Sniktitt

Lost Odyssey

Vakkert og djupt rollespel

Det er ikkje ofte eit spel minnar meir om ei knakande god bok, enn knappetrykking og flate skjermar.

Når eit spel handlar om ein mann som har levd i tusen år, og ikkje kan døy, høyrest kanskje minnetap ut som den billegaste utvegen å ta. Dette er likevel tilfellet med det komande rollespelet frå Mistwalker og Microsoft. Det er det andre spelet frå Mistwalker, selskapet den tidlegare Final Fantasy-sjefen Hironobu Sakaguchi danna etter å ha slutta i Square Enix. Det første var Blue Dragon, eit relativt letthjarta spel der du reiste rundt på ein heisatur i fargerike miljø. Det var eit fornøyeleg spel, som dessverre leid under eit stort problem: det var alt for lett.

Vakre Lost Odyssey

Vis større

Trailer: Lost Odyssey #2

Stikkord:
  • spill
  • xbox 360
  • rollespill
  • Lost Odyssey


Lost Odyssey byggjer opp mot å bli den rake motsetninga. Vi blir kasta ut i ei dramatisk og vaksen historie der død og lidenskap er viktige nøkkelfaktorar. Samtidig er utfordringa av eit heilt anna kaliber enn kva vi fekk i hende med Blue Dragon.

Vi følgjer Kaim, ein udødeleg mann som har levd i tusen år, men han er ikkje den einaste. På reisa si møter han kjapt andre udødelege (som på mystisk vis òg har mista minnet sin), samt nokre vanlege døde. Med utgangspunkt i dette, viser det seg raskt kva som er det viktigaste i Lost Odyssey; historia. Ein etter ein kjem dei imponerande godt regisserte filmsekvensane som formidlar handlinga. Du innser etter kvart at du brukar svært mykje tid på å sjå og høyre. Om du trudde Metal Gear Solid var epitomien av interaktive filmar, bør du vite at det er ein ny sjef i byen.

Historie i fokus

Med mindre du har ei beinhard oppfatning om at spel ikkje skal ha mange sekvensar, vil ikkje dette plage deg. Den neste sekvensen er meir engasjerande enn den førre, og ikkje så alt for langt ut i spelet skjer det noko so hjarteskjerande at du vil få store problem med å halde tårene tilbake. At sekvensane er så vellukka er ikkje berre på grunn av god regi, det handlar og om skodespel som verkeleg pustar liv inn i karakterane, samt emosjonell musikk som fortel deg at det som skjer no er trist, om du enno ikkje skulle ha fått det med deg. Det tek berre nokre få timar før du innser at du allereie genuint bryr deg om personane i spelet.

Det er ikkje tårer heile vegen. Samspelet mellom dei forskjellege personane lovar svært godt. Vi har den stille og inneslutta Kaim, den tilsynelatande livsglade jenta Seth, og ikkje minst damefuten Jansen, som heller vil bruke tida si på å ta pausar, drikke seg frå sans og samling, og kose med lettkledde jenter. Det er ei rollesamansetning full av motsetningar, og dei gongane du ler, er berre med på å forsterke dei dramatiske hendingane når dei skjer.

At du heile tida blir fortalt ei historie, bringer eit lite problem med seg. Eit problem som har ingenting med kvaliteten på spelet å gjere, men heller kvantiteten på tida di. Spelet nyttar lagringspunkt, og det kan ta frykteleg lang tid mellom kvar gong dei dukkar opp. Du bør med andre ord sørgje for å ha nokre timar til overs før du tek deg ei økt, for timane kan fort spasere forbi utan ein einaste sjanse for å lagre. Dette ser definitivt ikkje ut til å bli eit spel for korte økter.

Det er sjølvsagt mykje meir ved Lost Odyssey enn den eine filmsekvensen etter den andre. Dette er eit svært tradisjonelt rollespel, og det vil nok for mange bety at dei enten hatar det eller elskar det. I motsetning til Blue Dragon der vi kunne sjå fiendane på kartet, skjer alle kampar tilfeldig i Lost Odyssey. Utviklarane har programmert dette til å skje i eit tempo som aldri gjer det irriterande. I staden blir du eigentleg glad kvar gong det skjer, for kampsystemet og det medfølgjande erfaringssystemet osar av kvalitet.

Gamle tradisjonar

Lost Odyssey er på sett og vis like tradisjonelt som alle andre turbaserte rollespel frå Japan, men det er nokre små tvistar. Til dømes har vi eit vegg-system. Som i dei fleste spel i denne sjangeren kan du setje karakterar i formasjon, der nokre står framme og andre står bak. Dette betyr at krigarane i fronten tek meir skade, men beskyttar krigarane bak. I Lost Odyssey er dette teke nokre steg vidare. Rekka i front vil danne ein vegg, og denne veggen blir gradvis broten ned etter kvart som du bli angrepen. For kvart slag du blir påført, vil du i essensen kunne motta meir skade.

Dette er noko du kjapt vil snu til å bruke mot fienden. Å angripe fiendane i bakre rekke er sjeldan ein god taktikk, med mindre det står ein fiende der som gir deg hovudbry av eit eller anna format. I staden høgg du deg veg gjennom fronten, for å effektivt plukke ned fiendane.

Les også
Anmeldelse: Lost Odyssey

I tillegg til dette har vi ein ring du tek i bruk for kvart fysiske angrep. Denne er veldig enkel å bruke, og det einaste du må gjere er å halde inne høgre avtrekkjar medan karakterane spring mot fienden. Slepp du den på riktig tidspunkt kan du utføre meir skade. Det er veldig enkelt, men bringer litt ekstra tempo til kampane som ikkje skadar.

Bak kampsystemet ligg eit veldig interessant erfaringssystem. Det ser ut til å vere to måtar du kan lære deg nye eigenskapar på: Enten ved å utruste gruppa di med forskjellege gjenstandar som inneheld forskjellege eigenskapar, eller ved å «lenkje» ein udødeleg karakter til ein dødeleg. Du lenkjer ein udødeleg til ein dødeleg sine eigenskapar, og gjennom kamp vil den udødelege snart lære dei nye ferdigheitande.

Om ein skal seie noko negativt om Lost Odyssey ut av det vi har sett så langt, kjem alt i form av tekniske prestasjonar. Det er litt dårleg bildeoppdatering til tider, noko som er merkbart, men aldri blir irriterande sidan det ikkje har nokon innverknad på Lost Odyssey sine turbaserte kampar. Ein anna ting er lange lastetider som kan dele opp utforskinga di til tider. Det største problemet er likevel at animasjonen tidvis er av litt blanda kvalitet. For det meste er det veldig bra utført, men ein merkar at dei karakterane som ikkje er viktige, ikkje held heilt det same nivået som hovudpersonane. Dette er ikkje ting som skadar spelet, men du merkar det, og det hadde vore enda betre om det hadde vore gjort noko med.

Konklusjon

Microsoft Game Studios

Utviklarteamet bak Lost Odyssey er ikkje redde for å fortelje deg ei historie. I motsetning til trenden med opne verder og frie val, følgjer du her ei heilt og halden lineær rute. Ei historie som den vi får servert her hadde uansett ikkje vore mogleg om du skulle kunne velje sjølv heile tida. Spelet kjem på fire diskar, noko som nærast er som eit kast tilbake til PSOne-dagane, då nesten samlege japanske rollespel kom i tjukke boksar.

Skal vi døme etter den første disken som vi har fått gleda av å teste, har vi absolutt noko stort i vente. Det byggjer opp mot ei engasjerande historie, med minst like engasjerande utforsking og slåssing. Eg gledar meg til februar, det bør du òg gjere.

Siste fra forsiden