Nye utfordringar i Mordor

Shadow of Mordor får si første dose ekstrainnhald om nokre få veker.

I god tid før lanseringa av den tredje Hobbit-filmen i desember har mange allereie tatt turen tilbake til Tolkiens rike i Middle-earth: Shadow of Mordor. Her få du ta på deg rolla som ein etter forholda sprek fyr som har stått opp frå dei døde for å ta hemn over orkane.

Spelet har fått god mottaking så og seie over heile fjøla, og i dag har Warner Bros. sendt ut ei pressemelding der dei fortel kva vi kan vente oss den første utvidinga til spelet, som kjem 21. november. I Lord of the Hunt har Sauron sendt ut ei rekke krigshøvdingar som kjem ridande inn i Mordor på store beist. Målet deira er å utrydde monstra som herjar i området.

Middle-earth: Shadow of Mordor har gjort hausten vanskeleg for orkesympatisørane.
Warner Bros.

Din jobb blir å ta styringa over krigshøvdingane sine beist for å snu dei mot sine herrar. Utvidinga kjem med ei rekke nye nemesisar, og du vil få ri på ein massiv Graug som spyr gift i alle retningar. Dyret blir skildra som ei stridsvogn som kan gjere stor skade i orkeleirane. Alternativt kan du ri på ein mindre Caragath for å liste deg inn på fiendar, eller hoppe ned på dei ovanfrå.

Ved sidan av dette byr Lord of the Hunt på ei ny drakt til helten Talion, nye oppdrag, utfordringar og samleobjekt, samt fem nye episke runer.

Intrikat maktsystem

Middle-earth: Shadow of Mordor blandar den frie utforskinga frå Assassin's Creed med kampsystemet frå Batman: Arkham-spela, og puttar det heile inn i den kjende Ringenes Herre-verda. I spelet møter du ei rekke orke-sjefar som raskt kan ende opp som farlege rivalar. Om du døyr mot ein av desse, vil han bli sterkare før, og bli enda vanskelegare å ta.

I vår vurdering meinte vi at dette var den absolutt beste delen av spelet, og at Shadow of Mordor hadde vore eit ganske middelmåtig spel utan rivalsystemet:

«Verdas blassheit til tross, Middle-earth: Shadow of Mordor bør opplevast av dei som tørstar etter eit sandkassespel med ein vri. Å bryne seg på orkanes maktsystem er ei oppleving som utvidar seg og blir meir spanande gjennom heile spelet, og det oppstår alltid nye situasjonar som skil seg frå dei forrige.»

Sjølv om Audun ikkje forelska seg fullstendig i spelet, hadde RadCrew ei anna oppfatning. Dei meinte Middle-earth: Shadow of Mordor er eit spel alle burde spele.

Siste fra forsiden