LucasArts-veteranar lagar sideskrollande retrostrategi

Super Roman Conquest blandar moderne strategi med pixelgrafikk.

I ein stadig tøffare bransje høyrer vi ofte historier om utviklarar som går frå nedlagde storselskap, til å lage små indieprosjekt, gjerne med finansiering gjennom Kickstarter. Nyaste tilskot på stammen er Seacliff Entertainment, eit lite utviklarstudioa samansett av to veteranar frå no nedlagde, men like fullt legendariske LucasArts.

Matt Bolan og Tim Temmerman har til saman 16 år bak seg i LucasArts der dei har jobba på både Indiana Jones-spel og fleire spel i Star Wars-universet. No har dei derimot bestemt seg for å rette blikket mot det romerske riket.

Krigføring i to dimensjonar

Soldatane kan slå frå seg i tre parallelle baner.

I Super Roman Conquest vil du få styre din eigen legion med romerske soldatar. Alt skjer i to dimensjonar og du vil sjå soldatane dine vandra sidelangs. Spelet er derimot ikkje heilt låst til dei to dimensjonane, sidan du her og der kan gå lengre inn i skjermen. Kvart nivå er såleis bygd opp av tre parallelle baner.

Undervegs i spelet vil du få velje kva soldattypar du vil bruke, samt oppgradere dei slik det passar deg. Du kan ta i bruk alt frå infanteri og bogeskyttarar til legar og katapultar for å hamle opp med fiendane.

Siger i kamp byr på viktige val.

Utanfor slaga vil du få planleggje kampanjen din via eit kart over det romerske riket, og gjere diverse val som vil påverke kvardagen. Om du vil skru opp skattar, ta slavar eller berre ta livet av alle innbyggjarane i nye regionar er heilt opp til deg.

Seacliff Entertainment har fram til no finansiert utviklinga av eiga lomme, men har no hoppa på Kickstarter for å selje ideen sin. Dei ber om 30 000 dollar for å få ferdig spelet. Går alt etter planen vil spelet bli lansert for Windows, Linux, Mac og Ouya i løpet av sommaren 2014. Ein beta vil bli tilgjengeleg rundt juletider.

Les også: Kickstarter-suksess for ambisiøst enmannsprosjekt
Les også: Klassiske River City Ransom får oppfølger

Siste fra forsiden