Neil Gaimans første spel har fått dato

Neste månad kan du bli spøkjelse for å skremme folk ut av huset ditt.

I fjor sommar blei det kjent at Neil Gaiman, forfattaren bak Sandman og Coraline, hadde slått seg saman med The Misadventures of P.B. Winterbottom-utviklarane hos The Odd Gentlemen. Dei lanserte ein folkefinansieringskampanje for å lage den humoristiske grøssaren Wayward Manor.

I dette spelet tek du på deg rolla som eit spøkjelse i ein stor bygning, og ditt mest brennande ynskje er å få vere i fred. Det får du derimot ikkje, og i løpet av spelet vil du gå hardt til verks for å skremme folk frå å bu der.

Lansering om få veker

Det er best å bli kvitt pakket.

Rett før helga blei det klart at Wayward Manor har fått lanseringsdato. Frå og med 15. juli kan du sjå om spøkjelselivet er noko som passar for deg. Spelet blir tilgjengeleg for Windows og Mac via Steam.

Wayward Manor er eit eventyrspel der du må løyse mange ulike gåter for å kome vidare. Spelet vil introdusere deg for ei lang liste sære personar, og desse må du observere og lære å kjenne for å finne ut korleis du best skal skremme dei ut av huset ditt. Kvart nivå blir sagt å vere ei leikegrind der du vil kunne ta i bruk mange metodar for å skremme folk.

I følgje Steam-sida til Wayward Manor starta det heile ved at The Odd Gentlemen og Neil Gaiman leika med LEGO. Om dette er eit godt utgangspunkt for å lage spel finn vi snart ut.

Siste fra forsiden