Masselagsmål i Hyrule

Det første Zelda-spelet på WII U kjem frå Dynasty Warriors-utviklarane.

Om du har venta i spaning på eit Zelda-spel til Wii U får du passet ditt påskrive i 2014. I ei Nintendo Direct-sending i dag har Nintendo kunngjort Hyrule Warriors, men dette blir noko heilt anna enn eit vanleg Zelda-spel.

Spelet som førebels ikkje har fått eit permanent namn blir utvikla av gjengen bak den actionfylte Dynasty Warriors-serien, og vil følgje i same gate som desse spela. Dette betyr at vi ikkje får eit spel der du skal springe rundt på eventyr for å utforske område og løyse gåter.

Link mot alle, alle mot Link

I staden for eit tradisjonelt Zelda-spel får vi eit actionspel der du skal denge store mengder fiendar i eit høgt tempo. Kampsystemet ser ut til å halde seg trygt til Dynasty Warriors-formelen der fargerike spesialangrep sender fiendane flagrande. Nintendo har ikkje gjeve ut nokre bilete frå spelet, men viste ein video der vi kan sjå Link hamre laus på fiendar i ulike storleikar og fasongar.

Konkrete detaljar om spelet har vi enno ikkje fått. Og om Link blir den einaste figuren du kan ta kontroll over i spelet, eller om spelet i likskap med andre spel frå Dynasty Warriors-studioet vil by på eit stort persongalleri, finn vi først ut til neste år.

Om du ikkje er godt kjend med Dynasty Warriors-serien har vi vurdert fleire av dei opp gjennom åra. Sist ut var Dynasty Warriors 8, men serien har tidlegare leika seg med gresk mytologi i Warriors of Troy, samt fleire actionspel basert på Gundam-animen.

Siste fra forsiden