Manipuler musikk i Fantasia: Music Evolved

Rock Band-studioet vil la deg herje med musikken slik du sjølv vil.

Harmonix har lenge vore høgt respekterte innan musikkspelsjangeren. Dei starta med solide spel som Frequency og Amplitude, men det var braksuksessen Guitar Hero som for alvor sette dei på kartet. Etter det hoppa dei vidare til Rock Band, før dei laga dansespela i Dance Central-serien for Microsoft og Kinect.

No har dei i saman med Disney i ei pressemelding kunngjort sitt neste prosjekt. Spelet heiter Fantasia: Music Evolved og vil som du sikkert forstår gå føre seg i Fantasia-universet til Disney. Fantasia var i si tid ein musikalsk teiknefilm frå 1940, som òg fekk oppfølgjaren Fantasia 2000 i 1999.

Blir det Disney magi i Fantasia: Music Evolved?

Levande musikk

Fantasia: Music Evolved blir derimot noko heilt anna. I dette spelet vil du med kroppen din kunne manipulere musikk frå kjende artistar som Bruno Mars, Fun. og Queen.

Totalt vil spelet kome med musikk får 25 ulike artistar, og kvar låt vil kome i både originalversjon og med to remiksa versjonar. Målet med spelet blir i følgje pressemeldinga å blande saman dei ulike miksane, samt gjere dine eigne manipulasjonar av musikken med ulike kroppsrørsler.

Dette blir med andre ord noko heilt anna enn Dance Central der du skal følgje eit fast spor for å oppnå store poengsummar. Fantasia: Music Evolved blir eit mykje meir eksperimentelt spel der det heile handlar om å oppleve musikk på eigne premissar enn å meistre rytmar og melodiar.

Fantasia: Music Evolved kjem i sal for Xbox 360 Kinect og Xbox One i 2014.

Les også: Anmeldelse: Rock Band Blitz Les også: Rock Band-studio vant storutbetaling

Siste fra forsiden