Naruto slår frå seg på PC

Ultimate Ninja Storm 3 kjem i forbetra utgåve.

Namco Bandai og CyberConnect2 har gjort solid suksess med Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm-serien. I desse spela får vi ta styringa over animehelten Naruto, og utforske verda hans. Det unike med denne serien er at den blandar fleire ulike element på ein ganske så spesiell måte.

I tillegg til å by på ganske tradisjonell utforsking av skoglandskap og byar, byr spelet på eit actiontungt kampsystem som du kan gå på nett med for å daske laus på venene dine. På toppen av kampsystemet kjem overdådige og filmatiske sjefskampar fulle av QTE-sekvensar.

Du finn alltid ein sterkare fiende i Naruto.

Så langt har serien berre vore tilgjengeleg for deg som har ein PlayStation 3 eller Xbox 360, men det vil endre seg til hausten. Då lanserer Namco Bandai Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 3: Full Burst for PlayStation 3, Xbox 360 og PC, får vi vite i ei pressemelding. At serien kjem til PC for første gong betyr første og fremst kantutjamning og 60 bilete i sekundet, noko mange fans av serien har tørsta etter i årevis. Serien er noko av det næraste vi har kome ein interaktiv teikneserie, men det største skåret i den gleda har vore svært tydelege kantar rundt alle figurane.

Ved sidan av dei opplagde grafiske forbetringane vil Full Burst på på fleire nye tillegg til originalpakka. Full Burst byr på eit nytt kapittel, nye spelbare figurar, samt drøssevis med nye oppdrag og kostymer. I tillegg vil fleire sekvensar få seg ei oppussing sidan Namco Bandai hevdar dette vil by på ei meir intens oppleving.

Om du allereie skulle eige Ultimate Ninja Storm 3 til PlayStation 3 eller Xbox 360 vil alt det nye innhaldet bli tilgjengeleg som nedlastbart innhald. Kor mykje dette eventuelt vil koste har derimot ikkje Namco Bandai sagt noko om.

Les også: Anmeldelse: Naruto: Ultimate Ninja Storm Generations Les også: Anmeldelse: Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 3

Siste fra forsiden