Need for Speed til neste generasjon

Nytt studio vil ta den klassiske racingserien til nye høgder.

Det var berre eit spørsmål om tid, og torsdag kveld kunngjorde EA i ei pressemelding det neste spelet i Need for Speed-serien. Spelet kjem til det meste som kan krype og gå av plattformer – inkludert PlayStation 4 og Xbox One – og har fått namnet Need for Speed: Rivals.

Som namnet seier vil dette spelet handle om to motståande krefter. Desse er ikkje uventa politi og villmannskøyrarar. I rolla som føraren av eit solid køyrety må du unngå politiet for ein kvar pris, og om du gjer ein god jobb og kjem deg unna mange politifolk vil du stige i gradene. På denne måten vil du låse opp nye kjerrer og gjenstandar. Risikoen blir større desto lengre du held deg unna lovas lange arm, og i følgje pressemeldinga kan du mista alt om du gjer grove feil.

I rolla som politiet kan spelarane samarbeide om fakke råkøyrarane. Her òg vil du stige i gradene, noko som låser opp nye politibilar og teknologi som gjer det lettare å fakke skurkane.

Ferrari er tilbake i leikegrinda.

Saumlaus fleirspelar

Eitt av måla med Need for Speed: Rivals er at spelarane saumlaust vil kunne gå frå einspelar til fleirspelar. Detaljane på korleis dette vil fungere i praksis er ikkje heilt klart, men EA fortel at fridomen til å spele med vener er meir tilgjengeleg enn nokon gong.

Need for Speed: Rivals blir skrudd saman av det nye EA-studioet Ghost Games i samarbeid med racingekspertane i Criterion. Ghost Games held til i Stockholm og blei starta av veteranar frå Battlefield-studioet Dice. Utviklarane vil nytte Frostbite 3-motoren for å vekkje verda i Need for Speed: Rivals til live.

Need for Speed: Rivals kjemi sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Windows 19. november. PlayStation 4- og Xbox One-versjonane kjem i sal noko seinare. Den første traileren kan du sjå nedanfor.

Les også: Racing med 1200 hester Les også: Project Gotham Racing kan vende tilbake

Siste fra forsiden