LEGO Jurassic World lanserast om ein månad

Dei fire dinosaurfilmane får snart LEGO-behandling.

2015 kan bli eit stort år for dinosaurane. Neste månad lanserast Jurassic World, den fjerde filmen i Jurassic Park-serien. Same dag som verdspremieren på Jurassic World 12. juni, lanserast LEGO Jurassic World-spelet frå TT Games. Dette fortel utgjevaren Warner Bros. i ei pressemelding.

LEGO Jurassic World skal bli eit av dei sørste LEGO-spela til no. Vi vil få spele gjennom alle dei fire filmane i serien, og skal få spele som over 100 karakterar frå filmane, som Alan Grant og Ellie Sattler, samt over 20 forskjellige dinosaurar.

Fleire dinosaurar i vente

Mamma er veldig sint.

Om du er på jakt etter dinosaurspel med ein meir alvorleg tone enn den vi finn i LEGO-spela må du leita andre stadar enn i Jurassic Park-universet. Cryptic Studios skal ha arbeida med eit Jurassic World-spel før det blei kansellert, og ved sidan av eit mobilspel basert på Jurassic World-filmen har vi ikkje høyrt noko om fleire Jurassic Park-spel.

Andre utviklarar har likevel tatt på seg ansvaret med å gje folket dinosaurar. Nyleg avslørte Studio Wildcard det ambisiøse opa verd-spelet ARK: Survival Evolved. Her skal du overleve i ei verd full av dinosaurar du både kan jakte, temje og ri på.

I tillegg er fleirspelarspelet Primal Carnage: Extinction på veg til PlayStation 4 i løpet av året. Treng du dinosaurar akkurat no kan du vurdere å prøve deg på jaktspelet theHunter: Primal som er tilgjengeleg via Steam.

Siste fra forsiden