Konsollutsetjing for The Elder Scrolls Online

Utviklarane treng meir tid for å få alt til å gå på skinner.

For ein knapp månad sidan gav Zenimax ut The Elder Scrolls Online. Med dette MMO-et har dei satsa på å få alle fans av populære rollespel som Oblivion og Skyrim til å samle seg på nettet. Spelet held vare på den gamle modellen med å krevje abbonementsavgift, i staden for å hoppe på bølgja med å kunne spele grunnspelet gratis, og kunne betale for ekstra innhald.

Etter planen skulle The Elder Scrolls Online lanserast på PlayStation 4 og Xbox One i juni, men i ei pressemelding i dag fortel Zenimax at dei treng ekstra tid for å få alt til å fungere skikkeleg.

I pressemeldinga forklarar dei situasjonen på følgjande vis:

«Sjølv om utviklingsprosessen har gått stødig, arbeider vi likevel med ei rekke problem unike for desse plattformene. Det har vore ein utfordrande prosess å få systema våre til å fungere på dei forskjellige konsollnettverka, som igjen er forskjellige frå PC- og Mac-systema. Det har vist seg at den planlagde lanseringa i juni ikkje er mogleg, og vi har kome fram til at vi treng omlag seks månader for å kunne levere den opplevinga fansen får forventar og fortener.»

Med det kan vi altså etter alt sannsyn sjå fram til konsollversjonen av The Elder Scrolls Online i desember, sjølv om Zenimax ikkje går ut med ein konkret lanseringsdato.

Prisreduksjon om du ikkje kan vente

Det blir ei stund til før vi får sjå dette på konsoll.

Som plaster på såret vil dei som kjøper The Elder Scrolls Online til PC eller MAc før slutten av juni få PlayStation4- eller Xbox One-versjonen til ein sterkt redusert pris, gratis overføring av karakterane dine, såvel som 30 ekstra speledagar.

I vår ferske spelmedling meinte Gøran at The Elder Scrolls Online er eit spel som trass fleire feil er eit underhaldande spel:

«Etter over 100 timer sit eg igjen med ei kjensle av at The Elder Scrolls Online er spelet som nesten greidde noko stort. Det har ei flott stemning, kampsystemet og klassesystemet er vellaga, men ubalansert. Historiene er bra, men det er ikkje nok utfordringar for dei som når høgste nivå. Spelet pregast også av nokre store feil som har hindra folk i å fullføre ei rekke oppdrag, samt mista mykje progresjon.»

Om The Elder Scrolls Online ikkje heilt er det MMO-et du har venta på, bør du ta ein kikk på Wildstar som inviterer alle som vil til å vere med på open beta frå og med denne helga.

Siste fra forsiden