Microsoft vil gi deg fleire spel gratis

Games with Gold blir eit permanent tilbod på Xbox 360.

Under E3-messa tidlegare i år lanserte Microsoft eit tilbod der dei kvar månad ville gi deg to spel heilt gratis. Etter planen skulle denne kampanjen vare fram til Xbox One blir lansert over store delar av verda i slutten av november.

I det som etter kvart har blitt ein trend for Microsoft har dei no endra på denne kampanjen. I staden for å vare fram til slutten av november, vil Games with Gold no bli eit permanent tilbod på Xbox 360. Det fortel Microsoft på nettsidene sine.

To spel gratis i månaden

Defense Grid er eitt av fleire spel som ahr vore tilgjengeleg gratis.

Kvar månad blir to spel tilgjengelege heilt gratis over Xbox Live for brukarar med Xbox Live Gold-konto. Kvart spel er tilgjengeleg i to veker, og om du lastar ned spelet i denne perioden vil det bli ditt til odel og eige sjølv om du skulle avslutte Xbox Live Gold-medlemskapet ditt.

På Sonys konkurrerande PlayStation Plus-teneste får du òg laste ned spel gratis, men om du seier opp PlayStation Plus-medlemskapet ditt mistar du tilgang på spela du har lasta ned gratis. I motsetning til Games With Gold kan du derimot få kjøpe spel billegare om du har PlayStation Plus.

Akkurat no er Halo 3 tilgjengeleg gratis ut månaden. Tidlegare har spel som Fable III og Defense Grid vore tilgjengeleg.

Kva meiner du om gratistilbodet til Microsoft?

Les også: Feature: Vi har testet Xbox One

Les også: Xbox Live Marketplace heter nå Xbox Games Store

Siste fra forsiden