Sniktitt

Perfect Dark Zero

Perfect Dark Zero var merkeleg fråværande frå både Xbox sin pressekonferanse og Xbox-området på E3. Bak lukka dører fekk vi ein nærmare kikk.

Vårt glimt inn i Joanna Dark sine nye eventyr, som før øvrig er satt tre år før hendingane i det første spelet, var basert på ein åtte veker gammal versjon av spelet. Spelet er ein alpha-versjon, og køyrer på ein tredjedel av Xbox 360 si fulle kraft. Med dette i betraktning er det lett å bli imponert av kva Rare har fått til med oppfølgjaren til Perfect Dark til Nintendo 64. Spelet ser allereie enormt bra ut, og det er ærleg talt veldig vanskeleg å forstå kvifor Microsoft ikkje promoterar dette heftigare. Det knuser Kameo: Elements of Power fullstendig, nok eit spel Microsoft ikkje har hatt noko problem med å vise fram.

For å få fram denne imponerande grafikken er det ein del triks og lureri med i bildet. Ein relativt ny teknologi som går under namnet "parallax mapping" blir brukt for å gi ein illusjon av tredimensjonalitet som får tidlegare mapping-teknologiar til å sjå ut som leiketøy på barnehagestadiet. Rare demonstrerte korleis du kan sjå alle sidene av steinane på bakken, sjølv om ingen av dei er modellert med polygonar. Bakken er heilt flat, noko som er veldig vanskeleg å sjå, sjølv om ein veit korleis det eigentleg er. Ei anna effekt Rare har brukt i Perfect Dark Zero er bevegelsesuskarpheit som verkeleg gir ein ekstra dimensjon til spelet når du spring rundt på jakt etter fienden.

Store slag over Xbox Live
Vi fekk ikkje demonstrert noko som helst frå historia, Rare tok heller ein gjennomgang av kva fleirspelardelen av spelet har å by på. Alpha-versjonen av spelet støttar for tida femti spelarar, og Rare er overbevist om at det ikkje kjem til å bli noko problem å auke dette talet til sekstifire. Smak litt på dei tala. Sekstifire spelarar er fire gongar så mykje som kva du kan oppleve i Halo 2. Bretta i Perfect Dark Zero er naturlegvis av ein størrelse som kan romme eit slikt antal med spelarar. Eit brett er gjerne delt inn i fleire område. Du har basar, opne område, og gangar gjennom korridorar. Ting blir fletta saman for å skape eit samanhengande, og enormt miljø, der du hensynslaust kan skyte ned dei som er dumme nok til å tru dei kan bråke med deg. For å unngå forvirring, vil alle fiendane dine vere raude, medan ditt lag er grønt.

Det er to modusar i spelet: Standard "deathmatch" og noko Rare har valt å gi namnet "dark ops". "Deathmatch" byr på det meste vi alle kjenner. Her finn vi scenario der alle spelar mot alle, "capture the flag" og ellers det ein etter kvart forventar frå ein slik tittel. "Dark ops" er noko litt anna. Her går spelet i runder, og alle har kun eit liv per runde. Litt inspirert av Counter-Strike, og ein meir taktisk modus der du gjerne må samarbeide. I alt har kvar modus seks forskjellige scenario du kan bryne deg på. Tolv forskjellige scenario er ikkje dårleg, men vi fekk ikkje noko spesifikk informasjon om i kva grad du kan skru på desse etter dine eigne behov. Du vil også finne teleporteringssonder rundt om kring på bretta. Ved å aktivere desse vil du kunne raskt kome deg fram til hektiske område, noko som er veldig greit med tanke på størrelsen på bretta.

Perfect Dark Zero er eit førstepersons-skytespel, men Rare har lagt inn nokre element som du ikkje finn i så mange slilke spel. Til dømes kan du ikkje hoppe i spelet. Om du skal opp ein kant, treng du berre gå mot den, og du vil automatisk klatre opp utan å måtte trykke inn nokon knapp. I staden for å hoppe, kan du rulle til sida. Dette er noko Rare har gjort fordi dei meinar dette er meir realistisk enn ein gjeng med kaniner som sprett bortover ein bakke. Å rulle har sine positive, og negative sider. Du kan riktignok lettare unngå kuler, men om ei kule treff deg medan du rullar, tar du større skade.

Aldri meir camping?
Det er eit anna element som er lagt inn i spelet for å lettare kunne unngå kuler. Kor mange gongar har du irritert deg over ein ein fyr med kikkertsikte som ligg og kosar seg på ein plass ingen kan nå, og som veit nøyaktig kvar du er? Prøvar du å stikke hovudet fram, får du kjenne det, og situajonen er gjerne håplaus. Her har Rare gjort det mogleg å sjå karakteren din frå tredjeperson. Du vil då kunne sjå mannen med rifla. Medan du ser deg sjølv i tredjeperson kan du sikte på fienden og når du trykker av for å skyte, vil du kunne skyte utan at fienden ser deg først. Om du er av den oppfatning av at dette vil gjere spelet for enkelt, bør du vere klar over at dette gjer deg ute av stand til å sjå om nokon snik seg inn på deg frå andre kantar.

Alle våpen i spelet tar opp plass i inventaret. Du har fire plassar, og eit våpen tar frå ein til tre plassar. Små våpen tar gjerne opp kun ein plass i inventaret. Eit maskingevær tar opp to plassar, og større våpen som til dømes ei rifle eller ein rakettkastar tar tre. Størrelsen på våpna du har vil også påvirke kor rask du er. Er du tungt belasta vil du som ein naturleg konsekvens springe treigare. Alle våpen har sekundærfunksjonar, og nokre våpen har ein tredje funksjon. Desse kan variere frå å legge ut miner som reagerar på bevegelse, skanner som avslører fiendar og kan sjå gjennom veggar, eller ein hendig funksjon som kan gjere deg usynleg.

Våpna vil også gi synleg skade. Du mistar rustning etter kvart som nokon skyt på deg. Dette vil du kunne sjå på karakteren din, ved at dei forskjellige delane av rustningen fell av etter kvart. Når du får skade blir denne permanent, og kan ikkje regenererast. Om du kan plukke opp helsepakkar fekk vi ikkje noko klart svar på.

Det var ein svært overbevisande presentasjon vi fekk av Perfect Dark Zero. Spelet er fortsatt langt frå ferdig, og med tanke på at det vi fekk sjå er eit spel som køyrer på ein tredjedel av den krafta Xbox 360 er i stand til å prestere, er det lyse ting i vente. Perfect Dark Zero er satt opp som ein lanseringstittel frå Microsoft, men dette er eigentleg noko du bør ta med ei solid klype salt. På nærmare spørsmål om lansering, blei folka frå Rare tydeleg ille berørt, og ein latter sa eigentleg meir enn orda deira: "Du kjenner oss."

Siste fra forsiden