og det er reine naudtilstanden om ikkje nettet er kjapt nok til å laste ned spelet før neste dag.

Så ventar kalddusjen.

Comebacket på Summoner’s Rift fører til at du går 0–6 i «bot lane» og lagkameratane dine blir illsinte på deg. Eller turen inni online-delen av Age of Empires 2 startar med ein jækel som invaderer basen din i andre minutt.

Det var over før det starta.

Les også
Anmeldelse: Overwatch

Og det veit du jo. Slik sett var eg overraska då frustrasjonen av å vere så inn i helsikken ubrukeleg i Overwatch etter kvart forsvann. Det ulmande sinnet blei erstatta med eit nytt giv. Eit ønskje om å hevde meg igjen.

Summoner's Rift i League of Legends.
Riot Games

No har eg snart klokka inn 50 timar i spelet. I dag slit eg meir med å hamle opp med spelarar i Gold enn eg gjorde med dei i Master og Grand Master i 2016, men eg har det moro. Ein og annan kompis har hive seg med, og me har blitt ein liten gjeng.

Det kjenst heller ikkje så gale å miste nokre rating-poeng her og der. Det er Gold, liksom. For ein gongs skuld klarar eg å halde alt alvor vekke, og berre kose meg med spelet. Ambisjonen om å kome meg til topps på Topp 500-lista er eit falmande minne.

Alt stress er vekke. Eg har ikkje tenkt på kor frigjerande det kan vere å fullstendig ignorere alt av rangering og press for å gjere det bra.

Vanlegvis når eg skriv kommentarar som dette vil eg formidle ein eller anna lur bodskap, og kanskje lære lesaren noko nytt. Dette er ikkje den typen artikkel. Denne gongen er eg berre her for å minne oss på om kva å spele eigentleg handlar om (for dei aller fleste) – nemleg å kose seg.

Det er nok ikkje berre eg som treng å høyre dette. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har spelt eit eller anna konkurransespel og irritert meg blå over elendige lagkameratar, blitt sinna av å døy av ein feil som eigentleg er min eigen eller å ha tvinga meg sjølv til å spele med det «rette» våpenet i lagkomposisjonen for å vinne. Gi heller pokker. Er du elendig med AWP og veit du får kjeft av laget ditt viss du døyr ein gong til, så berre slå av stemmechaten. Kos deg, heller. Vis fram dei ubrukelege Hanzo-ferdigheitene dine i den rangerte modusen i Overwatch sjølv om du veit at de taper.

Ikkje ta det så seriøst.

Det har me godt av.

Siste fra forsiden