Anmeldelse

Metal Gear Solid 3: Snake Eater

Mannen som snart skiftar namn til Double O Snake er tilbake, og tar deg med tilbake til 60-talet, isfrontar og atomvåpen.

Side 1
Side 2

Steven Seagal, di tid er over! Sjølvsagt har du eit solid arsenal av våpen, frå lyddempa pistolar (lyddemparen blir øydelagd over tid), til pumphagler og automatgevær. Ofte blir du nødt til å tenke godt over kva våpen du vil bruke i ein situasjon. Høge lydar kan raskt gjere livet svært surt for deg. Ein ny ting i Metal Gear Solid 3: Snake Eater er CQC, eller Close Quarter Combat. Dette systemet lar deg fange folk (eller berre brutlat slå dei ned), og bruke dei som levande skjold, kvele folk, kutte strupa på dei, eller gjere eit kjapt og brutalt avhør, for å finne ut om dei har nyttig informasjon. Informasjon kan du også få ved å ringe opp hjelpeteamet ditt som alltid er parat med nyttig info.

Det kan verke som om Hideo Kojima har ein filosofi om at eit spel ikkje nødvendigvis er kun eit spel. Ein film er heller ikkje kun ein film, men begge medium har sine definitive sterke sider. Om du kombinerar desse mediuma får du ein interaktiv film med lange sekvensar som pressar haka di ned mot golvet med brutal kraft. Du har ikkje sett noko før du har sett dette. Half-Life 2 har kanskje teknisk betre grafikk, men eg tør banne på at Metal Gear Solid har betre interaksjon mellom karakterane. Ansikta til samtlige karakterar du møter på er så forbløffande livslike at ein nesten blir redd av å sjå på det. Du kan sjå eit lite frekt smil i ei munnvik, berre halvt synleg, men du veit det var der, og det sender frysningar nedover ryggen din når du tenker på kva det betydde.

James Bond, gi opp! Det er så overdådig og overdreve at ein kvar anna hadde endt opp med ei katastrofe av eit spel. Visse av dei tinga du gjer får samtlige moderne og umoderne heltar til å sjå ut som feige pattesugande spedbarn. Det er stunts i det spelet her som får deg til å bryte ut i ein gledeslatter som umiddelbart gjer deg stum, og ute av stand til å tenke klart. Såg du nettopp det du såg, og kva var det han gjor akkurat no, og kven er den fyren der? Du blir dratt inn i historia på ein måte som greier å flette saman fakta og fiksjon på ein måte som gjer det vanskeleg å vere sikker på kva som er kva. Mitt poeng? Dette er like mykje ein film som eit spel. Du kan ikkje trekke fram argumentasjon om at pengane dine er bortkasta fordi du ofte berre ser ei historie utfalde seg, utan sjanse til å bestemme noko. Det er uvesentleg.

Dette er ein interaktiv film, det er meir enn eit spel, og det er ei genial historie fortalt på den einaste måten som viser den respekt. Du kan krangle alt du vil om at du gjerne vil ha meir friheit, ferre sekvensar, og mogleheita til å vere deltakar i enda større grad enn det du er. Det spelar inga rolle, Metal Gear Solid 3: Snake Eater hadde sannsynlegvis vore eit dårlegare spel enn kva det har enda opp som, om ingen av sekvensane var der. Grafikken og lyden er så bra at du berre vil sjå meir. Du trur på karakterane, og du veit det ligg så frykteleg mykje meir under det du så langt har fått lov til å sjå. Stor takk til svært dyktige skodespelarar for å ha fått dette til. Alle leverar sine roller med solid overbevisning, om du ser bort frå at nesten alle snakkar rein engelsk, trass i at det kan verke snodig med tanke på kvar du faktisk befinner deg.

Ein ting som må nemnast. Du er nødt til å lagre spelet, du skyldar deg sjølv så pass. Kvar gong du lagrar spelet vil du ende opp i ei samtale som kan strekke ut i mange, mange minutt. Det går stort sett i filmar frå tida før seksti-talet, og det er mange referansar til korleis dei trur ting vil vere om tjue år, altså no. Skodespelarane leverar ein så overbevisande prestasjon at ein lett trur på at folk i same situasjon ville ha snakka om akkurat det same. Stemmene er ikkje det einaste med lyden som strålar. Musikken sit som støpt for sniking i skogen, og lydeffektane er fantastiske. Du kan høyre dyr, gras og vind rundt deg på alle kantar, og resultatet er upåklageleg.

Konklusjon Det er ingen tvil, våren er her knapt, og eit av årets beste spel er allereie på plass. Det er mange langdryge, monotone og kjedelege eventyr ute og går, og det følest så hærleg befriande med eit kanonspel som Metal Gear Solid 3: Snake Eater. Spelet er eit kroneksempel på at eit spel med ei underliggande alvorleg handling, kan gjerast om til noko heilt anna om ein brukar dei rette verkemidla. Snake Eater er eit alvorleg spel, men også eit spel som byr på nye idèar, god spelbarheit og ei solid dose med voksen og genial humor som er betre enn den du finn i dei fleste filmar som prøvar å kalle seg for komedier. Du begår ei kriminell handling om du ikkje spring til nærmaste butikk og kjøper dette spelet no. Derfor skal eg ikkje sløse bort meir av tida di.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden