Nytt Dungeons & Dragons-spel vil gjenskape penn og papir-opplevinga

Dragon Age: Origins-regissøren tar oss med tilbake til Forgotten Realms seinare i år.

Wizards of the Coast

Opp gjennom åra har mange utviklarar laga spel basert på rollespelet Dungeons & Dragons. Spesielt har universet Forgotten Realms fått ei rekke spel, sjølv om dei har variert i kvalitet frå det makelause, til det makabre.

Felles for digitale tolkingar av det gamle penn og papir-rollespelet er at dei ikkje har vore i stand til å gjenskape kjensla av å sitje rundt eit bord saman med vener. Det vil derimot Dragon Age: Origins-regissør Dan Tudge gjere noko med. Saman med utviklarar hos n-Space og Digital Extremes har han i dag avslørt rollespelet Sword Coast Legends.

Sword Coast Legends vil i all hovudsak bli eit tradisjonelt rollespel, og blir basert på den femte utgåva av Dungeons & Dragons-regelsettet. Det vil kunne spelast aleine, eller i ei gruppe på fire spelarar. Den store forskjellen mellom Sword Coast Legends og andre Dungeons & Dragons-rollespel er at ein femte spelar kan ta på seg rolla som Dungeon Master, og styre kva som skjer i spelet.

Bli regissør i ditt eige spel

Kan Sword Coast Legends skape rollespelmagi?

I rolla som Dungeon Master vil du ha makt til å både øydeleggje og gjere livet lettare for spelarane, omlag på same måte som ein Dungeon Master gjer når eit knippe rollespelarar samlar seg rundt eit bord.

Du skal kunne planleggje eventyr for andre spelarar, og gjere endringar medan spelet pågår. Om spelet blir for lett, kan du sende inn fleire fiendar, og om det blir for utfordrande skal du ha knep for å handtere dette òg.

Sjølv om Sword Coast Legends ser ut til å vere fokusert rundt fleirspelarmodusen vil spelet samstundes vere mogleg for ein spelar, og skal by på ei full historie. Du vil kunne velje mellom fem rasar og seks karakterklassar når du lagar figuren din, og naturlegvis byggje opp helten din etter kvart som du sankar erfaring.

I tillegg blir vi lova eit taktisk kampsystem der du vil kunne pause kampane for å planleggje neste trekk.

Sword Coast Legends har ikkje fått lanseringsdato heilt enno, men skal etter planen lanserast på Steam seinare i år.

2015 kan bli eit godt år for rollespelentusiastar. Snart lanserast Pillars of Eternity, som blir utvikla av rollespelveteranane i Obsidian Entertainment.

Siste fra forsiden