Anmeldelse

Magic The Gathering: Battlegrounds

Det enormt populære kortspelet inntar Xbox, men dette er ikkje Magic The Gathering slik du kjenner det.

Side 1
Side 2
Side 3

Du skal få lov til å ha dine Pokemon-kort, samlekort inspirert av Ringenes Herre, og din kløver ess. Det er eit kortspel som utan diskusjon regjerar på trona som verdas mest populære. Magic The Gathering, er meir ein eit spel, det er for mange ein mani, ein eigen kutur, om du vil. Sjeldne kort kan kome opp i verdiar på fleirfoldige tusen. Spelet er opphavet til både teikneseriar, leiketøysfigurar og dataspel. Tidlegare spel basert på Magic The Gathering har vore interaktive versjonar som slavisk har fulgt originalen, og har derfor høsta brukbar suksess blandt dei som ikkje føler for å kjøpe ein sekk full av booster packs kvar månad. Det er farleg å gjere sin eigen vri på eit vellukka konsept, og dette kan dessverre føre til at mange vil nekte å godta Magic The Gathering: Battlegrounds (frå no av Battlegrounds) for det det er; eit herleg og utradisjonelt spel.

Eit heilt anna spel Har du spelt Magic har du ingen garanti for å gjere suksess i Battlegrounds. Det tar seg ein del friheiter frå kortspelet, og magiutvalet er drastisk begrensa i forhold til antallet kort som eksisterar i omløp i dag. Når du startar opp spelet vil du få fleire val, du kan spele Quest-modus, eller diverse raske kampar for moroskuld. Uansett er det for din del best å få litt opplæring i Quest-modus først. Over seks kampanjar får du innføring i alle dei fem fargane av magi i Battlegrounds, og korleis spelet fungerar.

Alle typar magi har heilt særeigne kvalitetar. Svart magi omhandlar det meste du kan tenke deg innanfor død og øydeleggjelse, og kvit magi gjer det stikk motsette. Rød, grøn og blå magi spesialiserar seg på jord, luft og skog. I kvar av dei fem første kampanjane byrjar du med kun ein type magi, og får etterkvart tilgang på all magi innanfor fargen du brukar. Til slutt kan du velje farge heilt fritt, og du kan kombinere to fargar etter eige ynskje, før du set ut på den sjette delen, der du står heilt utan råd og veiledning.

I likheit med kortspelet har kvar deltakar 20 livspoeng. Vinnaren er den som greier å fjerne livspoenga til motstandaren. Dette gjer du ved å sende monster og forskjellige typar magi som til dømes ildkuler mot motstandaren din. Dei forskjellige skapningane du kan mane fram har forskjellige eigenskapar. Som ein gyllen regel vil alle monster slå eit slag mot ein fiende, før det vil forsvinne, og gjenoppstå der du mana det fram. Nokre monster har eigenskapar som gjer at dei kan gå vidare etter eit slag, heilt til dei når fram til motstandaren sin karakter. Ein del av poenget med Magic, såvel som Battlegrounds, er at alle typar magi har sine eigenskapar, men og sine svakheiter. Store delar av moroa med spelet er å finne ut kva som fungerar mot kva.

Den største forskjellen mellom Battlegrounds på Xbox, og eit slag Magic ved middagsbordet, er at i Battlegrounds foregår alt i sanntid. Du har ei bane som er delt på midten. Kvar duelist har sin del av bana, og er svært utsatt om han/ho forlet sin halvdel. For å kaste magi må du ha mana. I motsetning til kortspelet brukar du ikkje lenger land for å samle din dose mana, og du får heller ikkje magi i tilfeldig rekkefølge, etter kvart som du trekk kort frå bunken din. For å få mana må du samle manakrystallar, kvar krystall gir deg ein ny manaprikk, til eit maksimum på tolv. Desse krystallane dukkar opp med gjevne mellomrom, eller du kan bruke magi for å få fram nye.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden