Kommentar

E3 2021 – Nintendo Direct

Trygt løp frå Nintendo

Det er langt mellom høgdepunkta, men Nintendo har noko for alle.

Nintendo_Switch_Mario_Rabbids_Sparks_of_Hope_Key_Art_02

Ein haug spel som har vore ute andre stadar lenge, eit knippe gamle spel med nytt liv på Switch, og ei ørlita handfull heilt nye titlar.

Det oppsummerer eigentleg E3 2021-utgåva av Nintendo Direct ganske nøyaktig. Forventningane til slike presentasjonar er alltid høge, spesielt når det er E3. Hadde dette vore februar eller oktober, hadde forventningane vore deretter. Men dette er E3, tida då vi ventar å få det vesle ekstra.

Om Nintendo kan noko, er det å terge folk. Dei veit veldig at det folk er her for å sjå, er nytt frå oppgølgjaren til The Legend of Zelda: Breath of the Wild, og dei veit nøyaktig korleis dei skal trykke på alle dei rette knappane. Dei startar med eit glimt av Zelda-slemmingen Ganon, og med det tenkjer alle at no er det tid. Men det er det sjølvsagt ikkje. Tradisjonen tru startar Nintendo i staden med å vise kva som er nytt i Super Smash Bros. Skuffelsen blant dei tre personane i publikum som ikkje spelar Super Smash Bros. er til å ta og kjenne på.

Samus Aran er endeleg tilbake.
Nintendo

Vidare fyrer dei laus med det eine spelet etter det andre for å vise alle som skulle tvile at dei har noko til, vel, alle. Dei frir til dei små, dei frir til dei store, dei frir til fans av gamle seriar, og dei frir til familiar. Gjennom knappe 40 minutt har dei vore innom alt frå Mario Party og Super Monkey Ball, til Shin Megami Tensei, Doom, skrekk of gru i Fatal Frame, Advance Wars, og ikkje minst ei rekke Zelda-produkt. Det skulle vel eigentleg berre mangle, Zelda blir 35 i år.

Men er det nok? Mykje av det vi såg tysdag kveld har vi enten sett før, eller visst om lenge. Det er bra at Switch-publikummet får spele Guardians of the Galaxy og Two Point Campus, men når begge desse spela allereie har vore viste fram opp til fleire gongar andre stadar i løpet av dei siste dagane, dempar dei tempoet litt. Nintendo hentar seg likevel kjapt inn igjen med annonseringa av eit nytt Mario Party, før dei kjem til det som kanskje var kveldens høgdepunkt.

Dronninga er tilbake

Ventetida på eit nytt Metroid-spel har vore lang, og om du lengtar etter Metroid Prime 4 må du vente ei stund til, men i mellomtima får vi eit gjensyn med den todimensjonale og sideskrollande stilen som skapte serien. Metroid Dread ser ut som ei glitrande blanding av nytt og gammalt, og eg kjenner kløa i fingrane etter å spele når eg ser Samus Aran farte over skjermen. Det er på høg tid med noko nytt frå Metroid, og det er godt spelet kjem allereie til hausten.

Vidare får vi ein kjapp kavaldade med oppdateringar på spel som kjem til Switch i nær framtid, men lite spanande. Det framstår mest som nødvendig fyllmateriale for å passe på at vi må vente litt på det vi verkeleg er her for.

The Legend of Zelda feirar 35 år i år, Zelda-fansen har venta i fleire år på nytt om The Legend of Zelda: Breath of the Wild 2, og aller helst ein lanseringsdato. I staden tergar Nintendo oss slik berre dei kan. Dei veit kva alle ventar på, men det vi møter er ei annonsering av ekspansjonar til Age of Calamity. Kult nok det, men ikkje noko som skapar dei heilt store overskriftene.

Deretter får vi ein artig liten Game & Watch med tre klassiske Zelda-titlar, og joda, snart kjem Skyward Sword til Switch, men det framstår litt tannlaust. Kva med ein nyversjon av The Link to the Past ala Link's Awakening? Kva med ei annonsering som får folk til å sperre auga opp? Det hadde garantert skapt meir oppstyr enn eit spel som berre har fått litt høre oppløsying og eit bearbeida kontrollsystem.

Ventetida på Link sitt nye eventyr blir enda litt lenger.
Nintendo

Det vi har venta på?

Når alt håp nesten ser ut til å vere ute, får vi til slutt det vi har venta på; gameplay frå The Legend of Zelda: Breath of the Wild 2. Spelet ser like fargerikt og spenstig ut som ein berre kan håpe eit Zelda-spel er. Nye eigenskapr og nye flytande øyer gjer meg ekstremt sugen på å sjå meir. Eg vil vite kor store endringar dei har gjort, kor mykje som er nytt, og kor mykje av det gamle dei har tatt vare på. Alt vi får er nokre få sekund og eit vagt løfte om at spelet kjem neste år. Når vi har venta så lenge, hadde det vore fint om gjensynet hadde hakket meir å by på. Kanskje ein liten demonstrasjon i staden for berre kjappe klipp?

Les også
Viste endelig en ny Breath of the Wild 2-trailer

Dette var alt Nintendo hadde å by på denne gong. Dei sette ikkje fyr på verda med årets E3-sending, men dei fekk vist fram at dei har rikeleg med spel i vente i månadane som kjem. Som vanleg for Nintendo gjekk det i eit svært høgt tempo, til tider går dei kanskje litt vel fort fram. Ein og annan stad kunne dei ha stoppa opp litt, fortalt litt meir om enkelte produkt.

Nintendo har ein velutvikla formel, det er tydeleg. Dei køyrer kjappe Nintendo Direct-sendingar, og etterpå kan dei som vil følgje med på fleire timar med Treehouse der du kan få detaljerte innsyn i korleis fleire av spela vil bli. Det fungerer, er populært, og trekk til seg sjåarar, men alle har ikkje tid eller lyst til å glane på Youtube i tre timar.

Mario Party byr på moro for heile familien.
Nintendo

Det blir og tydeleg at sjølv om Nintendo har mykje å by på for Nintendo-fansen, er det litt meir tvilsamt kva dei har å by på for dei som allereie har ein annan konsoll, eller er usikre på kva dei skal kjøpe. At Tony Hawk kjem til Switch er fint det, men spelet har vore ute på andre plattformer i fleire månader. Strange Brigade er på ingen måte nytt, Fatal Frame viser seg å kome til så godt som alle plattformer og eit nytt Mario + Rabbids-spel har vi visst om sidan laurdag.

Slike halvkunngjeringar tek litt lufta ut av ein elles grei presentasjon. Det som var av avsløringar var med unntak av Metroid Dread, og kanskje Advance Wars ikkje veldig spanande. Det var trygt og stødig løp frå Nintendo, om litt forutsigbart. Sjølvsagt kjem det eit nytt Mario Party, det seier nesten seg sjølv. Eit nytt Wario var på tide, men eg tvilar på det er spelet folk kjøpar ein Switch for å spele. Nintendo har alltid noko på lager, og vi får berre håpe dei snart bestemmer seg for å fortelje om det kjem ein oppgradert Switch-modell eller ikkje. Eitt og anna ord om Bayonetta 3 og eit nytt Mario Kart hadde heller ikkje skada.

Les alt fra årets E3-messe her »

Siste fra forsiden