Anmeldelse

Mike Tyson Heavyweight Boxing

Mike Tyson, ei bokselegende. Berømt og berykta. Frå voldtekt til smaken av øyrer er det mange ting Mike Tyson er kjent for i tillegg til boksing. Dette spelet er nok ikkje noko han kjem til å bli hugsa for. Alt høyrest veldig bra ut, med tilsynelatande rundt omkring 14 kjende boksarar, haugevis med forskjellige komboar, osv osv. Problemet er at det er veldig få ting ved dette spelet som faktisk èr bra.

Side 1
Side 2
Side 3

Når nokon utropar seg sjølv til geni, slik Codemasters gjer i underteksten på logoen sin, er det ein god grunn til mistanke. Det begynner greit nok, som forventa av eit Mike Tyson-spel, med filmsekvensar av den store boksekjempa i svart kvitt med pompøs musikk i bakgrunnen. Begrensningane viser seg raskt. Det er få valmuligheiter her, og det at det ikkje er ein treningsmodus for dei som gjerne vil lære seg å handtere spelet litt før dei begir seg ut på vegen å få eit stort og flott belte, trekker ned.

Det du har, er muligheita for å ta ein medalje, ein oppvisningsmodus, ein tidsmodus der du skal slå ned folk så fort som mulig, og sjølvsagt å spele mot ein venn. Den beste av desse er eigentleg multiplayer. Vanskelegheitsgrada i spelet er alt for høg. Du har ingen kurve der du kan begynne å slåss mot middelmådige boksarar, for så seinare møte på tungvektarane. Du blir kasta rett inn i løvehula der du ikkje blir godt mottatt. Så for å vere forberedt på dette er multiplayeren ein god måte å trene seg opp litt på, i fråveret av ein treningsmodus.

Ein ting som trekker opp litt er editoren der du kan skape din eigen bokser. Du kan forandre på alt. Augebryn, hake, ja, alt som har med hovudet å gjere. Etter å ha gått igjennom fleire steg i prosessen ved å lage mitt alter-ego, enda eg opp med noko som såg ut som ein Orc frå Warcraft-serien. Det heile tapte seg litt når eg oppdaga dei begrensa muligheitene eg hadde med kroppen. Du kan riktignok variere høgde, bredde, armlengde og muskulatur, slik at du ser ut som alt frå Sylvester Stallone, til ein vanskapt Jotne frå Norrøn mytologi.

Likevel ser kroppane veldig like ut når du først kjem ut i ringen. Og du innser at mykje av strevet var til inga nytte. Du kan og bygge opp kva karakteren din er god og dårleg til. For å gjere dette må du delta i mesterskap og vinne pengar. Di meir pengar du har, di meir av spelet får du sjå. Verre blir det når du ikkje har eit einaste spesialtriks til å begynne med. Det kjem du ikkje langt med ute i ringen.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden