Anmeldelse

Legend of Kay

Akkurat i dag er ikkje eg mannen til å stille spørsmålsteikn ved logiske handlingar frå ein atypisk gamer. Eg hadde utan tvil oversett dette spelet like lett som EA ignorerte kvalitetskontrollen på GoldenEye: Rogue Agent. Det er ganske makabert. Makabert søtt, for å vere eksakt. To ord som kanskje ikkje går overens på ein bra måte, men i dette tilfellet er det det einaste som fungerar. Det er som om eg skulle setje meg ned for å sjå på Barne-TV, der dagens program består av teikneseriar frå England, der søte dyr er i hovudrollene. Legend of Kay gir meg omtrent akkurat den kjensla, bortsett frå at her kan eg ikkje berre ligge i sofaen medan TV-en surrar i bakgrunnen og skrik etter merksemda mi. Den store forskjellen er at no blir eg tvinga til å delta, og herregud så søtt det er.

Som du kanskje skjønar er du Kay, ein ung mann med eit stort eventyr på horisonten. Ingenting nytt her, absolutt ingenting nytt, men kva kan du forvente? Kor mykje nytt ser du på Barne-TV kanskje? I likheit med Barne-TV er det dyr i hovudrollene. Dyr med lett gjenkjennelege menneskelege trekk. Kay er ein katt, og lev i lag med andre kattar i ein landsby sterkt inspirert av Asia i gamledagar. Eit eller anna prøvar sjølvsagt å øydeleggje, og i Legend of Kay sitt tilfelle er det ein gjeng med gorillaer og rotter som rottar seg saman for å gjere livet surt for alle andre.

Liten helt, stort eventyr
Jess, der har du heile historia i eit veldig lite nøtteskal. Kay endar sjølvsagt raskt opp som den store helten og reiser ut på eit eventyr for å redde verda og alle i den frå desse ufyselege skapningane. Det er veldig lett å avvise Legend of Kay som eit uinteressant barnespel fullstendig utan sjel, men dette er sørgjeleg feil. Eg skal innrømme at eg ikkje akkurat forventa noko stort av dette spelet, men den underhaldninga spelet tilbyr (så snart du venner deg til den sukkersøte settinga) er absolutt verd å få med seg.

På mange måtar kan ein sei Legend of Kay har latt seg inspirere av Zelda-serien. Du kan til dømes plukke opp hjertebehaldarar for å auke helsa di, og du kan sleppe frå deg bomber og liknande. Samtidig spring du rundt i ein stil som minnar mykje om Zelda-serien. Det er også her likheitene sluttar. For det første er den grafiske stilen ganske forskjellig, men det er i kampsystemet Legend of Kay først og fremst står på eigne bein. Noko som er udelt positivt, sidan mykje av tida di vil gå med på å storkose deg med å banke rotter, gorillaer, og anna avskum.

Flott kampsystem
Først og fremst har Legend of Kay eit veldig solid kamerasystem som sjeldan byr på problem. I kamp ser du alt det du vil sjå, og dei einaste gongane kameraet ikkje er tipp topp, er i visse situasjonar der du står tett inntil eit objekt kameraet kan henge seg fast i. Kampar er uansett rein fryd. Kay har eit stort antal med angrep og triks for å ta hand om fienden, og dette fungerar veldig bra. Først og fremst har ein enkle angrep ein får fram ved i trykke inn små kombinasjonar. Ved å ta eit rundhopp, for så å slå med sverdet, vil Kay til dømes snurre rundt medan sverdet er i flammar, før han slår i bakken med stor kraft. Andre fascinerande angrep er til dømes når du hoppar bak fienden, der du kan velje om du vil ta tak i han for å slenge han langt, eller kun kome i ein eigna angrepsposisjon.

I tillegg til ganske kreative spesialangrep, har Legend of Kay eit av dei mest lettfattelege og brukarvenlege kombosystema eg har vore borti. Ved å slå ut ein fiende får du moglegheita til å starte ein kombo, og piler på skjermen vil vise kva retninga du må bevege deg i for å finne dei nærmaste fiendane. Dette er eit veldig smart system som viser deg kvar fiendar er, sjølv om du kanskje ikkje kan sjå dei på skjermen. Om du er i ein kombo, kan du halde styrespaken i same retning som ei pil, og trykke på trekant. Om du trykker på X like etterpå vil du slå, og du kan raskt gjenta prosedyren for å kjapt angripe alle fiendar på kort tid. Det som gjer kombosystemet enda betre, er at du får bonus på skade for kvart slag du gjer i komboen.

Legend of Kay PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. mars 2005
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: JoWooD
  • Utvikler: Neon Studios

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen