Neste veke kan du køyre USA på kryss og tvers

The Crew-beta blir tilgjengeleg for alle kort tid før lansering.

Det ambisiøse bilspelet The Crew har vore gjennom nokre lukka betatestar allereie, men om du ikkje var heldig nok til å bli med der, får du sjanen igjen neste veke. I dag fortel Ubisoft og utviklarane hos Ivory Tower at dei snart vil opne slusene for alle som vil bli med. Frå 25. november til 27. november startar ein open betatest på PlayStation 4 og Xbox One. Ved lansering vil spelet bli tilgjengeleg på PlayStation 4, Xbox One, Xbox 360 og PC.

Betaen vil la deg utforske heile verda, og den er ikkje liten. I spelet får vi ein noko komprimert versjon av USA, og i spelet finn vi mange velkjende byar og store villmarksområde. Det skal ta heile 45 minutt å køyre frå kyst til kyst. Kartet er delt opp i fem regionar og i betaen vil du få bryne deg på oppdrag og utfordringar i to av dei.

Bilspel med ein vri

Ingenting er som ei lekker kjerre i solnedgang.

The Crew er ei samansmelting av fleire ulike sjangrar. Sjølv om du sit bak rattet på ein bil er ikkje det alt spelet har å by på. Du kan slå deg saman med andre spelarar i grupper, og bli med i fraksjonar. Når du klarar utfordringar og når nye mål låser du opp nye bilar og utstyr på same måte som i eit rollespel. Alt i ei verd full av andre spelarar.

Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i haust, og såg mykje potensiale i spelet:

«Den åpne verda utviklarane har laga er variert, stor og byr på utallige timar med utforsking. Det er ei fryd å cruise rundt med ein heftig muskelbil på dei mange amerikanske vegane. Undervegs finn ein mange oppdrag og utfordringar som kan gjerast, som krydrar opplevinga enda litt til.»

Om du er spent på kva The Crew har å by på bør du ta ein kikk på den fyldige traileren nedanfor saka. Eit anna bilspel vel verdt ein kikk er Forza Horizon 2, som vår meldar meinte var eit paradis for bilelskarar.

Siste fra forsiden