Neste Broken Sword kjem til Vita

George og Nico hiv seg over på enda ei plattform.

Tidlegare i veka fekk vi høyre at utviklinga går som smurt for Broken Sword-teamet til Revolution Studios. Det femte spelet i den populære eventyrserien om Georga Stobbart og Nico Collard er snart klart for alfa, og kjem i sal mot slutten av året med mindre utviklarane støyter på store og uventa problem.

No har Revolution via nettsidene sine kunngjort at spelet kjem til enda ei plattform. Frå før har det vore klart at spelet ville kome til Windows, Linux, Mac, iOS og Android, men no kan vi leggje til PS Vita til den lista. Som med dei andre versjonane vil Ps Vita-versjonen òg kome i sal før året er omme.

George Stobbart er som vanleg på sporet av mord og mysterium.

Tilbake til røtene

Broken Sword: The Serpent's Curse blei finansiert gjennom Kickstarter og blir ein tur tilbake til gamle trakter for alle som har kosa seg med eventyra til George og Nico opp gjennom åra. Som i dei første to spela vil bakgrunnane vere handteikna, og spelet vil by på klassiske peik og klikk-utfordringar.

Figurane vil derimot bli laga i 3D, og vil såleis bli eit lite stilskifte frå dei handteikna animasjonane frå dei første spela. Utviklarane ser derimot ut til å ha gjort sitt beste for å få den visuelle stilen til å gli fint inn side om side med originalspela, i staden for å følgje i spora til dei to føreståande spela som begge var i 3D og følgjeleg fekk eit noko anna grafisk preg.

Som vanleg vil vi få høyre skodespelaren Rolf Saxxon i rolla som alles favorittadvokat George Stobbart.

Les også: Kickstarter-suksess gir håp for Beneath a Steel Sky 2 Les også: Tilbakeblikk: Broken Sword: The Shadow of the Templars

Siste fra forsiden