Nytt spel frå 3D Realms

Planeten tar hemn i eit nytt spel frå skaparane av Max Payne.

Computer & Video Games rapporterer at den første informasjonen om 3D Realms sitt nye sci-fi-skytespel, Earth No More, er å finne i siste nummer av det amerikanske bladet Game Informer. Spelet er utvikla av Recoil Games, eit selskap som består av folk som tidlegare har vore med på å skape Max Payne.

Historia i Earth No More startar i New England. Byen har blitt satt i karantene grunna eit mystisk utbrot. Giftige planter sprer raskt om seg, og forandrar landskapet og den omliggande naturen dramatisk. Det viser seg at dette voldsame utbrotet er vår eigen feil. Etter vårt misbruk og mangel på respekt for planeten vi bur på, har den praktisk talt tatt hemn.

Hovudfokuset i spelet vil vere å ha kontakt med medmenneske. Samtalesystemet i spelet skal i følge Game Informer rivalisere det vi finn i Mass Effect frå BioWare, noko som burde kunne heve nokre augebryn. Sidan spelet ikkje tar i bruk filmsekvensar, kan vi nok forvente oss eit spel der alt skjer gjennom dine eigne auge.

Du vil spele som den unge mannen Will Forsyth. Utviklarane hos Recoil Games vil unngå å setje deg inn i rolla som den einsame helten. I staden reiser du i lag med fire vener, utan at det endar opp som eit lagbasert spel. Alle desse venene vil ha sterke personlege trekk. Motivasjonen for handlingane deira varierar frå person til person, og dei har alle forskjellige bakgrunnshistorier og ting dei held for seg sjølv. I følge Game Informer skal du verkeleg få sjå korleis desse personane utviklar seg gjennom spelet.

For å få til dette, har utviklarane studert filmar som til dømes Alien, Invasion of the Body Snatchers og 28 Days Later. Ein del av målet til Recoil Games er å lage eit spel som ivaretar den spenninga og intensiteten som oppstår mellom personar i slike filmar.

Vidare kan Shacknews fortelje at spelet vil støtte ein nettbasert samarbeidsmodus, samt "deathmatch". I tillegg vil du kunne gå inn i fienderolla, og spele mot heltane. At Recoil Games legg fokuset på Will Forsyth og venene hans, vil få betydning for våpna. Nesten alle våpena i spelet er designa rundt ein samarbeidsmodus.

3D Realms er i gong med ei satsing der dei samarbeidar med uavhengige selskap for å skape nye spelkonsept. Earth No More er eit av tre spel under utvikling akkurat no, men målet er å produsere heile åtte titlar totalt. På 3D Realms sine nettsider blir vi samtidig informert om at det snart vil kome ei stor annonsering (som ikkje har noko med Duke Nukem Forever å gjere).

Earth No More kjem til PC, PlayStation 3 og Xbox 360 i løpet av 2009.

Siste fra forsiden