Anmeldelse

Onimusha 3: Demon Siege

Tidsreiser mellom Paris anno 2004, og det føydale Japan er utgangspunkt for den tredje delen av Onimusha-serien. Guildenstern er på ferde igjen, og som eit resultat byttar Jacques Blanc og Samanosuke Akechi plass i historia. Det er på tide med plotthol og forvirring.

Side 1
Side 2

Gode, gamle kameraproblem Eit stykke ut i spelet får du sjansen til å spele som Michelle, kjærasten til Jacques, og sannsynlegvis den politibetjenten med størst kløft så langt i historia. For å gjere inntrykket av denne opplevinga kort har eg ein ting å sei: Dino Crisis 3. Å springe rundt med skytevåpen når du ikkje ser målet ditt kan vere ei forferdeleg oppleving, og Onimusha 3 er til tider plaga av dette problemet. I tillegg har Michelle ein lei tendens til å skulle ta alle flygande monster først, sjølv om ein enorm gjenfødt gorilla med gimp-maske brukar deg som hoppeball. Slike situasjonar oppstår nesten berre når du spelar med Michelle, noko som gjer det enda betre at ho er ein så pass liten del av spelet.

Kameraproblem til side, Onimusha 3 ser fabelaktig ut. Både karakterar og monster er godt animerte, samtidig som dei er godt modellerte. Områda er linære, men er forma på ein måte som ikkje lurer deg til å tru at du kan gå til utilgjengelege område. Likevel ser det ikkje trangt ut. Du ser kvar du kan gå, og du skjønar kvar du ikkje kan gå. Du får aldri den mugne følelsen av å vere låst inne i eit glashus. Det som imponerar mest med grafikken i Onimusha 3 er når vi befinn oss i Japan. Skogane og naturområda ser fantastiske ut, og det svært overbevisande vatnet skadar heller ikkje.

Sa nokon kjend fransk skodespelar? Aller først vil eg lufte litt frustrasjon med omverda. Har du høyrt noko som helst om Onimusha 3, har du kanskje fått med deg att Jean Reno lånar vekk seg sjølv til politimannen Jacques Blanc. Fyren har både dame og son, men Guildensterns planar skiljer han ganske brått frå familien. Eit skilje på røft anslått 500 år. Problemet her er vel eigentleg først og fremst at alt er fryd og gammen i byrjinga av spelet. Jacques snakkar fransk, Samanosuke og andre japanarar snakkar engelsk. Vel, heilt inntil spørsmålet om tid trer i kraft. Etter kort tid byrjar Jacques å snakke engelsk fordi, ja, no kan jo alle brått forstå kvarandre. "Kva er problemet?", tenker du kanskje. Problemet er at så fort Jacques snakkar engelsk er Jean Reno si rolle i spelet effektivt over.

Når du først skal bruke eit kjent namn i eit spel er det kjekt om ein utnyttar det. Dei fleste som har sett ein film eller to med denne herremannen veit utmerka godt at fyren kan snakke engelsk utan problem. Kvifor er det då ein ukjend B-skodespelar som livnærer seg på snakke inn replikkar til Command & Conquer som tek over jobben til Hr. Reno? Frå fransk til ekte amerikansk på sekundar. Jacques har ikkje ein gong eit snev av fransk aksent. Det heile bryt stemninga ganske brått. Ein skulle tru Onimusha 3 var eit stort nok prosjekt til at i alle fall franskmenn høyrest franske ut, og japanarane ikkje var frå solfylte strender i California.

Sjølv om du aldri trur på det Jacques seier, har lydbiletet mange gode kvalitetar. Så og sei alt har sine lydar. Er du på ein båt, kan du høyre overbevisande knirking som høyrest så bra ut at du lurer på om huset fell saman. Har du tilgang på eit surround-anlegg er dette absolutt å anbefale. Onimusha 3 utnyttar PlayStation 2 sine moglegheiter til smertepunktet, og gir ei fantastisk oppleving. Samtidig er musikken akkurat der den skal vere, og temaet varierar etter kven du spelar som, og kva tidsalder du er i.

Konklusjon Onimusha 3 byr på ei verdig avslutning på ein av dei store seriane i PlayStation 2 sin historie. Historia skrur seg i høggir, og er meir absurd enn nokon gong. Likevel, historia er vel ikkje det viktigaste i spel som dette. Den blir meir som ei betryggande støtte. Noko som fortel deg at du ikkje har det moro utan grunn. For det er sjølve kampsekvensane som er hjarte og sjela til Onimusha 3. Tempoet er høgre, og kontrollane hakket meir presise enn før. Introduksjonen av Jacques Blanc er likevel det som stel showet. Forutan han hadde spelet blitt eit fullstendig ordinert action-spel, eit kurant action-spel, men ikkje meir. Heilt suverent blir det uansett ikkje. Det held seg bra heile vegen gjennom, men du blir aldri nagla til skjermen slik ein kanskje skulle ynskje. Men for all del, underhaldning er det. God underhaldning.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden