Lanseringstrøbbel for Grand Theft Auto V

Har du hatt problem med å overføre dine gamle figurar?

I dag blei endeleg den oppussa versjonen av Grand Theft Auto V lansert på PlayStation 4 og Xbox One. Mange av spelarane som har venta på denne utgåva av spelet har runda Grand Theft Auto V allereie, og difor har Rockstar Games tilrettelagt for at vi skal kunne ta med oss all progresjonen inn i den nye versjonen av spelet.

Teori er alltid lettare enn praksis, og som med fleire andre spel den siste tida har ikkje lanseringa av Grand Theft Auto V gått heilt knirkefritt. Ei rekke spelarar har i følgje Eurogamer ikkje fått hente fram sine gamle karakterar. Dette ser i hovudsak ut til å gjelde spelarar som ikkje har spelt fleirspelarmodusen GTA Online på over eit år. I tillegg har ei rekke PlayStation 4-spelarar støtt på vanskar med å laste ned ei oppdatering til spelet. Denne er påkrevd for å få overføre framgangen din.

Cool guys don't look at explosions.

Rockstar Games er på saka, og om du går til kundestøtteseksjonen på nettsidene deira kan du skrive deg opp på ei mailingliste for å få beskjed når situasjonen er fiksa.

Vellukka oppussing

Sjølv om ikkje alle har fått ein like god start i nye Grand Theft Auto V, var vi svært nøgde med Rockstar Games sitt oppussingsprosjekt:

«No som Rockstar byr på meir innhald og ei langt penare innpakning er det lett å la seg freiste. Til tross for oppgradert grafikk er den største grunnen til å booke ein returbillett moglegheita til å spele det i førsteperson. Plutselig framstår det elles så velkjende universet som nytt og friskt. Og det er vel akkurat det som er poenget med å pusse opp. »

Ved sidan av Grand Theft Auto V, har storspelet Assassin's Creed Unity og samlepakka Halo: Master Chief Collection hatt utfordrande lanseringar dei siste vekene. Er det på tide at utviklarane tek seg litt betre tid med finpussen?

Siste fra forsiden