Sniktitt

Oddworld: Stranger's Wrath

Det er ein framand raring på veg til butikkhyllene. Armert med levande dyr og ei usannsynleg tørr form for humor, er det klart for eit action-eventyr litt utanom det vanlege.

Det er klart det har vore forventningar til dette spelet. I ti år har Oddworld Inhabitants gitt oss absurde plattformeventyr du skal leite lenge etter for å finne makan til. Den kunstneriske retninga Lorne Lanning og dei andre innbyggarane av selskapet hans har tatt, er ulikt noko anna. Det same gjeld for Oddworld: Stranger’s Wrath. Det er til og med ulikt sine tidlegare slektningar, og sender deg ut i noko som kun kan beskrivast som eit western-eventyr i ei verd kun Darwin sin skrudde tvillingbror kunne kome opp med.

Ein uvanleg helt Vår "helt" i dette spelet er Stranger, ein byttejegar med ein livstrugande lidelse han må punge ut med tjue tusen moolah (mynteininga i Oddworld) for å få reparert. Han ser ut som det du får om du kryssar Han Solo med Chewbacca, eller kanskje ein Moskusokse med ein innbyggar i Andes-fjella. Fiendane han først og fremst må rydde av vegen (som i å suge dei opp i ei maskin eg ikkje ein gong vil prøve å beskrive, for så å levere dei inn mot betaling), ser ut som dei ulykksalige kjærleiksbarna frå ei padde og ei krokodille. Innbyggarane i byane han besøker er ein gjeng med klona kyllingar (klona fordi dei alle har same stemme), som ikkje likar nærkontakt.

Scena er satt, og det er klart for action. Kva er det no som gjer at du som har fulgt denne serien trufast gjennom alle år, skal ta deg turen ein gong til? Vel, ganske mykje eigentleg. Det er ei blanding mellom action i tredjeperson og førsteperson, og det kan bli nyttige med både gøyming i skuggane, og reine sjølvmordsaksjonar. Det som kanskje skiljer førsteperson-delen av Stranger’s Wrath mest frå Xbox sin store skytefest; Halo, er at du kun har eit våpen, men eit absurd utval av ammunisjon. Det varierar mellom stinkdyr, eksplosive flaggermus, og vepseflokkar. Joda, det er ikkje heilt som andre spel dette her, men det har vel Oddworld-serien aldri vore.

Ammunisjon utanom det vanlege Måten du får meir ammunisjon i Stranger’s Wrath er noko litt utanom det vanlege. I staden for å plukke opp ammunisjon og våpen frå døde fiendar, eller finne boksar rundt omkring, må du svimeslå ammunisjonen din først. Greit nok, eit par ammunisjonsboksar finn du, men som regel må du leite både høgt og lavt etter krypa som skal senke dine fiendar. Når dette er gjort er det berre å vere kreativ. Du kan fyre av med begge ryggknappane samtidig, og du skiftar ammunisjon lett ved å trykk på D-paden (det er også veldig praktisk at spelet pausar når du gjer dette, du slepp altså å bekymre deg for kva som skjer medan du veljer).

Oddworld: Stranger’s Wrath er eit oppdragsbasert spel (i alle fall så langt vi har hatt anledning til å teste det). Du reiser til forskjellige byar bebudd av kyllingane (eller hønene/hanane, alt ettersom) eg nemnde tidlegare. Her kan du gå til "Bounty Store" for å finne nye mål, og gevinsten for eit fullgjort oppdrag avhengjer av om du bringer tilbake byttet ditt i live eller ikkje. Når dette er gjort kan du besøke andre folk som kanskje har noko interessant å seie, eller du kan ta ein tur til butikken for å oppgradere utstyret ditt litt.

Flott grafikk Oddworld-spela har alltid hatt ein særeigen stil, og i Oddworld: Stranger’s Wrath ser det betre ut enn nokon sinne. Animasjonen er upåklageleg, og det er god variasjon i både oppbygging og design. Dei sterkt western-inpirerte områda vi har sett så langt osar av kruttrøyk, noko som også blir forsterka av dei hvinande lydane våpena til fiendane dine gir frå seg. Det som kanskje imponerar mest er den lange synsvidda du har. Du kan befinne deg i store opne område der du faktisk ser kva som er eit stykke unna. Der du finn tåke, ser det berre ut som ein naturleg del av spelet, og objekt som er eit godt stykke unna glir naturleg ut av synsfeltet. Ein anna ting som lovar godt er lastetidene som er minimale på sitt verste. Du kan springe sømlaust mellom område, og dei einaste merkbare lastetidene er ved dødsfall, eller når du går inn og ut av bygningar.

Dei forskjellige karakterane i spelet har alle gode stemmer som kler fasongen deira, men som nemnt tidlegare har til dømes kyllingane i byane akkurat same stemme, noko som gjer samtaler mellom dei litt vel unaturlege å vere vitne til. Det same gjeld for fiendar. Kanskje ser du ein liten filmsnutt når du kjem inn i eit område, og når to fiendar som ser heilt like ut, i tillegg snakkar til kvarandre med nøyaktig same stemme blir det lett å få ein lett følelse av splitta personlegheit. Sånn reint bortsett frå det er det ikkje å mykje å utsetje her. Eg får ein merkeleg følelse av at Stranger (bak si mørke og djupe stemme) høyrest litt tilbakeståande ut, noko som eigentleg ikkje kler det inntrykket han gir. Om dette er med hensikt eller ikkje, er derimot noko vi må vente litt med å finne ut av.

Konklusjon Oddworld: Stranger’s Wrath lovar å bli ei solid dose underhaldning når det dukkar opp tredje mars. Det er ikkje fullt så mange tankegåter ute og går her som i tidlegare spel, men vekta er i staden lagt på action i eit ganske uvanleg format. Det er vanskeleg å ikkje la seg fascinere av eit spel der ammunisjonen din glefsar til deg. Det både ser, høyrest og følest bra ut, og følest merkeleg nok eigentleg som ei naturleg utvikling frå dei tidlegare spela. Korleis spelet held seg i det lange løp gjenstår å sjå, men det vi har sett så langt lovar svært bra, og vi gledar oss til å sjå meir.

Siste fra forsiden