Det blir lenge til me ser noko av The Elder Scrolls VI

Bethesda kjem med to store prosjekt før me i det heile tatt får høyre om The Elder Scrolls VI.

Skyrim Special Edition.
Bethesda

Bethesda Game Studios-sjef, Todd Howard, fortel i eit intervju ved E3 at det blir lenge til me ser The Elder Scrolls VI. Howard meiner at dei enno ikkje har god nok teknologi til å lage det spelet dei ynskjer å skape.

– Når ein ser på framtida til eit spel som The Elder Scrolls VI, har me ein ganske god ide om korleis det vil bli, og kva for teknologi og tid det kjem til å trenge. Den tida og teknologien har me ikkje akkurat no, seier Todd Howard.

I fylgje Howard vil Bethesda jobbe med to nye prosjekt som er større enn noko anna dei har gjort, og me vil antakeleg ikkje høyre noko om det sjette Elder Scrolls-spelet før desse prosjekta blir annonsert.

Mange hadde håpa på å høyre om ein oppfølgjar til The Elder Scrolls V: Skyrim på E3 i år, etter at Fallout 4 kom ut av det blå i fjor. Det ser likevel ut til at ein må vente lenge før ein får nyheiter om spelet.

Skyrim Special Edition

Slik kan Skyrim sjå ut med nokre modifikasjonar. Det er vanskeleg å sjå for seg kor bra det sjette vil bli med mods.
ASOT

I mellomtida kan ein glede seg over ein oppussa versjon av The Elder Scrolls V: Skyrim som kjem til Xbox One, PlayStation 4 og PC i oktober. Dei som eig Skyrim med alle utvidingane på Steam vil kunne få The Elder Scrolls V: Skyrim: Special Edition gratis.

Nyversjonen av The Elder Scrolls V: Skyrim kjem med forbetra grafikk og modifikasjonsstøtte til konsollar. Konsollversjonen har til no køyrt med 720p-grafikk, med store dropp i biletefrekvens. Skyrim Special Edition vil vere ein vesentleg oppgradering av konsollversjonen, samt at grunnlaget for modifisering på PC vil bli langt betre med meir optimalisering.

Sjå traileren til The Elder Scrolls V: Skyrim Special Edition her.

Les alle våre nyheiter frå E3 2016 »​

Siste fra forsiden