Nifse Alien: Isolation har fått dato

Blir dette eit av tidenes skumlaste spel?

Alien-serien har hatt ei litt ustabil historie i spelmarknaden. I fjor plaska det katastrofale Aliens: Colonial Marines inn over oss, og det spelet fekk nok mange til å miste håpet om eit skikkeleg Alien-spel i moderne tid.

Overraskinga var difor ganske stor blant mange då Sega kunngjorde at Total War-studioet Creative Assembly var i full sving med skrekkspelet Alien: Isolation. Dette spelet handlar ikkje om å plaffe ned bølingar med svarte kryp, og i staden skal du i rolla som Alien-helten Ellen Ripleys dotter Amanda Ripley overleve i eit romskip der ein einsleg xenomorph herjar.

No har Sega sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Alien: Isolation har fått lanseringsdato 7. oktober.

Held seg trufast til filmane

Det er best å halde solid avstand til denne karen.

Alien: Isolation er eit grøssarspel i førsteperson der du med svært få midlar må overleve dei ulike utfordringane som kjem din veg. Du vil bli nøydd til å improvisere og tenkje smart, samt bruke gjenstandar du skulle finne på din veg for å overleve.

Utviklarane har lagt stor vekt på å byggje opp eit spel fans av filmane kan kjenne seg igjen i. Det betyr at vi vil få vandre rundt i eit romskip med sterke 70-talstrekk der blant anna gamle PC-monitorar og design sender oss til ei retroaktig framtid. Den kjende rørslesensoren frå filmane blir eit viktig instrument, slik at du kan gjere ditt beste for å halde avstand til beistet som luskar i korridorane. Vi tok nyleg ein kikk på spelet, og vi var imponerte over stemninga spelet skapte gjennom bilete og lyd:

«Alle desse elementa syast saumlaust saman, og det er dette som er med på å gjere opplevinga så skrekkeleg og truverdig som det den er. Det er intenst som få, nervepirrande og berre frykteleg, frykteleg skummelt. Vi fekk riktignok berre ein bitteliten smakebit på Amandas eventyr denne gongen, men om resten av spelet forset i den same tralten, lovar dette umåteleg godt for det neste Alien-spelet.»

Om du vil vite meir om Alien: Isolation utførte vi nyleg eit intervju med Alien: Isolation-designer Al Hope. Der fekk vi vite at utviklarane vil vi skal få kjensla av å vere innesperra i eit mareritt saman med eit monster.

Alien: Isolation kjem i sal for PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One og Windows 7. oktober.

Siste fra forsiden