ANMELDELSE: Lost Odyssey
Anmeldelse

Lost Odyssey

Det er musikken som grip deg først. I det dei første strykarane glir inn gjennom øyrekanalane dine frå startmenyen, veit du at livet ditt er historie dei næraste femti timane. Den episke introduskjonssekvensen forsterkar inntrykket. Store straumar med soldatar møtast som to kraftige bølgjer, og den brutale røyndomen ved krig blir slått inn i auga der enorme krigsmaskiner veltar over slagmarka. Det heile når sitt klimaks i det ei katastrofe utslettar kvar levande sjel. Alle døyr, utanom ein person. Kaim Argonar den udødelege står tilbake, men han anar ikkje kvifor.

Sjarmerende fyllik

Vis større

Video: Lost Odyssey #4


Dette er starten som målar bakteppet for eit av dei mest vellukka japanske rollespela nokon sinne. Det er eit spel som gir oss klassiske og velprøvde mekanikkar utført med ein perfeksjonisme du sjeldan ser maken til. Samtidig får vi ei historie som grip om deg i så stor grad at du skal ha eit hjarte av stein om tårene ikkje går sin sigersgang nedover kinna dine.

Når døden er ein draum

Kaim Argonar kan ikkje døy. Han har levd i over tusen år. Gjennom tidene har han møtt folk og blitt glad i dei, berre for å måtte sjå den uunngåelege utgangen i auga. Alle han blir glad i forsvinn. Ein etter ein visnar dei bort, og etter kvart som åra går, er det berre vage minne att. Minner som no er så godt som borte. Kaim har mista fortida si. Han hugsar ingenting, og i løpet av Lost Odyssey vil du sakte men sikker få vite meir om kven Kaim eigentleg er. Ein ting som er sikkert, er at han ligg milevis frå den gjennomsnittlege helten i eit japansk rollespel. Håret hans har ein heilt normal brun farge, han er ikkje i tenåra, og han er ikkje ein foreldrelaus kvalpeunge som nett har sett landsbyen sin bli jamna med jorda.

Som hovudperson i eit japansk rollespel er Kaim ganske unik, og ei svært positiv utvikling for sjangeren. Kaim er ein kompleks person, på høgde med det beste vi finn i både filmar og bøker. Han er bitter og kald, og han har ei naturleg fiendtleg innstilling til det meste. Noko som eigentleg er naturleg med tanke på det lange livet han har levd.

Lost Odyssey let deg ta del i både den pågåande konflikten i verda, og livet til Kaim, samtidig. Det heile er gjort på ein genial måte. Den prisløna japanske forfattaren Kiyoshi Shigematsu har skrive noveller som tek for seg små epokar i livet hans. Hendingar som har gjort inntrykk på han. Rundt omkring i spelet vil ting skje som kan vekkje minna til live igjen, og du vil då få valet om å lese ein draum. Desse draumane blir presentert gjennom tekst, stemningsfulle bakgrunnsbilete og lyd. Det er meisterleg gjort, og forfattaren har ei eiga evne til å verkeleg gripe rundt nervane i kroppen din. Desse historiene i seg sjølv er så triste nokre gangar, at ein nesten blir heilt motlaus av å lese dei.

Effekten av dette er monumental. Etter kvart som du les draumane til Kaim, får du eit heilt anna syn på han. Du blir kjend med han i ei heilt anna grad enn kva du elles ville ha blitt. Ein ting er å sjå noko dramatisk skje med ein eller fleire personar. Du blir kanskje gripen av det, du blir kanskje rørt, men det er noko anna når du kjenner personen. Og det er akkurat den kjensla draumane til Kaim gir deg. Du kjenner han, du veit kven han er, og difor går visse hendingar i spelet veldig sterkt inn på deg. Det skjer ting i dette spelet som sannsynlegvis vil få like stor emosjonell innverknad på folk, som det legendariske dødsfallet i Final Fantasy VII.

Drama utan sidestykke

Lost Odyssey blir fortalt gjennom fleire former. Ein av dei er draumane til Kaim, resten skjer gjennom meir konvensjonelle former. Som med så godt som alle japanske rollespel, vil du gjennom eventyret springe rundt med ein person, i dette tilfellet Kaim. Når du spring rundt i ein by, vil du kunne snakke med folk, og desse har av og til informasjon som kan kome til nytte, men det er yttarst sjeldan du gå hardt til verks sjølv for å drive historia framover. Lost Odyssey er lineært til fingertuppane, men akkurat her kjennest det som den einaste riktige vegen å gå.

Grunnen til det er at produsent og Final Fantasy-skapar Hironobu Sakaguchi vil fortelje deg ei historie. Han vil du skal følgje med på det som skjer, og difor blir vi leia frå det eine området til det andre. Dette sender deg mellom forskjellege situasjonen i eit ganske høgt tempo, og resultatet er at du aldri får tid til å kjede deg, og alltid ser fram til den neste utviklinga i historia.

Historia blir fortalt gjennom svært mange, og til dels lange filmsekvensar. Tidvis går timane unna i eit enormt tempo, og du er eigentleg litt usikker på kor mykje du har gjort sjølv. Ikkje at det betyr noko. Filmsekvensane i Lost Odyssey er regisserte og visuelt framstilte på ein fantastisk måte, som gjer at du blir djupt engasjert. Mykje av dette kjem av ypparleg skodespel, og imponerande ansiktanimasjonar, men den nydelege musikken til Nobuo Uematsu får ofte minst like mykje å sei. Det må seiast at animasjonane ikkje alltid er like vellukka, nokre gangar er det litt stivt og uttrykkslaust. Stiv animasjon høyrer likevel til eit markant fåtal. Det du vil hugse frå Lost Odyssey, er at du verkeleg kunne sjå i auga på personane kva dei tenkjer. Du kan sjå små krummingar av musklane rundt eit auge, noko som er nok til å sjå at ein person går frå å vere optimistisk til å fullstendig miste motet.

Det er imponerande gjort, og det blir enda betre av ei interessant rolleliste der skodespelet er av svært høg kvalitet. Resultatet er at du nesten aldri tenkjer over det. Du tenkjer ikkje over det meir enn du tenkjer over animasjonen i den siste filmen til Pixar. Kvifor skulle du jo det? Du veit jo at animasjonen der vil vere av topp kvalitet, og det er dette som er resultatet i Lost Odyssey òg. I staden for å studere kor god animasjonen eller grafikken er til ei kvar tid, studerar du personane, og ventar i spaning på kva dei vil seie neste gong.

Dette gjeld spesielt Jansen, ein fabelaktig samansett person. Umiddelbart kan ein få innrykket av at han er spelets store idiot, men etter kvart endar han opp som ein av dei klare favorittane. Han er ein sarkastisk, flørtande og smart idiot. Desse skildringane heng kanskje ikkje heilt i hop, men alt blir veldig tydeleg i løpet av spelet. Han er sjølvsentrert over alt anna, og han får deg til å le høglydt. Kommentarane hans er av ein så pass vaksen karakter at dei i seg sjølv gir spelet eit litt spesielt preg. Samtidig er han ei perfekt motvekt for dei dramatiske hendingane i spelet. Du blir ikkje konstant tynga ned av det triste, og noko som framhevar dramaet når det oppstår.

Tilbake i tid

Utviklarane har ikkje prøvd å vere nyskapande med Lost Odyssey. Med andre ord er dette på sett og vis eit steg tilbake til gamle dagar. Der den første tittelen frå Mistwalker, Blue Dragon, gav oss eit fritt kamera, og lèt oss få sjå fiendane før vi hamna i kamp, har alt dette blitt sletta frå Lost Odyssey. I staden skjer kampane på tilfeldige tidspunkt, og kameravinklane er låste. Akkurat dette kan ein eigentleg forstå. For at det skal fungere med synlege fiendar, må ein kunne sjå dei til ei kvar tid, noko som lett blir eit problem med låste kameravinklar. Samtidig gir kameravinkling utviklarane ein sjanse til å skape ei stemning berre ved hjelp av å bestemme kva vinkel vi ser ting frå. Dette har dei klart ypparleg, og dei får veldig godt fram dei forskjellege miljøa.

Den visuelle stilen i spelet er samtidig noko for seg sjølv. Karakterdesignar Takehino Inoue har skapt personar med særpreg som ikkje ser ut om dine typiske heltar med lilla hår. Det er verkelege personar. Samtidig er miljøa kreativt utforma, der kvar nasjon har særtrekk som skiljar dei frå kvarandre. Det er likevel her eit av dei få problema med Lost Odyssey oppstår. Lastetidene kan bli ganske lange når du går frå eitt område til eit anna. Musikk og lyd går framleis medan ein lastar, så ein blir ikkje heilt dratt ut av spelet, men det burde ha vore nokre hakk betre.

Perfeksjonert kamp

Utviklarane har gjort nokre svært enkle, men effektive grep for å sørgje for at du ikkje blir irritert når ein kamp dukkar opp. Først og fremst skjer dei ikkje for ofte. Du får gå temmeleg langt før du hamnar i kamp, noko som aldri gir deg kjensla av å bli konstant avbroten. Dette spelar hand i hand med eit kampsystemet som er så underhaldande at du blir direkte glad kvar gang du må bruke rå makt.

Kamp og utforskning

Vis større

Video: Lost Odyssey


På overflata er det svært likt andre japanske rollespel. Du gir dine ordre til gruppa di, og ser det skje. Det som verkeleg avgjer kor bra eit kampsystem er, er alle dei små detaljane som ligg under den vakre fasaden. Akkurat her er Lost Odyssey så velgjort at ein må langt tilbake i tid for å finne noko liknande. Lost Odyssey er eit engasjerande og djupt rollespel, og det pumpar heile tida inn nye element for å halde deg gåande. Om engasjementet ditt er eit bål, heller spelet konstant bensin på det.

Kampane i seg sjølv er veldig tradisjonell affære, men der er nokre små element som skiljar det ut frå andre spel. Det viktigaste av desse er eit ringsystem. Kvar karakter kan ta på seg ein ring, og desse gir plussar på forskjellege kamprelaterte ting. Til dømes kan dei gjere angrepa dine sterkare mot forskjellege fiendar, eller dei kan la deg stele gjenstandar frå fiendane når du angrip dei. Dette ringsystemet vil samtidig la deg ta del i eit angrep når det først blir utført. Ved å halde inne ein avtrekkjar medan du angrip, og sleppe den på riktig tidspunkt, vil du utføre større skade på fienden, samt ha større sjanse for å utløyse andre effektar, som til dømes å stele noko frå han. Dette gjer deg mykje meir aktiv i kampane, og resultatet er at flyten og tempoet blir svært bra. Det heile blir enda betre av at du kan skifte ring før kvart angrep, utan å miste tid.

Ein anna, og minst like viktig del av kampane er eit veldig smart veggsystem. I kamp vil du kunne ha med deg opp til fem karakterar, og desse blir delt inn i to rekker. Ei framme, og ei bak. Den fremste rekka fungerar som eit skjold, og ei statuslinje viser kor sterkt dette skjoldet er til ei kvar tid. Når den fremste rekka tek skade, vil skjoldet bli svekka, noko som vil gjere den bakarste rekka meir mottakeleg for skade. Sidan du gjerne plasserar dei skjøre magikarane bakarst, er det viktig å beskytte dei.

Kva dette betyr for deg, er at du heile tida vil bruke krigarane i front til å angripe fienden, og beskytte magikarane. Samtidig vil du bruke magikarane til å kaste enten positiv magi på krigarane, eller offansiv magi mot fienden. I tillegg må du heile tida kjempe mot ein veldig god kunstig intelligens, som har ei eiga evne til å angripe dei svakaste krigarane i gruppa di, samt bruke magi du er svak mot. Spelet tvingar deg praktisk talt til å bruke det du har til disposisjon, og det tener det stort på.

Død eller levande

Det er to typar karakterar i Lost Odyssey; dødelege og udødelege, og desse lærer nye eigenskapar på to veldig forskjellege måtar. Dei dødelege lærer nye ting ved å gå opp i erfaringsnivå, så dei vil automatisk bli betre i ting. Dei udødelege derimot, må lære frå dei dødelege, eller bruke gjenstandar som inneheld ein eigenskap. Måten det fungerar på er svært enkel. Om til dømes Jansen har lært ei ny form for magi, vil Kaim kunne lenkje seg til den magien, og etter kvart som dei begge deltar i kamp, vil Kaim lære magien. På same måte kan Kaim ta på seg ein ring som kanskje gjer han sterkare, og etter nokre kampar vil han kunne ta i bruk den eigenskapen òg.

Det er ikkje nok å berre lære noko. For å bruke ein eigenskap må den veljast frå ein meny, og du kan berre ha så og så mange eigenskapar i bruk til ei kvar tid. Dette kan ein forandre på ved å ete frø(!) som gir deg fleire rom for å bruke eigenskapar. Eventuelt kan du finne gjenstandar som let deg lære ein eigenskap som i seg sjølv gir deg meir plass. Etter kvart vil du ende opp med eit stort bibliotek med eigenskapar som alle har noko for seg, og du vil kunne skreddarsy kva dei forskjellege karakterene skal kunne gjere i kamp.

Det geniale med dette systemet er at du alltid finn noko nytt du kan bruke. Spelet sluttar aldri å gi deg feite og tøffe eigenskapar. Når du først har fått det du trur er den perfekte eigenskapen, kjem ein ny. Dei forskjellege karakterane har samtidig små, men grunnleggjande forskjellar som gjer kvar enkelt person svært nyttig i ein kvar kamp. Der du ei tid trur du har den perfekte samansetninga i gruppa di, finn du snart ut at ei anna kanskje fungerar enda betre.

Fyr og flamme

Magisystemet i Lost Odyssey er delt inn i fire kategoriar. Vi finn dei vanlege formene for magi; kvit og svart, men vi får òg ta i bruk åndeleg magi og komposisjonsmagi. Kvit magi dreiar seg for det meste om å beskytte og å kurere, medan svart magi er offensiv magi som skadar fienden. Komposisjonsmagi er ei samansetjing av dei andre formene for magi. To magiske formular blir sett saman for å danne eit nytt. Til dømes kan komposisjonsmagi gi deg Generata, ein magi som let deg fikse på helsa, samt kaste regenerering på ein person samtidig. Etter kvart som magien blir meir kompleks, vil den samtidig ta lengre tid å utføre, og her kjem åndeleg magi inn. Åndeleg magi er første og fremst brukt for å støtte opp om dei andre personane i kampen, og du kan gjere alt frå å gjere bruken gjere folk raskare, til å gjere fysiske angrep sterkare.

I tilegg til dette treng du så godt som aldri å kaste deg ut i kamp etter kamp for å bli god nok til å ta den neste sjefen, noko som er utruleg befriande. Spelet inneheld ei nivågrense for kvart område, som gjer til at mengda med erfaringspoeng du får etter kvar kamp, går drastisk ned når du når eit visst nivå. Dette fungerar to vegar. På den eine sida kan du ikkje bli så god at alt blir for lett. Om du på den andre sida skulle finne ein person som ligg ti nivå under dei andre, vil du raskt kunne få han opp på deira nivå, utan å måtte slite i time etter time for å få det til.

Konklusjon

Lost Odyssey er eit av dei store. Det er eit spel eg kjem til å hugse om ti år, og det er eit spel som kjem til å for all tid ligge inngravert i hjernebarken som eit av dei spela som verkeleg greip om meg. Det finnest ikkje eit einaste spel opp gjennom tida som har gått inn på meg i større grad enn kva Lost Odyssey har gjort. Alt anna bleiknar i samanlikning. Det fantastiske utviklarteamet bak spelet har skapt personar i ei verd du verkeleg trur på. Du endar opp med å bry deg nesten forstyrrande mykje om det som trass alt berre er fiktive figurar på ein skjerm.

Det er kanskje små tekniske ting her og der som kunne ha vore betre, men det betyr så lite. Det betyr så frykteleg lite når ein ser alt i perspektiv. No kjenner eg berre eit tomrom. Å runde spelet er som å ta endeleg farvel med gode vener.

Lost Odyssey er stor spillkunst.

Lost Odyssey

X360
Slippdato: 29. februar 2008
Sjanger: Rollespill
Utvikler: Mistwalker
Utgiver: Microsoft

Kommentarer (125)

Forsiden akkurat nå

Til toppen