Oddworld: Stranger's Wrath

Eg trur ikkje det går an å forstå Oddworld, du må berre akseptere at det er der. Du treng ikkje prøve å finne logikken i kyllingar som spring rundt i gatene og snakkar med Texas-dialekt, du må berre godta at slik er det. Det er ingen vits i å ha medkjensle med dei stakkars dyra Stranger brukar som ammunisjon, du må berre la det gå. La det gå og forstå at dette ikkje er ditt typiske action-eventyr. Det er ikkje eit typisk spel der du kun spring rundt med eit valgfritt våpen og skyt fiendane dine til små blodpølar. Eller er det no så atypisk som vi blir fortalt?

Stranger er ein dusørgjegar. Han går til nærmaste dusørjsappe, får eit oppdrag, finn skurken, tar han med tilbake, og får pengar for bryderiet sitt. Fangar han skurkane levande får han ein fin sum, går dei av med døden, får han kun halvparten. Det er eit enkelt konsept som blir gjentatt i lang tid, heilt til spelet brått blir eit reint action-spel der insekta flyg i alle retningar. I byrjinga er det heilt fantastisk. Det er som å kome til ei ny verd. Det ser heilt spektakulær ut gjennom Stranger sine auge, og det er eit utsøkt stykke kunst som smakar veldig godt for slitne auge proppa fulle av dårlge teksturar og slapp bildeoppdatering gjennom alt for mange spel.

Vakkert, nydeleg, fantastisk
Oddworld: Stranger’s Wrath er det stikk motsatte. Det er ei vibrant verd med sterke fargar og område som kjem til live på ein måte vi sjeldan får sjå. Det er nydeleg, rett og slett nydeleg, og lyseffektene er noko av det penaste du kan tillate deg å sjå, og ja, eg har spelt alle dei andre spela som påstår dei har det same. Stranger spring/galloperar gjennom alt frå tørre ørkenområde til frodige skogar der insekta flyg fram og tilbake, og pollen sakte glir gjennom lufta. Det er faktisk som å kome til ei anna verd. Du kan sjå horisonten, langt, langt borte, der den såvidt er synleg bak stein og tre. Det er slik det skal vere, ingen stygge, grå horisontar som overlet absolutt alt til fantasien. Her er fantasien komplett, og du innser at det er slik det kan sjå ut om folk faktisk bryr seg om jobben sin.

Sånn reint bortsett frå å vere eit strålande skue byr Oddworld: Stranger’s Wrath på ein ganske festeleg spelestil litt utanom det vanlege. I staden for å konsekvent springe rundt for å drepe fienden, må du her sørge for å fange den. Eller, du må ikkje, men du bør, for det er det du tener mest pengar på, og pengar får du bruk for når du skal oppgradere utstyret ditt, eller betale for ein operasjon som kostar tjue tusen moolah (moolah er altså valutakursen Oddworld går etter, så nei, det er ikkje ein hesterase). Akkurat denne operasjonen er det som driv Stranger gjennom eventyret sitt. Eit eventyr som byr på ei overraskande seriøs historie, under all den absurde humoren.

Krutt er for pingler
For å fange alle desse lovlause avskumma som er ditt levebrød, har du eit ganske assorert utval av organiske livsformer som gjer jobben du vil ha gjort. For å ha det klart, ammunisjonen byr strengt talt ikkje på nokon som helst form for nytenking innanfor nokon som helst sjanger. Det som er nytt, er at ammunisjonen er eit humoristisk innslag, og at den er levande, men nitti prosent av ammunisjonen kunne like godt ha vore ammunisjon frå eit science-fiction-spel, med det enkle unntak at der ville den ikkje ha vore levande. Kva er eigentleg den praktiske forskjellen på eit nett du kastar rundt fienden for å fange han, og ein edderkopp-liknande skapning som spinnar eit vev rundt han? Eigentleg ikkje så mykje, men det gjer spelet underhaldande, og det at ammunisjonen faktisk er levande, gjer heile opplevinga til noko litt anna.

Til dømes har du ein rabiat rase som går under namnet fuzzler. Du kan sjå på dei som små hårballar med store tenner, og desse kan du bruke for å lage feller for fiendane dine, eller skyte rett på dei for å la dei føle ekte smerte. Eit anna eksempel på kreativ ammunisjon er stunkz, eller stinkdyr på godt norsk. Skyt eit slikt mot ei gruppe fiendar, og dei står og spyr ei stund, noko som gir deg rikeleg med tid til å springe bort til for å fange dei med støvsugaren din. Skal du få dusør for ein fiende må du ta han med deg, og det er støvsugaren du brukar til dette (greit, det er kanskje ikkje ein støvesugar, men funksjonen er den same, og derfor kallar vi den for det).

Tilbake i byen kan du levere inn fangsten din, og samtidig sjekke kva butikken har å tilby. Dette er eigentleg alt du kan gjere i byane. Det er mange hus, og gatene sprudlar av liv, men det er altså ytterst få hus du faktisk kan gjere noko med. Dette er kanskje like greit sidan du ikkje endar opp med eit spel der du spring rundt og sjekkar kvart einaste hus medan du knuser tønner for å sjå om du finn noko du har bruk for. Tilbake ute i gatene er det eit syn som møter deg: kyllingar. Det er enorme mengder av desse hønsehjernane frå sørstatane rundt omkring i spelet og alle klukkar og snakkar om deg medan du går forbi. Faktisk kan du få nyttig informasjon frå desse og.

Pratesjuk hønsebinge
Praten går konstant i bakgrunnen når du er i byane, og av og til slepp dei ut viktig informasjon, som til dømes om ein svartebørs der du kan finne godsaker den vanlege butikken ikkje har. Om du står fast, eller berre lurar litt på kva retning du skal gå, kan du springe opp til ein kylling og spørje om vegen. Det er lagt inn enorme mengder med dialog her, for dei seier noko nytt nesten kvar gong, og det er ytterst sjeldan du høyrer den same setninga to gongar. Det blir likevel ikkje heilt overbevisande. Lorne Lanning (skaparen av Oddworld) har så og seie stemmene til nitti prosent av alle karakterane i spelet, noko som blir ekstra tydeleg i byane der alle kyllingane, mann eller kvinne, har nøyaktig same stemme. Fyren gir likevel ein svært overbevisande prestasjon der han pustar liv i alt frå Stranger sjølv til svære grøne beist.

Beveg deg ut av byane og du blir møtt av område som varierar både i størrelse og fasong. Det er ein utruleg variasjon her, sjølv om mange av stadane du reiser til er i same område. Alt har sine spesielle detaljar som vekker verda til live, og dette er med på bestemme opplevinga du får når du spelar. Ta til dømes område der du finn høgt gras. Stranger kan gøyme seg mellom desse, og kaste ut ein chippunk (små skravlebøtter som er ein eller anna avart av gnagarar) framfor deg, noko som lokkar til seg skurkar som hatar desse krypa. Spelar du korta riktig kan du fange mange kjeltringar på denne måten, utan å bli oppdaga. Blir du oppdaga resulterar det i fullt kaos, men det er sjeldan noko som tar lang tid å roe ned.

Stoppskilt? Her?
Eit stykke ut i spelet, skjer det noko som ikkje nødvendigvis er det beste for spelet. Frå å vere eit spel som av og til grensar til snike-sjangeren, blir Oddworld: Stranger’s Wrath brått eit action-spel der dei tidlegare elementa nesten ikkje betyr noko lenger. Du innser at mange av krypa du brukar som ammunisjon er fullstendig verdilause, og du kan like godt gå for den som gjer mest skade, det går fortare. Eit eksempel på ammunisjon som er unyttig i lengda er edderkoppen eg snakka om tidlegare. Kvifor skal du bry deg med å hente ammunisjon til den, når du like godt kan slå skurkane i bakken med eit skot frå det første våpenet du har, eit skot som slår dei i svime og gir deg rikeleg med tid til å fange dei?

Kvar dusør du er på jakt etter medfører ein boss-kamp, og desse varierar i format i like stor grad som områda. Nokre av dei følgjer eit mønster, andre er det berre å storme på av all kraft. Det som etter kvart blir tydeleg, er at i likheit med resten av spelet, endar det opp med reine skytekampar. Etter kvart blir det nesten umogleg å fange dei levande, enten fordi du ikkje har sjangs til å slå dei i svime utan å bli slått i hel sjølv, eller fordi staminaen deira, som må vere tom for at nokon skal bli svimeslått, regenerar seg raskare enn du rekk å skyte noko med stor nok slagkraft. Det er lett å bli litt skuffa, for det som ein gong var eit intelligent spel der du gjerne måtte tenke litt for å nå måla dine, endar opp som eit typisk hjernedødt, men likevel underhaldande, skytespel.

Nei, tydelegvis ikkje
Som ei berg og dalbane tar det seg opp igjen. Brått får du tak i oppgraderingar til ammunisjonen din, og heilt nye typar ammunisjon, noko som atter ein gong klistrar munnvikane til øyra dine. Eit våpen som absolutt må trekkast fram er sniper-våpenet. Du brukar ein slags form for veps her, men det er ikkje poenget. Nå du går inn i kikkertmodus er det som om enda ei ny verd (jada, eg veit eg har brukt det ordet mange gongar no) viser seg for aller første gong. Det er genialt, og kvifor er ikkje dette normen? I staden for å manuelt fokusere på kva det no enn er du vil sjå, gjer kikkerten dette for deg. Du har eit sikte i midten, og alt denne er over blir skarpt, medan alt anna går ut av fokus. Det heile gir dybdekjensle ei heilt ny meining.

Som eit teppe over herlegheita ligg ubetaleleg musikk og lyd. Lydane frå pistolar er som henta frå gamle western-filmar, og eksplosjonane får naboar til å tru det tordnar (ja, faktisk). Det er fantastisk god lyd i spelet, og surround-anlegget du forhåpentlegvis har, kjem til sin fulle rett. Musikken er også som støpt, den skiftar mellom mørke og seige western-strofer ala svartkledd ”gunslinger”, til steintøff rock som driv kampane i gong. Om du er i stand til å halde deg likegyldig til Oddworld etter ein tur gjennom Oddworld: Stranger’s Wrath blir eg oppriktig lei meg.

Konklusjon
Når den første gledesrusen har lagt seg, innser du at dette faktisk ikkje er så veldig mykje meir enn eit typisk action-eventyr. Eit vanvittige pent eventyr, med superb lyd, men like fullt, eit typisk spel. Etter kvart som du har brukt dei forskjellige våpena ei stund, endar du opp med å la mesteparten ligge. Kva skal du med alt dette, når du berre endar opp med å bruke lengre tid på å få has på fienden? Lengre tid, betyr det same som ein større sjanse for å dø, og valet er enkelt. Spelet gjer det mogleg for deg å vere kreativ, men det set deg ofte i situasjonar der kreativitet blir den dårlegaste vegen ut. Det er veldig synd, for Oddworld: Stranger’s Wrath har så mykje positivt. Det går litt opp og ned, og blir kanskje litt langdrygt, men det er uansett eit av dei mest fargerike og festelege eventyra du kan håpe på å få prøve.

Oddworld: Stranger's Wrath

Xbox
Slippdato: 3. mars 2005
Sjanger: Action
Utvikler: Oddworld Inhabitants
Utgiver: Electronic Arts

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen