Anmeldelse

Panzer Dragoon Orta

Om du berre synest dei er litt småtøffe, eller du synest dei er det einaste verdt leve for, så kan ingen med handa på hjarte sei at dei hatar dragar. Desse mytologiske beista har pirra fantasien til små og store i uminnelege tider, og dei har dukka opp i like mange versjonar som Nokia-telefonar. Vanskeleg å halde styr på med andre ord. Ein ting er sikkert, i Panzer Dragoon Orta får du sjå dragar slik du aldri før har sett dei.

Side 1
Side 2

Eit visuelt mesterverk
Om du går til anskaffelse av PDO, er noko av det første du bør gjere å sette deg ned og sjå kva som skjer på skjermen. Sug inn inntrykka av eit av dei mest imponerande spela som er laga dei siste åra. Dei fleste spel lid av at dei raskt blir einsformige, du møter dei same fiendane heile tida, og dei same omgivnadane møter deg kvar du enn går. Ikkje PDO. Etter kvart som du reiser gjennom dette eventyret vil nye inntrykk slå mot deg som ein ganske kraftig høstvind. Det som kanskje imponerar mest er at Smilebit har prestert å få all denne grafiske herlegheita til å gli så flytande og plettfritt, at det ikkje ein einaste gong er dei minste tendensar til treig framrate. Dette er eit tydeleg teikn på at nokon har gjort jobben sin. Mange tidlegare spel til Xbox har demonstrert at litt hakking er vanskeleg å unngå så snart det byrjar å skje litt på skjermen.

I PDO kan fleire titalls skip kome susande mot deg, medan rakettar kjem mot deg frå alle kantar. Alt saman skjer medan du flyg gjennom til tider ganske detaljerte område i svært høg fart. Du får verkeleg følelsen av å vere i ein krig, der det er deg mot alle. Det er ikkje berre grafikken i seg sjølv som trekker det visuelle opp, den kreativiteten Smilebit har lagt in i designet av PDO gjer spelet til like mykje til ein visuell opplevelse som eit spel. Frå den levande øya i byrjinga til dei surrealistiske korridorane eit stykke ut i spelet, er det tydeleg at nokon elskar den jobben dei har. Om ein skal vere veldig pirkete, så minnar kanskje imperiets dragar litt for mykje på dei velkjente Aliens frå filmane med same navn, noko som lett kunne ha vore unngått når ein ser på alle dei andre sære skapningane i dette spelet.

Ei heftig oppleving
Grafikken i PDO demonsterar kva som er mogleg med den teknologien vi finn i dag, og fører oss galant inn i framtida. På lydsida har Smilebit angripe saka frå ein litt anna vinkel. Frå lydane på menyane, til musikken, er det lett å få ein følelse av tidleg 90-tall, og midi-musikken som herja konsollane på den tida, men dette gjer ingenting. Dei nydelege melodiane, og dei fantastiske lydeffektane beviser at ingenting har blitt gløymt under utviklinga av PDO. Til tider druknar faktisk musikken i lyden av alt som foregår på skjermen, og det er bra, for når det blir ført så hektisk krigføring er det klart at lydane er nødt til å vere voldsame. Eksplosjonar og skrik frå dragar som har sett sine dagar står perfekt til kvarandre. Dessverre har vi ikkje hatt anledning til å teste spelet med 5.1 lyd, men av det inntrykket to enkle høgtalarar skrudd opp eit par hakk over det normale gir, er det lett å teikne eit bilde av ein massiv opplevelse.

Som vi kom inn på tidlegare tener du poeng etter kvart som du kjem deg lengre inn i spelet, og når du gjer ferdig eit brett kan du få tilgang til nye features i Pandoras Boks. Pandoras Boks er ei samling med alt det ekstramateriell du skulle ønske. Her vil du finne detaljerte opplysningar om alle små og store element i PDO-verda. I tillegg vil du finne mange ekstrabrett som viser deg historia frå andre perspektiv. Best av desse er kanskje historia til den vesle guten Iva, som får heile tilværelsen sin snudd på hovudet når faren får eit ublidt møte med Orta og dragen. Det som kanskje vil glede dei fleste, er nok likevel det faktum at det originale Panzer Dragoon blir tilgjengeleg her, i all sin prakt. Praktisk talt får du to fulle spel for prisen av eit. Sjølv om det originale Panzer Dragoon har fått nokre år på seg, skulle nok ikkje det stoppe mange frå å nyte denne godbiten.

Konklusjon
Der er eigentleg ingen god grunn til la denne tittelen ligge urørt. Det er eit av dei spela som gir meir og meir, heile vegen frå start til slutt. Når spelet er over, er det likevel meir å gjere. Med mange tilleggsbrett og ekstramateriell, kan du halde på med dette spelet i lang tid før du går lei. Det er og eit spel som du kan spele om igjen fleire gongar utan å gå lei. Det er lett å kome inn i, og det blir aldri kjedeleg, sjølv om du alltid sit på ryggen til ein drage, og gameplayet stort sett er det same heile vegen, bidrar den store variasjonen i fiendar og område til at det aldri blir einsformig eller kjedeleg. Det einaste minuset som kan tenkast er at det ikkje støttar fleirspelarmodus. Å linke saman fleire Xbox-maskiner, eller spele det over Xbox-live, som forhåpentlegvis snart kjem til våre breddegrader, burde kunne dra levetida ut i det uendelege. Kort fortalt, Panzer Dragoon Orta er eit meisterverk, det er underhaldane, engasjerande, og rett og slett ein nytelse å spele. Om du er litt usikker på kva det neste spelet som skal innlemmast i samlinga di heiter, treng du ikkje leite lengre. Det er Panzer Dragoon Orta.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden